Planar om kajakkhus

05.08.2013
Planar om kajakkhus
Trond Arild Erga

På Gunnarsberget møtes medlemmane i Jæren kajakklubb kvar måndag og torsdag. Med 115 medlemmer er det på høg tid å få eit eige klubbhus, meiner Trond Arild Erga, som er styremedlem i klubben.


Ein er i kontakt med naturen når ein sit i ein kajakk som glir gjennom stille vatn. Padlar ein saman med andre, er det også sosialt. Jæren kajakklubb har både dagsturar og familiedagar i sommarhalvåret. Då går dei gjerne i land og grillar.
-Men padling er også god trening for heile kroppen. Eg er i kategorien «feit 50-åring». Dessutan er eg eineståande, seier Morten Ruud, som har amputerte det eine beinet.
-Kajakkpadling er ein god måte for meg å halda meg i form. Me har fleire i klubben som manglar eit bein, og me har hatt aktive padlarar som har vore lamme frå livet og ned. Dei yngste som har vore med var tre år gamle, og me har andre som er godt oppe i åra, fortel han.
Kriteria for å bli med i klubben er at ein må vera 10 år og symjedyktig, eller vera med føresette.
-Det er eigentleg ingen krav til tryggleik. Kven som helst kan kjøpe ein kajakk og setje i gang, men i klubben legg me vekt på at det skal vera trygt. Me vil at det skal vera fleire til stades og før sesongen startar samlast me til kurs i basseng innandørs. Folk skal vite litt om korleis det kjennest å mista kontrollen, og dei skal kunne takle det utan å få panikk, seier Trond Arild Erga.

Planar om hus
Det er 11 år sidan klubben vart starta. Dei har ikkje drive noko form for marknadsføring, men har i dag 115 medlemmer frå heile Jæren og Sandnes. Basen til klubben er på Gunnarsberget på Klepp Stasjon – med Frøylandsvatnet som den vanlegaste utferdsstaden. Klubben har lenge hatt planar om eige hus. Dei satsar på at det kjem på plass i løpet av dei første to-tre åra.
-Det er ting på gang. Me har funne ei tomt som passar til formålet, men jernbana passerer ganske nær og me treng å bli samde med jernbaneverket om ein parkeringsplass. Klubbhuset kostar 2 millionar, og skal byggjast med tippemidlar. Det gjer at klubben må stille med ein tredel av kostnaden i form av sponsormidlar og dugnadsinnsats, seier Arne Sæbø.
Trond Arild Erga meiner eit klubbhus vil bidra til større aktivitet i klubben.
-Me har eit godt utval av kajakkar i dag, og har til tider grupper som leiger kajakkar og instruktør. Den type verksemd vil også vera enklare når klubbhuset er ferdig, meiner han.

For heile familien

Måndagane er det dei litt meir erfarne som padlar saman, og då gjerne litt lengre turar. På torsdagar er terskelen lågare og turane kortare og enklare. Kajakkpadlarane legg mest vekt på det sosiale ved å treffast og padle saman, men tilbyr samtidig god trening.
-Torsdagane er for dei som gjerne vil prøve kajakkpadling. Sporten passar for alle – uansett alder. Me fokuserer mest på kajakkpadling som friluftsaktivitet og kos. Sjølve turen er ofte det viktigaste. Det er ingen elitesatsing i Jæren kajakklubb, og det varierer kor aktive medlemmene er, seier styremedlem Trond Arild Erga.

Prøv før du kjøper
Mange av medlemmene i klubben har eigne kajakkar, men det er også mange som brukar klubben sine. Trond Arild Erga meiner det er viktig å teste litt før ein kjøper eigen kajakk.
-Det finst mange forskjellige typar, og dei er tilpassa til forskjellige former for padling. Alle bør prøve seg litt fram før dei bestemmer seg for kva dei vil ha. Ein god kajakk kostar gjerne frå 8.000 – 10.000 kroner og oppover. Ein bør vite kva ein kjøper, seier Erga.
Sjølv om Frøylandsvatnet er den vanlege utferdsstaden, har Jæren kajakklubb også turar både på sjøen og på andre vatn. Ein tur på sjøen gir heilt andre utfordringar og andre krav til både kajakken og den som sit oppi.
Jæren kajakklubb har medlemmer som er godkjende instruktørar. Dei held grunnkurs i padling. I vår var det 10 deltakarar på kurset. I august er det kurs med 10 nye.
-Det kjem mange nye som prøver seg kvart år. Slik sett er rekrutteringa god, men utfordringa er å halda på dei, meiner Trond Arild Erga.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...