Byturar før og no

01.01.2006
Byturar før og no
Å reise dømesvis frå Bjerkreim til Egersund kunne ta heile dagen før i tida. No kan vi reise frå Bryne til Praha på 5 timar. Biletet er henta frå boka ”Rogaland i nær fortid”.

Medan ein bytur kunne ta fleire dagar berre i reisetid før i tida, susar vi av garde til eksotiske reisemål på berre timar. Skal tru kven som har dei største opplevingane?

For til dømes om lag 100 år sidan, kunne ein bytur – og då snakkar vi om dei nærliggande byane – vere ei strabasiøs og tidkrevjande reise for jærbuane. Og noko helgetur, med borna hos barnevakter, var det vel ingen som hadde tenkt på. Ein reiste fordi det var trong for det. Fordi ein hadde nødvendige og viktige ærend. Oftast var det mennene som tok byturane. Dei måtte inn til byane med jordbruksvarer og slaktedyr. I boka ”Rogaland i nær fortid” frå 1983 fortalde Sigurd Eikeland om slike byturar frå Bjerkreim til Egersund, Bryne og Stavanger. Her om bytur til Egersund:

”Kjørevegen til Egersund er rekna til 3 mil. Då var det å stå opp tidleg og kome seint heim om kvelden. I mørke haust- og vinterkveldar gjekk me barna og venta på å høyre lyd når jernskodde kjerrehjul humpa seg fram. Då brukte me same metode som indianarane på prærien: la oss ned med øyra tett til jorda og lytta. Så sprang me inn og ropa glad: ”No kjeme dei”. Som regel var det eit eller anna godt i kjerrekofferten.”

 

Å frette nytt

Om det var kvinnene som fekk reise til byen, måtte dei følge god skikk når dei kom heim, fortalde Ole K. Byrkjedal i same boka:

”Når ei kone kom heim etter ein bytur, skulle ho be grannekonene til seg og fortelja nytt frå turen. Det kunne vere helsing frå slekt og vener som skulle berast fram, og så skulle ho visa fram det ho hadde kjøpt. Ein bytur kunne ta fleire dagar. Båten gjekk to-tre dagar i veka. Det blei gjerne ein bytur i året for dei fleste”.

Det var sjølvsagt stort for bygdefolk å møte bylivet når dei ein sjeldan gong kom dit, men endå større var det truleg for borna – anten dei var heime og venta på forteljingar frå turen og spennande godsaker – eller fekk vere med og oppleve eventyret, dei med.

 Jørgen Skjæveland frå Bjerkreim hugsa byturen til Egersund 17. mai 1913 ”som om det var i går”:

 

Store opplevingar

”…Så kom ein flokk menner som spelte ”Ja, vi elsker” og andre kjende tonar med mange slags horn og blåsegreier. Og etterpå kom ei lang rekke byungar som vifta med små flagg, gaula og skreik. Så gjekk me inn til Karina Hetland, som dreiv kaffistova, og fekk oss mat. Frå taket hekk ei glaspære, og når me skrudde på ein brytar på veggen, small det litt, og med det same lyste det nokre blanke strålar inni henne. Når me skrudde same vegen ein gong til, då dauda det att. Det var merkeleg. Me skrudde på og av fortare og fortare til Karina kom og skjende på oss. Dette var det første elektriske lyset eg såg.”

Skjæveland fekk også ei anna stor oppleving denne dagen: ”To menn sat framme og to bak. Han som styrde, vreid på eit hjul, og ved sida hadde han ein gummiball med ein blikktrut på. Når han klemde i ballen, tuta det. Dei kjørte ein sving kring Johan Feyer-statuen, tuta fleire gonger, og fór same vegen tilbake med ei skreid av skrålande ungar etter seg. Å ja, eg minnest det så godt som det skulle vore i dag. Då me kom heim, ropte me med det same me kom i døra: ”Mor! Me hev sett ein automobil! Han kjørte så forferdeleg fort ganske åleine – utan øyk føre!”

 

Bryne-Praha: 5 timar

- I dag kan ein reise til ein storby på nokre timar. Det tek til dømes berre èin time til Aberdeen, og under to timar til byar som London, Amsterdam, København og Newcastle. Skal ein til Praha, tek det om lag fem timar frå Bryne, fortel Siri Hove Heggås. Ho er driftsleiar ved Travelnet Reisebutikken. Dei har avdelingar på Bryne, i Hillevåg og i Sandnes, og sel mange byturar kvar månad.

- Vi har mange populære ”weekend-turar” – lenge har Praha vore ein slager, men også København, London, Barcelona, Amsterdam, Nice, Roma og mange fleire, er populære reisemål, seier Heggås. Ho fortel at saman med Praha er Tallin ein by som er nokså billeg å leve i. I byane Roma og Paris er det relativt dyrt både å bu og leve. Medan ein får ein bytur til Aberdeen med fly, to overnattingar og frukost, må ein ofte ut med 4000 meir for ein tilsvarande tur til Roma. Fellesnemnaren når folk vil ha luft under vengene, er likevel eintydig:

- Om ein så er millionær – ein vil ikkje betale meir for flybillettar og overnatting enn ein er nøydd til. Men i tillegg til å finne best muleg pris, gjer vi også vårt ytterste for å finne den smidigaste reiseruta med minst venting, seier Heggås.

 

Prismedvetne

Ho trur ikkje folk i dag i særleg grad tenker over kor raskt dei kan forflytte seg i dag – samanlikna med før. Fokuset er ofte på å få mest muleg for pengane.

- Slike byturar er billegare no enn for få år sidan. Likevel synest mange at det er for dyrt. Litt av grunnen er nok det store fokuset på ekstremt låge prisar hos lavprisselskap. Sjølv om slike billettar ikkje er tilgjengelege for alle som vil ha dei, har dette endra synet på kva som er ein rimeleg pris å betale, seier Heggås.

Ho fortel at prisen vert lågast om ein tingar turen lenge i førvegen. Allereie no er ein god del helgeturar i mars, april og mai utselt. Klarer ein å tenke så langt fram som til seinhausten allereie no, kan ein få ein tur bortimot 2000 kroner rimelegare, enn om ein prøver å tinge månaden før.

- Før var det veldig vanleg å ta helgeturar med danskebåten. Det er eit paradoks at du i dag kjem mykje lengre avstad – på kortare tid. Storbyturane dreier seg i all hovudsak om å kome vekk og kose seg. Nokre reiser også for å få inspirasjon og hente heim idèar og nyheiter frå andre byar, fortel Heggås.

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...