Jærmalarane

01.10.2004
Jærmalarane
Nina Kalvatn Opsahl
Hiorts Pensjonat slik det såg ut sommaren 1878

Det bles ein stiv vind inn frå havet, over strendene og vidare opp over mark og myr. Spreidd utover landskapet på Ogna står det nokon som trassar den kraftfulle jærske vinden. Sjølv om han riv og slit i klede og kropp, blir dei ståande medan dei myser ut over landskapet og festar den jærske naturen til lerretet.

Sommaren 1878 kjem det ein ny sort reisande til Ogna med den nye jernbanen. Dei er tydeligvis byfolk, for dei ter seg rart. Kvar morgon gjev dei seg til å gå rundt omkring. Dei går ned til sjøen og langs vegane, medan det heile tida ser det ut som om dei speidar etter noko. Så brått stoppar dei opp, ser utover landskapet og skriblar ned noko på ein bit papir.

Det er Stavangermalerinna  Kitty Kielland som saman med kunstnarvenene sine er komne for å la seg inspirere av, og forevige naturen og folket på Ogna. Dei buset seg på Hiorts pensjonat som er ein del av Hiort-familien sin eigedom på Ogna gard. Hausten 2004, over hundre år seinare, sit eg i det same huset saman med den nye eigaren av det tidligare pensjonatet, biletkunstnaren Marit Bernhardsen. Ho fortel at huset stod ferdig bygd i 1873, og vart gitt som morgongåve til den nybakte fru Hiorth. Huset vart frå første stund drive som pensjonat av frua sjølv, og etterkvart blei ulike kunstnarar faste gjestar her.

 

Ein ny generasjon kunstnarar

Det var Alexander Kielland, Kitty sin eldre bror som hadde fortald ho om landskapet på Ogna og om Hiorts pensjonat. Han utfordra systera til å male landskapet her; ”Lad mig se om du kan male stranden”, skreiv han til ho. Kitty fortalde det vidare til sine malarkolleger, og sommaren 1878 var dei alle samla her på Ogna; Kitty Kielland, Fritz Thaulow, Eilif Pettersen og Nicolai Ulfsten. Dei var alle ein del av den nye generasjonen kunstnarar i landet, og dei blei representantar for ei heilt ny retning innan norsk kunst.

Jæren hadde aldri vore eit populært reisemål for norske landskapsmalarar.

– Det var til dømes svært vanskeleg å komme seg hit før jernbanen vart bygd. Havstrekninga var for barsk til å ta seg fram med båt, så ein måtte rekne med ei reise på to døgn med hest og kjerre frå Stavanger til Ogna, fortel Bernhardsen.

- I tillegg blei det forblåste, flate landskapet oppfatta som særs lite tiltrekkande, tilføyer ho. ”At Jederen, denne evige kjedsommelighed af Lyng og Torvmyr og Sand, saalangt Øyet naar, - dette ensformige Stygge, at det skulle kunne avfindes maleriske motiver, falt ingen ind”, står det å lese i ein artikkel frå 1886. Ei årsak til den nye interessa for det jærske landskapet var at desse unge kunstnarane ville male naturen slik han var. Før hadde malarane vore opptekne av å mala naturen finast mogleg. Mottoet blei nå å male sant, ikkje vakkert. Dei unge malarane ville feste alle dei skiftande stemningane i naturen til lerretet. Dei var og opptatt av å male lyset og lufta som ein kvalitet i seg sjølv. Forholda på Jæren innbaud til det. Dei blei Noregs første friluftsmalarar. I staden for å male bileta sine inne i eit varmt og lunt atelier, trassa dei ver og vind og mala bileta sine ute, der dei fann motiva. Arne Garborg var nesten mållaus; ”Sjølve dei svarte torvmyrane vert måla. Og torvmyri vert poesi, så svart ho er”.

