”Til Topps” med Røde Kors

13.09.2010
”Til Topps” med Røde Kors
En stor og motivert gjeng var samlet for å ta seg til Norges høyest punkt, Galdhøpiggen.

Femti deltakere fra Rogaland deltok i år i ”Til Topps”. Femten kom fra Karmøy, og en av dem var leder av Karmøy Røde Kors Omsorg, Anne Ferkingstad. Sammen med mannen Kjell og Synnøve Sandhåland fra Røde Kors, fikk de med seg til sammen tolv flyktninger fra Eritrea, Butan/Nepal, Somalia, Etiopia/Oromo og Polen. Bare et fåtall hadde vært på en slik tur før. Her forteller hun om turen:

Klede og sko måtte vera skikkelig. Då nesten ingen hadde fjellsko og overtrekksbukse fikk Røde Kors handla inn dette til ein rimelig penge. Astrid Ø. Røthing var reiseleiar og med Lars, verdens blidaste bussjåfør, så var me i gode hender. Ingen av deltakarane har sett så mykje av Noreg før, så det blei fort stille i bussen. Ein liten stopp med Låtefoss måtte me ta. Ein foss var ei ny oppleving. Turen første dag gav eit lite innblikk i kor mykje fin natur me har i Noreg. Voss viste seg fram frå si beste side, men me skulle vidare til Lom. Sjåføren valde å køyra om Vikafjellet. Me kryssa Sognefjorden på Vangsnes, og så var det over Sognefjellet. Å køyre gjennom dette i det nydelege sommarværet blei ei fantastisk oppleving for alle, og det blei mykje fotografering. På kvelden var det kulturfest i Lom for alle deltakarane i Til Topps. Her fekk me god mat, og me trefte andre frå heile landet som hadde same målet som oss. Her var god det underhaldning, og det blei mykje musikk. Til slutt dansa me alle saman til hip hop artisten Stella Mwangi sine rytmer.

 

Laurdag, den stor dagen

Veret var flott. Me hadde frukost og smurte nistepakke. Det tok 45 minutt å køyra til Juvasshytta som me skulle gå frå. Då 700 mann skulle gå turen denne dagen, fekk me frå Rogaland tidspunktet 10.15 for vår utmarsj. Oppe ved Juvasshytta blåste det kaldt, så alle måtte ha med hanskar, lue, skjerf og godt med drikke. Og det som skulle vise seg som det viktigaste: Solbriller og godt med solkrem! Sikkerheita er viktig, og alle måtte ta på selar som skulle brukast då me skulle over breen. Me fekk kvar vår  kvikklunsj, og var klare for tur.

 

For tungt for nokre

Langt der opp kunne me sjå Galdhøpiggen. Lange rekker av folk var på vei opp, og me såg at dette ville bli hardt. Den siste biten var bratt.  Då det hadde vore mykje snø i fjellet var det snø heilt frå Juvashytta. Dei som var tyngst i gruppa fekk vanskar  frå staren av. Dei trødde gjennom snøen der dei fleste andre gjekk oppå. Ved fyrste høgda fekk dei anbefaling frå breføraren om å snu og hellar gå turar rundt hytta den dagen. Me andre fortsette til me kom på kanten av Styggebreen som skulle kryssast. Her blei det ein pausen mens tau blei lagt ut og alle blei knytte saman.

 

Fin Styggebre

Styggebreen var faktisk fin den dagen. Me møtte blinde Tahir Hussain og hans ledsager, Vidar Børe, samen med Sven Mollekleiv og Børge Brende, president og generalsekretær i Røde Kors. Dei var på veg ned. Utsikten var heilt ubeskriveleg, og været var nydeleg. Det var varmt å fint på Noregs tak, og heile Jotunheimen låg rundt oss. Me var nå på 2269 meter høgde. Den siste biten på ein kilometer var 200 høgdemeter, og det var bratt og ulendt. Fleire av deltakaren hadde nå nådd sin topp og stoppa her. Eg var sliten og såg med skrekk og gru på den smale bratte kammen som skulle forserast, hadde mest lyst til å stoppa der. Men mine eritreiske venner sa nei, me må prøva litt til. Så det bar i veg, og me kom oss over steinura.

 

Ein bratt bakke igjen til topps.

Alle som var på veg ned oppmuntra oss. Så då gjekk me på, eg, Saba, Tsega, Meley og Bereket. Me møtte bussjåføren Lars, og saman klarte me å nå toppen. Då var me slitne. Då eg mottok min diplom og nål, kom Achmed frå Somalia smilande: ”Anne, eg vil gå neste år og”, sa han. ”Ikkje eg”, var nok mitt svar. Toppen av Galdhøpiggen i det flotte været var ubeskrivelig. Mange bilde blei tatt, me hadde ein god matpause, og så bar det ned igjen. Vel nede fekk med oppleva det nest beste på turen: å få gå på do. Då var klokka blitt 18.30.

 

Eg blei motivert

Vel tilbake til Nordal turistsenter fekk me ein god dusj og ein god middag. Me blei sitjande ei stund ved middagsbordet, men på campingplassen var dei i full gang med fotballkamp med lag frå alle nasjonar. Dei som hadde gjort vendereis tidleg på turen var nå midt i kampen og alle var venner. Der kom nokre tårer då,  men føtene var ikkje klar for fotball på det tidspunktet. Det å ha nådd toppen av Galdhøpiggen med denne gjengen var ei ubeskrivelig oppleving. Samtidig så gjorde den  meg litt audmjuk. Eg hadde tenkt å motivera dei til topps, men det viste seg at det var eg som blei motivert. Eg hadde aldri nådd toppen utan mine Eritreiske venner.

 

Grensesprengande pusterom

Presidenten i Noregs Røde Kors, Børge Brende, seier: - For meg dreier ikkje integrering seg om å seie kom til oss og bli med oss, men kom til oss så blir me litt som kvarandre” Alle hadde sitt mål, og alle nådde sin topp. Alle hadde ei helg som dei aldri har hatt før. Det å få visa dei det flotte landet vårt var like stort som å nå toppen. Det å få sjå at dei fant nye venner, sprengde nye grenser, at me kunne være i lag på ein tur, og at dei fekk ein tur og eit pusterom i ein vanskelig kvardag var og stort. For alle har si historie, sine bekymringar og me klarte å gi dei ei fri helg. Mange spør, skal me gå turen neste år og? Eg veit ikkje om dette blir arrangert neste år. Eg veit heller ikkje om eg klarer å nå toppen ein gong til. Men skulle det bli eit arrangement, håper eg at fleire frå Rogaland tar utfordringa og blir med både for turen sin skuld, men ikkje minst for å få oppleva det fine samhaldet.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...