Garborg for folk flest

01.01.2007
Garborg for folk flest
Heidi Elin Nupen
Sigbjørn Reime på Bryne er i gong med å modernisere endå ei bok av Arne Garborg. Denne gong er det Bondestudentar som skal gjerast meir tilgjengeleg for folk flest.

Sidan 1999 har Sigbjørn Reime arbeidd med å gjere bøkene til Arne Garborg lettare tilgjengelege for folk flest. Pedagogen meiner at ukjent språk kan vere ei barriere som skaper frustrasjon hos lesaren.

Sigbjørn Reime har i mange år drive kulturformidling i Garborgheimen og Knudaheio. I samtale med tilhøyrarar opplevde han ofte at mange fann språket til Garborg vanskeleg.

- ”Vi skulle gjerne lest Garborg – hadde det ikkje vore for språket!” var ei strofe eg ofte fekk høyre. Eg tenkte då at ei modernisering ville gjere det unike forfattarskapen til Garborg tilgjengeleg for fleire. Det viktigaste er å få formidla forfattarskapen. Stor litteratur er så moderne som det språket det er skrive på.

- Var det noko som heldt deg tilbake frå å ta fatt på arbeidet?

- Nei, men eg visste at no hadde eg lagt hovudet mitt på stabben. Å modernisere slik eg har gjort, er ikkje så vanleg, faktisk. Men eg har eigentleg fått berre positive tilbakemeldingar på arbeidet mitt med bøkene.

 

- Ikkje gjendikting

Reime fortel at det er eit tidkrevjande arbeid, og at han heile tida vil legge den moderniserte teksten så tett opp mot originalen som muleg. Difor les han inn setning for setning av førsteutgåvene til Garborg og samanliknar med det han sjølv til slutt fell ned på. I tillegg skriv han fotnotar der ord og omgrep vert grundig forklart. Fotnotane står på same side som orda som treng oppklaring; Reime er ingen tilhengar av å måtte bla seg framover og bakover medan ein les.

- Det er ikkje snakk om å gjendikte Garborg. Eg beheld orda hans så sant dei ikkje er fullstendig gått ut på dato. Å modernisere Garborg er for meg å modernisere rettskrivinga og å forklare saksforhold og ord som nye lesarar ikkje har kjennskap til. Men eg tek det ikkje ”heilt ut” – lesaren skal på ingen måte føle at dei les min tekst. Eg kunne aldri ha tenkt meg å endra på ordlyden. Eg har for stor respekt for Garborg til det, understrekar Reime.

 

Garborg til folket

- Korleis går du fram når du ser at du må velje eit nytt ord?

- Då undersøkjer eg først om Garborg sjølv har brukt ordet eg vil bruke, ein annan stad. Så sjekkar eg i nynorskordboka om det finst der, og så vert det ei vurdering. Ord og uttrykk eg er usikker på, prøver eg ut på eldre folk.

Eg har fått spørsmål om eg ikkje kan tenke meg å modernisere Arne Garborg heilt. Men det har verken eg eller nokon andre kompetanse til, etter mitt vit, slår Reime fast.

Kulturformidlaren Sigbjørn Reime er no i gong med å modernisere ”Bondestudentar”. ”Fred”, ”Haugtussa” og ”Knudaheibrev” er allereie modernisert. I tillegg har han samla alt av dagboknotat skrive i Knudaheio i boka ”Knudaheidagbok”.

 

- Eg meiner Garborg sin forfattarskap er for viktig til at nye lesararar ikkje skal få ta del i den fordi dei ikkje forstår språket. Garborg var så utruleg allsidig og ufatteleg god til å skrive.

 

 Tekst og foto: Heidi Elin Nupen

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Sigbjørn Reime, Garborgheimen,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...