Frivillig arbeid på M44

01.11.2005
Frivillig arbeid på M44
frivillightssentralen i Time

31 kvadratmeter av M44 på Bryne skal overlatast til frivillig arbeid. I dette lokalet skal der ikkje seljast varer, men gis gratis hjelp. Frivillighetssentralen i Time blir første i landet til å flytte inn i eit kommersielt kjøpesenter.

- Vi har alt skreve kontrakt med M44, og flytta inn i lokala, fortel ein svært glad leiar for frivillightssentralen i Time, Notto Moseid.

Ved sidan av han sit senterleiar på M44, Carsten Bo Andersen. 

Han har saman med eigarane av senteret tilbode frivillighetssentralen eit 31 m2 lokale på senteret til ein leigesum av null kronar per månad.

 

Møteplassen

- Kvifor tilbyr eit kjøpesenter som er bygd for å tene mest mogleg pengar, eit gratis lokale til ein ideell organisasjon?

- Det å drive eit senter handlar ikkje berre om å tene pengar, svarar Andersen, men også om å ta vare på menneske. M44 er på ein måte ein stor møteplass. Tomta senteret er bygd på har lenge vore ein samlingsplass for folk på Bryne. Før vi kom, samla folk seg på det som då var ein fotballbane, Felleskjøpet eller den gamle Mega-butikken. Og no er det vi som er den nye møteplassen. Nettopp difor passar det så godt at Frivillighetssentralen flyttar inn her.

- Moseid nikkar stadfestande Frivillighetssentralen si viktigaste oppgåve er å formidle kontakt mellom dei som vil gje hjelp, og dei som treng hjelp. Vi vil vere eit tenesteapparat som alle i Time kan få nytte av. Derfor ynskjer vi å komme så nær folk så mogleg, og å vere synlige. Det gjer vi ved å halde til her, forklarar Moseid.

Frivilligighetssentralen i Time er ein av 264 sentralar i Norge, men den einaste som til no har etablert seg i eit kommersielt kjøpesenter. Moseid er den einaste tilsette og lønna medarbeidaren i Time, elles baserer sentralen heile sitt arbeide på, og som namnet tilseier, frivilligheit.

- Mange menneske har behov for å hjelpe andre, og mange menneske treng hjelp. Gjennom oss oppnår dei kontakt. Det treng ikkje å vere store oppgåver som skal utførast. Til dømes ein pensjonist som er dårleg til beins, få hjelp til å gjennomføre handleturen sin, fortel Moseid.

 

Samanfallande interesser

Både leiaren for Frivillighetssentralen og senterleiaren er einige om at dette er ein vinn-vinn situasjon der kommersielle og ideelle interesser speler på lag.

- For oss vil det å ha Frivillighetssentralen her gi kjøpesenteret goodwill. Vi viser at vi tar vare på kundane våre, noko som vil føre til at dei igjen anbefalar andre å ta handleturen sin her, seier Andersen.

Han understrekar også at senteret ikkje tapar pengar på å leige ut lokalet gratis til Frivillighetssentralen.

- Det er vanskelig å finne ein butikk som ville leigd eit så lite lokale, men for Frivillighetssentralen var det stort nok. Derfor tenkte vi at dette får vi prøve.

Også butikken på senteret er positive til den nye innflyttaren, og har allereie komme med fleire forslag til samarbeidsprosjekt med frivilligheitssentralen, kan Moseid og Andersen fortelje.

- Vi ser det som ein ulik måte å medverke med noko positivt til lokalsamfunnet på, seier Andersen.

- Og om det samstundes dryp litt på oss, så er det greitt nok, avsluttar han.

- Å hjelpe andre gjev ein veldig god kjensle, seier Moseid og smiler.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
frivillightssentralen i Time, M44,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...