 

Malerisk lys

Kva var det som var så spesielt med landskapet på Ogna som gjorde at fleire norske kunstnarar drog hit, og fleire av dei kom tilbake år etter år?

- Malarar er ofte ikkje så ivrige etter å skildre det som inspirerar dei med ord. Det er gjennom bileta sine dei utrykker seg. Men at fleire av dei kom tilbake hit, seier noko om kva dette landskapet hadde å seie for dei, meiner Marit Bernhardsen.

– Det som eg sjølv synest er så fantastisk med naturen her på Ogna er dei særskilde linjene, lyset og skiftingane som er ei følgje av veret og vinden som skyl gjennom landskapet. Lyset her er heilt spesielt. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg trur det er noko med fukta i lufta som skapar ein særskild spegling, fortel ho.

- Det er eit malerisk lys som er svært inspirerande for meg som kunstnar.

 

Ei ivrig malerinne

At landskapet på Ogna vart ei stor inspirasjonskjelde for mange av kunstnarane som budde på Hiorts pensjonat, var sikkert. Ei av dei som kom igjen fleire somrar, og som meir enn nokon annan har gjort jærlandskapet kjend for nordmenn flest, var malerinna Kitty Kielland.

Fleire av bileta hennar inneheld motiv frå Ogna og Jæren. Desse vart mala ute i all slags ver, og ho vart den første kvinnelige friluftsmalaren i landet. Ho blei godt kjend med både folket og landskapet på Ogna, og det var ikkje fritt for at det gjekk historier om ho. Ei historie som er skildra i Marianne Terjesen sin biografi om henne, handlar om malerinna som har vore ute ein sein kveld og leita etter nye motiv. Ho har akkurat funne eit som verkar perfekt, men ho treng å finne det att neste dag, og har ikkje papir å skrive på. Ein bonde som er ute med høylasset sitt møter ei forkava og raudsprengt dame som kjem springande mot han langs vegen. ”Har du papir”, ropar ho andpusten. ”Nei”, seier han roleg, ”papir har eg ikkje – men kan du klare deg med ein høydott?”

 

Atelier Ogna

I åra som følgjer, vitjar fleire malarar og forfattarar Hiorts pensjonat, og let seg inspirere av naturen rundt. Forutan Kitty Kielland kjem også Nicolai Ulfsten att mange gonger og hentar motiv til dei fleste bileta sine her. Arne og Hulda Garborg er også faste gjestar hos Hiort-familien. Og vinteren 1929 bur diktaren Nordahl Grieg på pensjonatet.

Marit Bernhardsen kjøpte det gamle pensjonatet i 1975. Huset blei pussa opp og påbygd med eige atelier, grafisk verkstad og malarverkstad. I 1992 blei det bygd eit gjestehus i tredje etasje. Og over hundre år etter Hiorts pensjonat vart opna, tek huset igjen imot gjestande kunstnarar som let seg inspirere av det jærske landskapet. Atelier Ogna tek også imot gjestande som vil sjå på og kanskje kjøpe bileta som er laga av kunstnarar som har budd her.  Marit meinar at Ogna framleis er spesielt for kunstnarar.

– Ikkje minst fordi landskapet her er det best bevarte langs heile Jæren. Det ser nærast ut slik som det gjorde for hundre år sidan då Kitty Kielland sjølv sat og mala her. Eg er privilegert som kan bu her, både på grunn av plasseringa og historia til huset, og ikkje minst på grunn av den heilt særeigne naturen. Hulda Garborg ville nok nikka bekreftande til desse orda. Ho skriv i ein artikkel frå 1917: ”Denne badestrondi på Ogna er betre enn både Skagen i Danmark og Scheweningen i Holland (…) Og når soli gjeng ned over denne vesle, herlige verdi um kveldane, er her ein eventyrglans over alle haugar så ein mest vert trylt.”

 

Tekst og foto: Nina Kalvatn Opsahl

Redaktør -

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...