Gamle kjemper i Vigreskogen

01.05.2005
Gamle kjemper i Vigreskogen
Ti digre master.

Dei er ti, og dei rager langt over dei høgste tretoppane. Ein gong i tida var dei viktige for sjøfolk over heile verda. No er dei blitt arbeidsledige og går ei usikker framtid i møte. Nokre er glad i dei, og vil sikre dei ein verdig alderdom. Medan andre helst vil at dei forsvinn for godt.

Køyrande på riksveg 44 frå Sandnes til Nærbø.  Jorder og skog flimrar forbi. Så noko som bryt med det vante landskapet. Ti spir rager over tretoppane og opp mot himmelen. Kva er det?

I Vigreskogen på Nærbø står der ti digre master. Når ein står like ved ei av dei, må ein legge hovudet så langt bak ein klarer for å kunne sjå kor ho ender. Men det er kanskje ikkje så lurt å gå for nær.  Eit fareskilt advarer om gjenstandar som kan dette ned. Mastene ser gamle og forletne ut. Lenger inne i skogen står eit par brakkelignande bygningar. Dei og mørke og fråflytta. Den einaste lyden ein høyrer er fuglekvitter og fjern motordur frå bilane som susar forbi på riksvegen. Mastene står tause og gåtefulle med sine kjempeføtter planta på jorda og strekk hals mot skyene.

 

- Er ikkje det ein gammal radiostasjon dei tilhøyrer? Jau, eg trur det. På ølutsalget i Nærbø sentrum er dama bak disken ganske sikker i si sak.

- Men eg trur mastane er ute av funksjon nå..

- Å dei mastane der, det er gamle radiomaster. Egil Høiland på malarbutikken er einig med Anne Margrete på ølutsalget.

- Det var via dei mastane det blei sendt ut radiosignalar mellom båtane og fastlandet før i tida. Den gang Norge var på topp som skipsnasjon, var det gjennom dei mastane signala blei sendte når ein var på sjøen og ville snakke med dei her heime. Det var vel Rogaland radio som dreiv dei. Men no er det ein del år sidan aktiviteten tok slutt der borte, trur Høiland.

 

Historia

Kjempene i Vigreskogen er gamle radiomastar. Eg tek ein telefon til Norsk Telemuseum si avdeling i Stavanger, og snakker med Anne Sofie Grønn.

- Jau då, dei gamle radiomastene på Nærbø var i si tid sendestasjonen for Rogaland Radio, stadfestar ho, og fortell videre om den gongen mastene hadde ei viktig kommunikasjonsoppgåve.

De ti mastene som alle når 50 meter over bakken, blei satt opp i 1959 og teke i bruk året etter. Desse mastene er kortbølgemaster, noko som betydde at dei kunne sende signal til skip på alle verdas hav og tilbake igjen. Ved hjelp av desse mastene kunne ein frå land ha dagleg kontakt med skip uansett kor dei var på jordkloda. Dei blei det viktigaste bindeleddet ein hadde mellom sjø og land.

- Kva slags meldingar var det som blei sende?

- Det var alt mogleg. Det var mest ulike telegrammer. Mange forretningsmeldingar frå rederia ut til båtane og omvendt.  Men og mange private samtalar og telegram ifrå dei som var ute på havet, og til dei som venta heime.

 

- Store delar av den internasjonale kommunikasjonen mellom sjø og land blei sendt gjennom dei ti mastene i Vigreskogen. Dette får eg vite av driftingeniør Norman Aarland ved Telenor Nordic Maritim Radio, som i dag driv Rogaland Radio.

På si mest aktive tid på slutten av 1960 talet, blei det sendt tretti telegram gjennom i døgnet mastene til Rogaland Radio på Nærbø. Både til og frå norske og utanlandske båtar. Det var berre Singapore Radio som kunne måle seg med Rogaland Radio når det gjaldt trafikk på kortbølgesendarane.

- På det meste jobba det ti mann døgnet rundt i Vigreskogen. Og nesten 200 tilsette ved Rogaland Radio sin mottakerstasjon på Sandnes.

Men i dag er der ingen teknikarar å sjå i Vigreskogen, og stasjonen på Sandnes er nedlagd. Utover på 1970- talet begynte meir moderne kommunikasjon teknikk å ta over. Sist ut var satelittsambandet. I dag har så godt som alle skip ein eigen satelittelefon om bord. Dei ein gong så viktige kortbølgemastane er blitt overflødige. I fjor blei dei siste kortbølgesendingane i verda lagd ned. Mastene i Vigreskogen var arbeidsledige.

 

I møte med ei usikker framtid

Men kva no? Kva vil framtida bringe for dei ti store der inne i skogen?

- Mastene i Vigreskogen? Nei, dei er ikkje i bruk i dag. Kva som vil skje med dei? Eg trur dei er verna. Men dette veit eg ikkje så mykje om. Vent litt er du snill.

Overingeniør Einar Rosvold i Hå kommune sett meg over til kulturavdelinga i kommunen. Det står visst noko om mastene i kommunen sin kulturminnevernplan.

- Ja, mastene er foreslått freda av Riksantikvaren, kan kulturvernansvarleg i Hå kommune Eva Vatne fortelje .

Men i kulturvernminneplanen står det også at ”Kommunen har stilt seg spørjande til vern av mastene i Vigrskogen”

- Kvifor det?

- Fordi vi legg vekt på dei mogligheitene Vigreskogen representerar for friluftsinteressene i distriktet. Og vi meiner at skogen hadde vore lettere tilgjengelig for folk flest om mastene ikkje hadde vore der. Men, understreker Vatne, kommunen må ta hensyn til ei statlig fredning dersom den kjem.

 

Hos Riksantikvaren opplyser dei at mastene i Vigreskogen er foreslått freda av Telenor, som eig dei i dag. Forslaget har vore ute på høyring, men slike saker tek visst lang tid blir eg fortald. Riksantikvaren er for tida i en dialog med Telenor om mogleg fredning, og vil ta den endelige avgjerda ein eller annen gong i framtida.

 

- Eg skal sloss for dei mastene! Antikvar David Brand ved Norsk Telemuseum i Oslo har eit nært forhold til radiomaster, og meiner mastene på Nærbø er eit viktig landemerke som det er nødvendig å ta vare på for ettertida.

- Mastene er ein heilt spesiell del av telekommunikasjonen si utvikling, og det er veldig få av dei som står igjen. Derfor bør dei fredast.

Brand har nå venta i to år på å få eit ja eller nei frå Riksantikvaren, og vonar at det kjem i år. Han innrømmer at om mastene blir freda, så vil det bli eit veldig dyrt restaureringsarbeid. Og kven som må betale den regninga er ennå usikkert.

 

Så då står dei der framleis dei ti der inne i skogen tause og tunge. Enn så lenge.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
riksveg 44, Vigreskogen, radiomast,

Nyheter

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Når læreren Kay Karisari Solstad ...

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende diktsamling

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende ...

Ali Jakupovic (30) fra Arendal debuterer ...

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Lars Fredrik Høiby er vokst opp i Stavanger ...

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin debut som lyriker

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin ...

Med diktsamlingen en dråpe er nok trer ...

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Reidar Lund er en forfatter som ikke bare ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...