Frå hest og landbruk til mat og musikk

29.05.2012
Frå hest og landbruk til mat og musikk
Delikatesser

Om to år er det hundre år sidan Timemarknaden vart etablert. For 53 år sidan fekk den namnet Jærdagen, og levde vidare som det. Men innhaldet har forandra seg mykje på 98 år. Og arrangørane har tankar om fleire forandringar.

Jærdagen og Jærnåttå samlar årleg 50.000 besøkande i Bryne sentrum. Arrangementet er det klart største på Jæren. Vêrgudane møtte årets Jærdagen med opphaldsvêr og sol, men bitande kald vind. Perfekt, meiner festivalgeneral og dagleg leiar i Brynebyen, Christian Stabel.

-Det er for kaldt til å sitje heime i hagen, men likevel med solskin når folk går rundt i gatene. Betre kan det ikkje bli, seier han med eit glis.

 

 

Meir urbant

Timemarknaden vart i si tid etablert som ein hestemarknad, og slik fungerte marknaden dei første 45 åra. Sist på 50-talet var hesten på veg ut som gardsarbeidar, og Timemarknaden hadde krympa til eit lite arrangement. Landbruksrelatert industri var det nye satsingsområdet på Jæren, med plog- og reiskapsfabrikkar og automasjon og robotstyring. Dette vart det nye hovudfokuset for Jærdagen. Landbruk, landbruksreiskapar og –maskinar. Og slik var det i mange år, inntil Jærdagen flytta frå stadion og inn til sentrum.

-Folk vil ikkje betala seg inn på eit messeområde. Dei vil gå rundt i gatene, treffa kjende og få opplevingar, mat og underhaldning. Me vil ha høg kvalitet på det som blir bydd fram. Det er viktigare enn talet på utstillarar. Ballongseljarar og tivoli er flytta ut or sentrumsgatene og etablert på eit eige område som er attraktivt for dei minste. Og bruken av bygatene som festivalområde gjer også at det er råd for butikkane å flytte varene ut og ta gata i bruk. Det skapar eit godt miljø under Jærdagen, meiner Stabel.

 

 

Meir lokal mat

Fokuset på landbruk er ikkje like sterkt som det har vore. I fjor gjorde arrangørane av Jærdagen ein vri tilbake mot landbruket. Men i staden for å vise fram maskinar og utstyr, valde dei å by fram mat basert på jærske råvarer i Madgadå. Madgadå var ytterlegare utvida i år, og Christian Stabel meiner fokuset på lokal mat vil bli større framover. Både på Jærdagen og elles.

-Mat har blitt viktig på Jærdagen. Jærdagen er eit godt høve til å vise fram alt det som blir produsert på Jæren. Lokal, kortreist mat er etterspurde varer. Det er mange produsentar som lagar spennande og spesielle ting. Mangfaldet blir presentert på Jærdagen. Dette vil bli stadig viktigare for Jærdagen i åra som kjem, seier Stabel.

-Men det bør også vere råd å få til eit hus som sel dei spesielle, lokalt produserte matvarene resten av året. Det er eit slikt hus i Oslo, men matfatet er her på Jæren. Eg håpar at samarbeidet om Madgadå på Jærdagen kan vekkje tankane om at utstillarane kan få til noko saman også utanom Jærdagen, legg Stabel til.

 

 

Eksotisk, men lokalt

Tanken om å etablere Madgadå oppsto etter at den omreisande, internasjonale matutstillinga som presenterte tradisjonsrike rettar og lokale varer som ostar, spekepølser og bakarvarer med høg kvalitet frå ei rekkje europeiske land, vart eit populært innslag på Jærdagen. Christian Stabel vil behalde og vidareutvikle Madgadå, men ønskjer også at Jærdagen skal vere ein arena for å samle det lokale og det internasjonale på komande arrangement.

-Jæren er det lokale matfatet, men samtidig er Bryne ein internasjonal by. Det må me få fram. Det er folk frå over 30 ulike nasjonar her på Bryne. Eg vil gjerne invitere dei til å vere med på Jærdagen. Det finst ikkje betre integrering enn å setje seg saman ved matbordet. Eksotisk mat, laga av folk som bur på Bryne, basert på råvarer frå Jæren. Det kan eg tenkje meg som eit satsingsområde framover, seier han.

 

 

-Bør vise seg fram

Integrering handlar også om å møtast og å drøsa. Jærdagen fungerer også som møteplass. Det vert godt demonstrert når me følgjer Stabel gjennom gatene under arrangementet. Det går seint å koma seg fram. Det er mange som skal slå av ein prat eller dele ut ein klapp på skuldra og gi «skrøyd» for vel gjennomført arrangement. Christian Stabel håpar at det lokale næringslivet i større grad vil sjå at Jærdagen er eit godt høve til å vise seg fram.

-Bryne vil snart få ein ny, stor vidaregåande skule. Det vil føre til at fleire unge vil vere på Bryne til dagleg. Samtidig veit me at det lokale næringslivet slit med å få tak i nok folk, også dei store bedriftene. Alle kan bli flinkare til å fortelje om Bryne som ein god by å bu i. Næringslivet kan i tillegg bli flinkare til å fortelje om kor mange og varierte jobbar dei kan tilby på Bryne og Jæren når ungdomane er ferdige med utdanninga si. Jærdagen kan brukast til å skape grobotn for auka rekruttering, meiner Stabel.

