VÅR I LUFTA PÅ ORRESTRANDA

01.01.2006
VÅR I LUFTA PÅ ORRESTRANDA
Søstrene Thea og Anne Østvold jobbar intensivt med å grave sandgroper på Orrestranda

Det er nesten litt for varmt med stillongs under buksa. Skjerfet treng ikkje å knytast heilt opp i halsen. Og vinden stikk ikkje i øyrene. Er det våren som endelig er her, ein februardag på Orrestranda?

Ei strålande sol har følgd med oss heile vegen frå Klepp, inn på Orrevegen, og til riksveg 507 mot Noreg si lengste sandstrand. Men idet vi følgjer skiltet ned til høgre, og køyrer inn på parkeringsplassen, forsvinn sola bak tynne, kvite skyer. Likevel er det ei mild luft som tar imot oss idet bildørene opnast. Her er det ingen isande kald vind som slit og dreg i hud og hår.

 

Vi følgjer dei gamle jernbanesvillene, som fungerer som fotsti, ned til stranda og sjøen. Små bølgjer med kvite toppar banar seg veg inn mot strandkanten. Søstrene Anne, fire år, og Thea, to år, har sett seg til rette heilt nede ved vasskanten. Dei grev små groper med spadane sine, som blir fylt opp kvar gong ei bølgje breier seg over stranda. Når ei ekstra stor bølgje kjem rullande innover, må dei skunde seg og springe vekk, før ho når dei.

 

Orrestranda strekk seg over fem kilometer frå Reve i nord til Vik i sør. Mange meiner at dette er ei av dei vakraste sandstrendene på Jæren. Solstrålane som glimtar gjennom laget av skyer, lager eit merkelig, nesten trolsk lys. Det ser ut som om havet kviler seg. Berre små, uskuldige bølgjer krusar på den blå-grå overflata. På ein dag som denne er det rart å tenke på at det opp igjennom historia har havarert fleire skip her på grunn av det harde klimaet. På denne februarsøndagen i 2006, herskar det fred og ro på Orrestranda. Born leiker i strandkanten, hundar lograr, og folk på stranda nyt den friske vårlufta. For over 300 år sidan var atmosfæren her ein heilt annan, i alle fall om ein skal tru det som segnet seier. Det fortel om ein mørk kveld her på stranda på 1700-talet. Fire bønder hadde sett opp ei falsk skipslanterne, og på den måten lokka dei eit skip inn mot stranda slik at det forliste. Mannskapet klarte så vidt å redde seg i land, men blei stukke ned av dei fire bøndene. Dei grov ned lika i sanden og plyndra det havarerte skipet for store verdiar. Men ifølgje segnet overlevde ein av sjømennene, og fekk sagt ifrå om udåden. Det enda med at dei fire mordarane blei tekne, og avretta i ein galge som var reist av tømmer frå det havarerte skipet. Segnet fortel at dei fire bøndene kom igjen og spøkte for folk. Det er til og med gjort observasjonar der ein på natta eller i skodda har sett galgen reisa seg på ny med lika dinglande under.

 

Ein stikkande kulde kryp over ryggen. Sola står lågare no. Himmelen blir ein tone gråare. Ein raudraggete hund tek seg eit iskaldt bad. Sheridan hoppar ut i bølgjene for å finne ein gul og rosa tennisball. Ho nappar den opp, og spring drypande våt opp til ei lita jente på stranda. Sheridan legg ballen fint frå seg, og ser spørjande opp.

-          Kan du kaste han ein gong til ?

 

Sola forsvinn heilt bak skyene, og draget i lufta blir kaldare. Vi snur ryggen mot havet, og tar turen tilbake til ein varm bil.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Orrestranda, Thea Østvold, Anne Østvold,

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...