Eit skråblikk på livet

01.09.2023
Eit skråblikk på livet
Lyrikkforlaget
Inni er det annleis

Dei fleste av oss ser dei same folka, dei same stadene og dei same tinga dagleg. Alt er ikkje som det ser ut. «Inni er det annleis» er eit ord-periskop som gjev oss nye vinklar å sjå det vante ifrå.

For debutanten Ola Hausberg var det ein av dei store overgangane som gav ny kraft, slik at dei snodige funderingane blei formulert i små aforismar og dikt.

– Eg blei pensjonist og uroa tok overhand. Med ledig tid, blei skrivinga og meir reine dikt. Tilbakemeldingar på at det eg skreiv var spanande, fekk meg på ideen om å prøve det for eit forlag. Tanken på å få det vurdert av nokon utafor familie og vener, var lokkande, det ville væra fint å få sjekka om det var for andre å lesa. Overraskinga var stor då tilbakemeldinga var positiv, seier Hausberg med eit smil.

 

Kva var det som førde deg inn i lyrikksjangeren?

– Eg har gjennom yrkesutøvinga mi vore oppteken av språk for å kunna uttrykkje meg konsist og korrekt, fortel den tidlegare revisoren. - Kvart ord og formulering burde ha ei mening for samanhengen. Så ligg det nok og for meg å vere ein observatør og kanskje ein grublar. Ofte har eg hengt meg opp i kvardagslege forhold som, når ein tenker etter, kan virke snodige og rare. Eg har opp gjennom åra skrive ned slike funderingar, dels som ein slags aforismar, dels meir som dikt. Fram til det no vart bok, har eg gjerne lese dei høgt i sosiale samanhengar.

 

Det er sjeldan vare med revisorar som skriv dikt, så fortel oss litt meir om bakgrunnen din.

– Eg fødd i 1951 på Sotra, der foreldra mine kom frå, seier Hausberg då.

– Det meste av barndomen budde me på ein fjellgard på vestsida av Sørfjorden i Hardanger. Der vaks eg opp saman med foreldre og seks søsken. Som ung gut flytta eg for å gå på realskule. Til slutt enda eg opp i Sandnes med kone, tre barn og etter kvart sju barnebarn. Her har eg har vore statsautorisert revisor i eige firma, og her bur me framleis.

 

Fortel oss litt om boka, «Inni er det annleis»?

– Livet består av ei rekkje tilfeldige hendingar, jamfør mi eiga historie. Dikta er enkle, men ofte uventa, skråblikk på livet, og like mykje aforismar som dikt, gjentek Hausberg og tenkjer seg om.

– Det er ei blanding av mange ulike situasjonar, tenkt eller opplevd gjennom eit langt liv. Ved å stokka om og flytta på rekkefølgje kan boka bli ein tråd som kan følgjast.

 

Du deler denne gleda av å skrive dikt med ganske mange. Når du har lese dikta dine høgt, kven er det som likar å høyre på?

Ola Hausberg lukker auga og ser ut over sitt indre publikum før han svarar på det.

– Eg trur alle som synes at livet er spennande og til tider uforklarleg, og dei som lever greitt med at grubleriar ofte gir fleire spørsmål enn svar.

Han er mindre oppteken av å gruppere publikum etter ytre kjenneteikn, som alder eller kjøn.

– Tema i boka er ei fylgje av humor, grubling, kjærleik og undring, slikt som svingar innom oss alle som lever.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...