Kronikk av Jan Kidøy

21.11.2016
Kronikk av Jan Kidøy
Jan Kidøy

Språket og Fedrelandskjensla

Vår eller haust?
me står like traust.
Røtene grev og klora;
dei slepp aldri taket i jorda.

Språket er rota vår. Det er arven vår frå dei som gjorde oss til dei me er. Språket bind oss saman og gjer oss til ei eining - til eit folk. Gjennom språket forstår me kvarandre, gler me kvarandre og snakkar kvarandre opp. Gjennom språket forstår me dei som gjekk føre oss, dei som er oss i ei ny utgåve. Sjølv om det er andre identitetsbyggjande faktorar er språket ein av dei viktigaste. Me kan ikkje sleppa språket og tru at me vert dei same.

Eg kjem frå Gulen. - Gulen, spør du, - kvar i verda er det? Og eg kan svara stolt: - En gong var det midt i verda! Gulen er ein kystkommune ytterst i Sognefjorden. Her finn me ein gard som heiter Flolid med halvøya Guløy utanfor. Gjennom det meste av vikingtida var det her våre forfedre samlast til tingsete ein gong i året. Etter staden det vart halde fekk det namnet Gulatinget - i ettertid mest kjend for Gulatingslova som danna mønster for dei fleste europesiske demoktati som etterkvart vaks fram.

I år 2000 vart Flolid vald til tusenårsstad for Sogn og Fjordane, og området er oppgradert til ein vakker naturpark med tilhøyrande minnesmerke. Eg vaks opp berre nokre hundre meter frå Tingvollane, og har stor respekt for det som hende der i gamal tid. Slekta mi på morssida har alltid vore i denne delen av landet og kan førast heilt attende til vikingtida.  Så eg kan i sanning sei at eg har vikingblod i årene. Når eg no vandrar på Tingvollane i vaksen alder er det som eg kjenner vikingblodet brusar i meg, og eg vert lei meg for alt som har gått tapt, og for at me ser på alt nytt som framsteg …

Til Gulatinget kom valde tingmenn frå heile Vestlandet, det som då var det sentrale Norge. Ja, like frå Møre til Agder kom dei, og innlandsbygdene på Austlandet var også representert. På tinget vart usemje løyst og kloke råd og lover vart sendt heim til bygdene med tingmennene. Slik bygde dei landet med lov. Og dei tala eit språk som alle forstod, og som heldt folket saman. Men vikingane var og eit farande folk, og identiteten sin - det norrøne språket - tok dei med seg over alt. I dag finn me ord og uttrykk frå vikingane like frå Istanbul i aust til Irland i vest. Mange ord me i dag betraktar som engelske er eigentleg norske, eller norrøne. 

Det var frå Ytre Sogn og Sunnfjord dei mest ressurssterke vikingane drog vestover til Island og slo seg ned. Der bygde dei eit samansveisa samfunn som har stått sterkt til denne dag. Dei har ikkje late seg påverka av språklege vindar, men har tatt vare på  språket vårt og gamal kultur slik det opprinneleg var. Dette at dei har halde fast i røtene sine har gjort dei sterke. Ikkje berre er dei betre enn oss til å spela fotball, men dei har også vist veg for heile den vestlege verda ved å knebla finanseliten som held på å sluka dei.

Det er i takksemd til vikingane og til islendingane eg skriv dikta mine på nynorsk. Og ikkje minst i takksemd til Ivar Aasen. Han forstod kor gale det bar i veg når me vart pådytta eit framandt språk. Iherdig reiste han land og strand rundt og samla restane av det som ein gong var vårt heidersteikn - det norske språket. 

I det samfunnskritiske diktet «Kvar er du, Bjørnson?» stiller eg spørsmål ved om prisen for globalisering og EU-tilpasning har vorte for høg. Kanskje treng me ein Bjørnson og ein Aasen i dag som kan visa oss røtene våre og derigjennom gje oss ny styrke. Styrke til å lyfta høygaflane når det trengs og ikkje bli utsletta som eigen nasjon i takt med at språket vårt vert meir og meir utvatna.

 

 

Anna Hovhannisyan

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...