Då Amerika kom til Jæren

01.01.2004

Med sjølvaste Guglielmo Marconi på laget henta telegrafdirektør Thomas Heftye Amerika til Jæren. Året var 1913 og Amerika kom i form av lydbølgjer.

Dei vende nok hovudet både ein og to gonger, jærbuane, som fór langs vegane kring Nærland i 1913. Eit svært byggverk var i ferd med å sjå dagens lys, eit byggverk som ingen hadde sett makan til tidlegare. Rekordhøge antennemaster grov seg ned i jorda og strakte seg mot himmelen. Det var Amerikatelegrafen som var under konstruksjon, ei nyvinning som åpna Jæren for nyhende frå resten av verda.

 

Mannen med visjonen

”Jeg tilllater meg herved at meddele, at jeg – efter et aars tid at have muligheten til at have overveiet muligheten av en traadløs telegrafforbindelse mellem Norge og Nordamerika – under mitt sidste ophold i England har benyttet anledningen til at konferere med Marconi herom”, skreiv dåverande telegrafdirektør Thomas Heftye sommaren 1912 i eit brev til Arbeidsdepartementet. Og med det skrivet byrjar planleggjinga for radioanlegget på Nærland. Og nokre år seinare i 1919 opna selskapet Stavanger radio, ei trådlaus kommunikasjonslinje med Amerika.

Frå Heftye sende sitt brev til Arbeidsdepartementet og til radioanlegget var oppe og gjekk, oppsto fleire skjær i sjøen. Departementet godkjende Heftyes planar nokså raskt etter dåtidas forhold. I august 1912 vart ein kontrakt inngått med Marconi Wireless Telegraph Company om eit anlegg mellom Norges vestkyst og USA. Guglielmo Marconi hadde då bygd seg opp eit eige internasjonalt selskap som nytta den trådlause telegrafen, og var den med størst autoritet på fagfeltet. Marconi blei difor ein naturleg partner i Heftye sitt prosjekt.

 

Politisk sommel

Sjølv om Heftye hadde både Arbeidsdepartementet og Marconi på si side, måtte Stortinget også godkjenne planane og kontrakta. Og det helst litt brennkjapt, Heftye ville svært gjerne ha anlegget klart til grunnlovas 100-års jubileum, 17. mai 1914. I Stortinget tok dei seg derimot god tid. Sakshandsaminga blei utsatt to gonger på grunn av skiftande politiske omstende og to nye regjeringar. Saka vakte og oppsikt blant folket. Aftenposten skreiv i mars 1913 at det var feil å bruka nærmare 2 millioner kroner på ”en lidet paakrevet traadløs forbindelse med Amerika”. I regjeringa og på Stortinget var meiningane delte, men laurdag 28 . juni gjekk 99 av stortingsutsendingane inn for å løyve 2,1 millionar til prosjektet. 16 stemte i mot. Stavanger Aftenblad jubla og skreiv følgjende på leiarplass: ” Ved denne beslutning vil Norge ikke alene komme til å indta en fremskudt plads paa den traadløse telegrafs omraade, idet landet faar verdens største og sterkeste radio-station, men hovedsagen er, at vi blir uafhengige m.h.t. den transatlantiske telgrafkorrespondance.”

 

Krigsutbrot

Det var kontraktfesta at Marconi skulle montera stasjonen innan av 12 månader, og det var allereie klart at planen med åpning på grunnlovsdagen 1914, ikkje heldt stikk. Men Heftye lova at alt skulle vera klart før jul 1914. Slik gjekk det ikkje, arbeidet med fundamentering tok lengre tid enn planlagt på grunn av haustveret. Eit nytt hinder kom med utbrotet av 1. verdskrig. I september 1914 var antenner, stasjonsbygg og funksjonærbustader tilnærma ferdige. I England venta Marconi på klarsignal om å skipe over stasjonsmateriellet. Like før han skulle senda alt til Nærland, kom meldinga frå London om eksportforbud til nøytrale land. Utstyret vart i plassen skipa til Egypt og nytta der.

I 1917 fekk Marconi endeleg utstyret avgarde til Norge, og ved slutten av året var ein kome så langt at ein kunne starta med prøvar. Men no var amerikanerane med i krigen, og alle Marconi sine stasjonar i USA var under statleg kontroll. I 1918 kom dei første prøvesendingane i gong. Heftye og Marconi kunne stadfeste at alt såg ut til å virka bra, men anlegget kunne like vel ikkje setjast i drift grunna amerikansk forbud mot privat korrespondanse. Heftye kunne seinare visa til talmateriale som slo fast at Noreg hadde tapt om lag 4,5 millionar kroner på at radioanlegget vart såpass forsenka.

 

Endeleg

21. november tikka dei første telegramma inn til Nærland. ”I syv aar har vi ventet paa denne stund”, skreiv Stavanger Aftenblad då. I Stavanger var og ”Hylaren på Ullandhaug” reist samstundes med Nærlandanlegget, og saman utgjorde desse to radioanlegga grunnlaget for Stavanger Radio. Og anlegga blei ein suksess. Under gode forhold kunne det ekspederast om lag 50 ord i minuttet. Botnlinja på rekneskapen viste at Stavanger Radio gjekk så det susa, sjølv om investeringsutgiftene steig frå dei planlagde 2,1 millionane til 3 millionar.

 

Slutt etter sju år

Nærland viste seg å vera feil når det kom til plasserng av anlegget. Alle telegrammer som kom frå Amerika til Noreg måtte innom Nærland, og dette vart tungvindt, siden 90 av 100 telegrammer skulle til Kristiania. På grunn av dette vart Nærland berre eit forsinkande ledd. Alt i 1920 blei det reist forslag om å flytta anlegget til Østlandet. Og i februar 1925 kan Arbeiderbladet melde om at det nye mottakeranlegget på Fornebu er i prøvedrift. Dermed gjekk det mot slutten for radiooperatørane på Nærland. All ekspedisjon skulle nå skje frå Fornebu, mens Nærland blei degradert til reservestasjon, med berre tre mann på vakt.

I seinare tid har bygningane på Nærland vorte nytta som blant anna sanatorium og heim for psykisk utviklingshemma. Men dei er framleis minnesmerke etter radiotida som fekk Amerika til Jæren.

 

Av Frank Bertelsen

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Jæren, Amerikatelegrafen, Nærland,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...