På barneheim i Bolivia!

28.04.2008
På barneheim i Bolivia!
jesus maestro

Sidan august har Marita Usken frå Hommersåk og Marianne Apeland frå Bjerkreim jobba på barneheim i Bolivia, nærare bestemt i storbyen Cochabamba, som ligg 2500 m.o.h.

Det største problemet var språket. Dei forsto lite av det ungane sa. Dei to første månadane vart difor travle med språkskule på føremiddagen, og leksehjelp og aktivitetar om ettermiddagen. Det gjekk greit når leksa var mattematikk. Tal er i alle fall like på alle språk. Språkskulen betalte dei sjølv, likeiens biletten til å frå Bolivia. Dei har ein liten leilighet i lag. Den ligg i andre etasje på barneheimen. Her har dei nydeleg utsikt over byen. Middag et dei saman med ungane, men resten av maten steller dei til sjølv.

Mange søkjer om plass
Barneheimen blir dreven av Hanne Baardseth og Gladys Espinosa. Dei starta opp med tomt, fekk så bygd eit hus, og etter kvart har dei bygd eit til. Marianne og Marita bur i det nyaste huset.
Dei yngste barna er 4 år, og dei eldste er tenåringar. Mange er heilt uten familie, men nokre av dei har slektningar dei kjenner. De reiser på besøk til slektningane sine når dei har sommarferie. Etter ferien dette året var det mange nye barn som søkte om plass. Det er alltid vanskeleg å finna ut kven som treng plassen mest. Det er ikkje mulig å ta inn alle.

Det hjelper
Marianne og Marita fortel om ei lita jente som kom etter ferien:
- Ho var understimulert, og kunne knapt gå. Dei første vekene måtte dei bera henne når det var noko ho skulle. Men nå har ho begynt å gå sjølv. Ho har blitt trygg og blomstrar opp. Det er kjekt å sjå ei slik forandring i livet til ei lita jente. For nokre veker sidan fekk dei inn ein ny gut på sju år. Han er ennå i tilvenningsfasen og prøver ut grenser. Mora hans døydde då han vart fødd, og nå var bestemora også død. Han har ei syster på 16 år, men det er ikkje så enkelt å ta seg av ein lillebror når ho sjølv må gå på arbeid kvar dag. Så difor fekk han koma inn på barneheimen.

Vaskar for hand
På barneheimen har alle barna sine plikter, for eksempel må dei vaska sine eigne klede.
Lille Priskilla på sju år når ikkje opp til vaskekummane, så ho seg ofte på kanten og vaskar.
Ho får ofte litt hjelp av Marianne eller Marita; det er greit å vaska i lag.
Men kvifor kjøper dei ikkje like godt vaskemaskin på barneheimen då?, spør du kanskje.
Det er fordi borna kjem til å måtta vaska kleda for hand når dei blir store! Det er ikkje lurt på ein barneheim å laga eit opplegg som ikkje er reelt for borna i framtida.

Mykje å læra
Kva kan så to unge jenter frå Norge læra av å jobba på ein slik barneheim ? For det første har dei funne ut at me har det veldig godt i Norge. Dessutan er det nyttig å leva i ein annan kultur der ein må ta omsyn til at me tenkjer ulikt om mange ting. For eksempel at du ikkje kan ta så mykje mat du vil på tallerkenen, og du må likevel eta opp. Sjølv om du kan synast synd på ungane på barneheimen fordi dei har lite, og fordi dei ikkje har ein familie å bu saman med, så har dei det likevel betre enn mange av klassekameratane sine, som i mange fall kjem frå vanskelege familieforhold.
For Marita og Marianne er tida på barneheimen snart slutt, og dei reiser snart heim. Dei har ikkje blitt rike på pengar, men rike på erfaringar av mange slag. Ein av dei siste erfaringane var fjellturen saman med dei største barna. Turen gjekk opp til Cochabambadalens høgaste, Tunari, 5000 meter over havet!

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...