 

 

Ein god møteplass

Time-ordførar Reinert Kverneland støttar synet på Jærdagen som ein møteplass.

-Her treffer eg folk eg elles aldri ser. Jærdagen og Jærnåttå er festdagar for både unge og gamle, og eg har inntrykk av at mange først og fremst går på arrangementa for å treffa folk. Jærdagen er dessutan ein viktig dag for mange forretningsdrivande. Med 50.000 besøkande ligg det sjølvsagt godt til rette for handel, seier ordføraren.

-Dyktige arrangørar syter også for at arrangementet veks og fornyar seg litt for kvart år. Det er kjekt. Før var det ein dag for sal av traktorar og fjernsyn. No er det ein dag for handel og fest, og det er stint av folk i gatene. Det er kjekt å sjå, slår Kverneland fast.

Jærdagen er også eit arrangement som klarer seg utan økonomisk støtte frå kommunen. Kommunen deltek i komité og representantskap, men betalar ikkje direkte støtte.

-Det einaste er eit mindre beløp til ungdomsarrangement på mølla, seier Reinert Kverneland.

 

 

byen på kartet

Reinert Kverneland er også oppteken av at Jærdagen er med på å setje Bryne på kartet.

-Det er mange som mellom anna tenkjer på dette arrangementet når dei tenkjer på Bryne. Jærdagen er viktig for Bryne. Arrangementet har også viktige ringverknader. Dugnadsinnsats gjennom å bidra med til dømes vakthald, er ei viktig inntektskjelde for mange lag og organisasjonar. Det er også ofte ei kjekkare inntektskjelde enn å gå rundt og selje lodd, seier Kverneland.

Christian Stabel fortel at dei årleg betalar for 1800-2000 timar i dugnadsinnsats. Det blir fleire hundre tusen kroner til lag og organisasjonar.

-Me veit at det er mange lag som baserer deler av drifta si på at dei skal yte dugnadsinnsats. Dei legg det rett og slett inn i budsjetta sine, utan at dei har fått førespurnad eller tilbod om noko som helst. Men det er ingen grunn til å endre på noko. Det er etter kvart mange som kan jobben sin, seier han.

 

 

Viktig VIP-telt

Arrangørane av Jærdagen har også satsa stadig meir på musikk. Jæren musikkfestival vart teken over og lagt inn under Jærdagen og Jærnåttå sine venger. Det er musikk og underhaldning frå scena både på dagen og kvelden. Det er særleg dei store konsertane på kveldstid som bidreg godt til å finansiere resten av arrangementet. Billettsalet syter for ein stor del av det, men vel så viktig er tilbodet om å kjøpe seg VIP-plassar i det store teltet på torget.

-I år har næringslivet verkeleg stilt opp som kultursponsorar. Me har selt 50 prosent fleire VIP-billettar enn budsjettert, og sett opp eit telt med to etasjar for å møte etterspurnaden. Det er Jærnåttå og sponsorordninga som finansierer mykje av Jærdagen, og det er den som gjer det muleg å gå bort frå inngangspengar, seier Christian Stabel.

Teltet har også ein annan viktig funksjon. Tidlegare forsvann folk til næraste pub eller hotell straks konserten på torget var over. No er mange samla i teltet utover kvelden.

-Det gir betre rammer og skapar eit betre miljø rundt Jærnåttå, meiner Stabel.

 

 

Ideelle eigarar

Det er Bryne Vel, Brynebyen, Rogaland Bygdeungdomslag og Time kommune som er eigarar av Jærdagen. Christian Stabel er godt nøgd med den konstellasjonen.

-Me har ein komité som synest det er greitt å gjera arrangørjobben på frivillig basis. Det fungerer veldig bra, alle gjer jobben sin og vel så det. Me har eigarar som ikkje har interesse av å tappe Jærdagen for pengar. Det heile er i stor grad drive av idealisme. Alle menneske gjer noko frivillig. Jærdagen er vår frivillige greie, seier han.

Om eitt år hadde Jæren musikkfestival runda 20 år. Om to år er det hundre år sidan Timemarknaden oppsto. Det er desse to arrangementa som er fundamentet for dagens Jærdagen og Jærnåttå. Christian Stabel ønskjer å slå litt ekstra på stortromma dei to neste åra.

-Dei siste åra har me brukt mykje av overskotet til investeringar. Dei to neste åra vil me heller bruke meir på å markere desse jubilea. Me er stolte av å ha arrangert ein festival på Bryne i 100 år, og ein musikkfestival i 20 år, på dugnad og frivillig basis. Det fortener ei markering.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Timemarknaden, Jærdagen,

Nyheter

Kulørte dager

Kulørte dager

Å leve det er å elske Og elsker ...

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Svarte tangenter

Svarte tangenter

Ærlig, hardtslående og inderlig. ...

Søster Vintersol

Søster Vintersol

Et nydelig samspill med fantasifulle illustrasjoner ...

Vanlige tanker

Vanlige tanker

Ønsketenking … Hva hvis nåtidens ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...