GAMLE GRÅTASS

01.04.2006
GAMLE GRÅTASS
Modell Deering W – 14 laga i Chicago, USA. Ein kan i alle fall sjå kva dette lignar på.

- Ei historie om traktoren sin barndom på Jæren -

Første verdskrig er over, og sjølv om landet ikke hadde deltatt, puster nordmenn letta ut. Men på Jæren skjer det noe som får folk til å gispe etter lufta igjen. Moline Universal modell D er kommen frå USA. Jærbuen ser på ein traktor for aller første gong. Eit reiskap som skal komme til å revolusjonere landbruket. Ein maskin som har like mange kreftar som tjue hestar. Men arbeidshestane på gardane treng enno ikkje bekymre seg for å bli arbeidslause.

 

For dei første traktorane som kom til Norge var dyre både i innkjøp og i drift. Dei var òg tunge og lite egna på dei små gardene på Jæren. Den nye traktoren hadde jernhjul, og kunne dermed ikkje køyrast på vanleg veg. Den kunne heller ikkje løfte opp reiskapen, men berre dra den etter seg. Dessutan så ligna kjøretøyet meir på ei hestevogn enn ein traktor. Vegen fram var enno lang, og hesten gjorde framleis samme nytta som før.

  

No byrjar det å likne på noko

På 1930-talet hadde traktorutviklinga komme et stort steg lengre fram. I 1938 kjem ein ny og glitrande oransje traktor til landet. Deering W – 14 kom frå Chicago og var starten på det vi kan kalla den moderne traktoren. Motoren var framme og bakhjula var blitt store. Den kunne gjere samme arbeid som tjue hestar, men framleis var folk på Jæren skeptiske. Traktor var ein kostbar ting å skaffe seg, og hesten fekk duge. Men tida var snart moden for den nye reiskapen.. Nokre entrepenørar i distriktet kjøpte seg allereie no ein traktor og leigde han ut til trengande bønder

 

Hestane kunne framleis ta livet med ro. Fram til 1946 auka hestetalet på norske garder. Men etter krigen skjedde der ei endring som fekk hestane i dårlegare humør.

Heilt fram til 1933 hadde alle dei viktige traktortypane fungert som ”hestar”, eller dragkraft for ulike reiskapar. Men dette året her kom ei ny og revolusjonerande oppfinning av engelskmannen Henry Ferguson. Den blei kalla noko så vanskeleg som ”det hydrauliske tripunktsopphenget”. Med det kunne ein til dømes overføre tyngda frå plogen til bakhjula på traktoren. At reiskapen kunne løftast opp gjorde det enklare å snu, og ein trengde mindre plass. På toppen av det heile kunne traktorføraren styre alt dette frå setet sitt. I tillegg kom no traktoren med gummihjul. Nå blei det mogleg å bruke traktoren på vegane, og dei første traktorrånane såg dagens lys.

 

Den vesle grå

I 1947 kom dei første Ferguson TEA 20 modellane til landet. Traktoren som etter kvart skulle få det kjente klengenamnet Gråtass. Den vesle traktoren var lett, brukande og rask. Etter krigen gjekk etterspurnaden etter landbruksvarer opp. Prisane steig og jærbonden hadde ingen utanlandske konkurrentar. Ein kunne betala ein Gråtass med sju mål gulerøtter, og enno ha igjen pengar. Hesten stakkar, måtte sjå nederlaget i augo.

I 1946 var det om lag 240.000 hestar i Norge. I 1959 var talet meir enn halvert, og ti år seinare var det i underkant av 50.000 hestar att. Samstundes steig traktortalet frå ca 10.000 i 1949 til 45.000 i 1959, og til om lag 90.000 i 1969. Framleis gjorde hesten nytte side om side med traktoren på nokre gardar. Men då bøndene tok til å få seg traktor nummer to på 60-talet., var det ikkje anna å gjere for hesten enn å pakka kofferten og dra frå garden.

 

Nye krefter

Trass i sin popularitet, var det allereie i 1956 òg slutt for Gråtassen. Nye, meir avanserte og dieseldrevne traktorer tok over på gardane. Etter kvart fekk bonden førarhytte, aircondition, klimanlegg og stereoanlegg i traktoren. Setet blei mjukt å sitte på og reiskapen meir og meir avansert.  Det aller nyaste på traktorfronten no er New Hollands 2006 modell. Her får du 110 hestar, elektrisk girkasse, miljøvenleg motor, turbo intercooler aircondition og ei nydeleg utsikt. Setet er mjukt og godt, og cd-spelaren spreier behagelege tonar i traktorhytta. Men den lagar likevel ikkje like fin lyd som ein liten grå tass.

 

Takk for god hjelp til Målfrid Grimstvedt og Lars Ødemotland ved Jærmuseet, og John Seglem ved A-K Maskiner, avdeling Bryne.

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...