Engasjert og premiert

18.03.2013
Engasjert og premiert
Terje Torkildsen

Forfattar Terje Torkildsen frå Våland har fått UPrisen to gonger. Den engasjerte skribenten fryktar at det vil bli færre kunstnarar i Stavanger i tida framover. Han trur hans generasjon kanskje kan bli den siste.

Det er ungdomsskuleelevar frå heile landet som kårar vinnarar av UPrisen, i regi av Foreningen !les og Litteraturfestivalen.
-Eg synest det er stas å få den prisen som vert delt ut av ungdomane sjølve. Dette er ungdomens populærpris. Eg skriv for ungdomane, ikkje for tantene. Det er sjeldan at til dømes Brageprisen nominerer dei same bøkene som UPrisen, seier Stavanger-forfattaren som i fjor vart tildelt UPrisen for andre gong for romanen «Dystopia III». Han fekk også prisen for debutromanen «Marki Marco» i 2009.

Språkleg slankekur
Terje Torkildsen skriv særleg for dei som ikkje er så glade i å lesa.
-Skremmande mange går ut av ungdomsskulen utan å ha lese ein roman. Det gjeld særleg gutar. Eg har hatt eit mål om å skape leselyst hjå dei, fortel han.
Og Torkildsen gjekk ganske nye vegar for å forsikre seg om at han nådde dei han ville nå. Han involverte tre 10. klassar på St. Svithun skole i arbeidet.
-Skulen gjorde dette som eit prosjekt. Eg skreiv og sendte inn stadig nye kapittel til boka, elevane las det eg skreiv og gav tilbakemeldingar – utan at dei visste kven avsendaren var. Det var ei språkleg aha-oppleving for meg. Forfattarar likar å bruke ord. Ungdomane vil ha handling og kjapp dialog. Boka vart skriven i ein veldig direkte stil. Dette er språk utan feitt, konstaterer norsklektor Torkildsen.
Det var ikkje sjølvsagt at Terje Torkildsen, Våland-gut frå han var elleve og oppvaksen i byen, skulle bli nynorskforfattar.
-Eg har drive med standup sidan tidleg på nittitalet, og har alltid skrive tekstane på dialekt. Ein periode skreiv eg tekstar til radioprogrammet «Hallo i uken». Eg fann ut at det var uråd å vera løyen på bokmål. Nynorsk er meir eigna når ein skal gjere tankar om til ord, seier Torkildsen.

Dyr kulturby
Forfattaren frå Våland er glad for at han ikkje flytta til Oslo då karrieren byrja å ta av. Han meiner det er lettare å få nye impulsar om ein har base andre stader.
-Forfattarar har lett for å trekkje til Oslo. Det gjer at forfattarmiljøet blir ein klikk som held seg med sine. Miljøet er ikkje så stort, så laugstanken blir sterk og nye impulsar får vanskar med å finne vegen inn, seier Terje Torkildsen, som sjølv opplevde ein kulturell gullalder blant unge kunstnarar i Stavanger på nittitalet. Mange unge kunstnarar valde å bli i byen, og mange flytta også til Stavanger.
-Eg kom frå studentrevyar og byrja med standup. Me var fleire som dreiv med det, og humorfestival og Per Inge Torkelsen var viktige inspirasjonskjelder for meg og min generasjon løgnasar, fortel Torkildsen.
Men det var ikkje berre humoristane som blomstra i Stavanger i denne perioden. Kreativiteten og samarbeidet gjekk ofte på tvers av kulturuttrykka.
-Filmen Mongoland er eit godt døme på fruktene av samarbeidet mellom filmskaparar, musikarar, forfattarar, skodespelarar og andre kunstnarar, seier Torkildsen som ikkje ser like lyst på Stavanger si framtid som pulserande kulturby. Han er glad for at han alt er etablert med bustad i oljebyen. Han hadde sett mørkt på det om han skulle ha etablert seg i dag.
-Stavanger er i ferd med å prise seg ut for unge kunstnarar. Det er fem gonger dyrare å etablere seg her enn i ein by som Berlin. Min generasjon kunstnarar er den yngste i Stavanger i dag. Eg har venta på ein ny generasjon, men eg tvilar på at etterveksten kjem, meiner han.

Mista noko på vegen
Sjølv om kunstnarar er individualistar, treng dei å vere del av eit skapande miljø.
-Det er ikkje lett å vere dansar heilt aleine, illustrerer Torkildsen.
-Kunstnarar skyt ofte på kultursjefen eller politikarane. Det er ikkje deira feil. Stavanger er flinke til å leggje til rette. Det er oss alle sin feil – alle som er med på karusellen der me har det stadig betre og har stadig råd til meir. Eg har sjølv tent mykje på å eige eit lite hus på Våland i 15 år. Men ein kunstnar som skal matche naboen på Eiganes eller Våland må omsetje for ein million. Det sit langt inne å ta den risikoen. Kulturlivet blir til slutt finkultur og innleigde stjerner. Frie kunstnarar etablerer seg heller ein annan stad, meiner han.
Terje Torkildsen er også opptatt av bymiljø. Han meiner velstanden er ein trussel mot det han oppfattar som urbant.
-Med fare for å framstå som ein sint mann som meinte at alt var betre før, så opplever eg at byutvikling i dag handlar mest om korleis me skal leggje til rette for meir trafikk. Eg lever utan bil fordi eg meiner det er ein del av ein urban livsstil. Det var ikkje noko snodig ved det for ein del år sidan, men i dag er det veldig uvanleg. Den haldninga gjer også at både trafikkmønsteret og bybiletet forandrar seg. Folk kjører ut or byen for å handle. Eg hugsar ein dag for om lag ti år sidan. Eg skulle kjøpe nytt dusjhovud, reinse eit teppe og ramme inn eit bilete. Eg fekk ordna alt innanfor 200 meters radius her på Våland. Då eg gjekk på gymnaset, passerte eg sikkert ti småbutikkar på vegen frå Vålandstårnet til St. Olav. I dag er det kanskje ein eller to igjen, seier han.
-Me har det godt, men me har mista noko viktig på vegen. Byutvikling har for stort kvantitativt fokus. Det viktigaste er å bli større og fleire, men ikkje nødvendigvis betre. Endringane kjem så sakte og gradvis at me knapt merkar kor fort det eigentleg går. Ikkje før me ser oss over skuldra.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...