Smilet som kan smelte eit isfjell

01.02.2006
Smilet som kan smelte eit isfjell
Asghar Mosivand sel persiske teppe frå butikken sin i Jærveien på Klepp. Han kan sjølv teknikken med teppeknyting, men lagar teppe berre for demonstrasjon. Teppa i butikken importerer han frå dei han meiner er dei beste teppeknyttarane i heimlandet.

Asghar Mosivand på Klepp meiner ytringsfridomen fungerer så lenge ein ikkje krenkar eller latterleggjer andre sin ståstad. Sjølv trur han meir respekt mellom menneske vil gjere verda til ein betre stad for alle.

- Verda er ikkje skapt for berre visse folkegrupper, men for heile menneskeslekta. Difor må alle respektere kvarandre og leve med kjærleik til kvarandre.

Iranaren Asghar Mosivand tek i mot Jærbuen på bakrommet i butikken sin på Klepp. Han har ringt opp ein god ven i Egersund og har ordna med to telefonar. Ein til journalisten og ein til seg sjølv. Sjølv om han snakkar svært godt norsk, vil han ha hjelp til å formulere dei viktige nyansane, der ordforrådet hans ikkje strekk til. Innimellom orsakar han seg, og går ut i butikken for å assistere kona Elham med kundane. Frå PC-en høyrest nettradioen frå BBC Persian. Mosivand likar å følge med på det som skjer rundt om i verda, og held seg oppdatert med nyheiter på morsmålet farsi. Han serverer te, frukt og bollar. Skrur av nettradioen. Skrur ned ein bråkete vifteomn. Spør om det er passeleg temperatur i rommet. Asghar vil det beste for dei rundt seg. Etterkvart kjem det for ein dag at han er like oppteken av dei som er lenger vekk også.

 

- Vi må strekke oss

- Ein kan ikkje leve passivt innanfor husets fire vegger. Vi må strekke oss for å gi andre ei hjelpande hand og behandle kvarandre med respekt.

- Korleis definerer du respekt?

- Respekt inneber å vere mot andre slik ein vil andre skal vere med ein sjølv. Sjølv om nokon tilhøyrer ein majoritet, gir ikkje dette nokon rett til å overkøyre minoriteten, seier Asghar engasjert.

Asghar Mosivand er eit utadvendt menneske som ser etter dei positive sidene ved alle kulturar. Han trur verda ville verte ein betre stad å leve i, dersom ein makta å sjå det positive i kvarandre – uansett kultur eller hudfarge. Men korleis han trur at andre oppfattar han, har han vanskeleg for å svare på.

- Kven eg trur at andre trur eg er? Det er vanskeleg å svare på sidan eg ikkje kan gå inn i hjerta deira. Eg kan ikkje svare på andre sine vegner. Men kanskje folk oppfattar meg som eit positivt menneske?

Asghar let svaret henge litt i lufta. Håper det neste spørsmålet er lettare å svare på.

 

Onkel Asghar

Den hjelpsame venen i Egersund som hjelper Asghar med formuleringane, finn orda som Asghar er usikker på. Han lyttar nøye når venen forklarar kva han har meint, for journalisten. Han nikkar nøgd etterkvart som bodskapen vert omforma frå farsi til norsk. Asghars venn kjem stadig med små innsmett om korleis Asghar er som person. Om kor glad borna er i han og at dei kallar han onkel Asghar. Venen fortel også om fotballaget Asghar starta då han også budde i Egersund. Laget bestod av både born og vaksne, av begge kjønn. Det viktigaste var å få til noko til glede for borna. Asghar kan ikkje forhalde seg passiv. Kan han bidra – så gjer han det.

 

 

Profeten Jesus

Frå bakrommet får eg auge på eit bilete som heng på veggen i butikken. Biletet er i svart/kvitt, men ser likevel ikkje fargelaust ut. Motivet er ein mann som ser ut til å ville fortelje noko. Han har også ein slags lysande glorie bak hovudet. Men kan det vere eit bilete av Jesus? Asghar stadfestar at biletet er av Jesus, og forklarar korleis biletet – som er eit knytt, persisk teppe – har blitt laga. Ein dyktig teppeknytar har brukt seks månader på biletet.

- Alle menneske har ei lengt etter å tru på noko. Eg trur Gud har laga ein ledig plass i hjertet vårt som kan fyllast opp. Personleg respekterer eg alle religionar og alles tru.

- Kva syn har muslimar på kristne, trur du?

- Eg opplever at muslimar respekterer kristne og at dei ser på Jesus som ein av dei største profetane. I Iran ville heller ikkje muslimane i si tid at filmen ”Jesus Christ Superstar” skulle visast på kinoane. Dei såg på filmen som blasfemisk, og ville at Jesus skulle respekterast.

- Burde kristne respektere muslimane meir?

- Alle bør respektere kvarandre sine religionar. Eg synest likevel at det må vere lov å forkynne det ein trur på. Men samtidig må ein ikkje ta i frå den andre parten fridomen, og ta i bruk vald eller trugsmål for å få fram sitt syn. Eg er tilhengar av ytringsfridomen, så lenge ein ikkje krenkar eller latterleggjer andre sin ståstad.

 

Språket som nøkkel

For å forstå kvarandre betre, ser Asghar språket som ein av dei viktigaste nøklane for å greie det. Han vil ikkje nøye seg med eit avgrensa ordforråd, men utvider det aktivt undervegs i dagleglivet. På bakrommet ligg ei tjukk norsk-persisk ordbok ved sida av tastaturet, med blått omslag i plast. Ordboka ser ut til å vere velbrukt.

- Språket er så rikt. Nye ord kjem til, og då slår eg opp i ordboka så fort som berre det. Klarer vi å nærme oss kvarandre i språket, vil vi ofte oppdage at ulike kulturar ikkje er så ulike likevel. Språket har stor tyding i så måte. Men det tek tid å lære norsk. Og viss ein held seg berre til eigne landsmenn, vert ordforrådet raskt avgrensa. Språket kan vere nøkkelen til å forstå ein annan kultur, og å forstå ein annan kultur kan gjere det lettare å vere i saman og å føle samhøyr.

Snart skal Asghar og kona Elham ta til med brubygging mellom ulike kulturar i praksis. I slutten på mars opnar dei ein ny butikk i kjøpesenteret M44 på Bryne. I tillegg til persiske teppe vert det nemleg butikk med internasjonal mat. Asghar er spent på korleis butikken vert motteken, men ser som vanleg positivt på utfordringane.

 

Smilet

- Kva gler deg i kvardagen?

- Smilande ansikt og kjærleik mellom menneske. Svaret kjem så kontant at det er nødvendig med ei utdjuping.

- Mellom folk du kjenner, eller?

- Nei, gleda over ekte smil og det å oppleve kjærleik mellom menneske er ikkje avgrensa til berre dei næraste. Eg prøver sjølv å gjere andre glade – anten eg kjenner dei eller ikkje. Går eg tur her på Klepp til dømes, nikkar og smilar eg til heilt ukjende også. Ofte vert det starten på ein hyggeleg samtale. Det finst eit persisk ordtak som på sett og vis har blitt eit livsmotto for meg; eit lite smil kan smelte eit isfjell.

Asghar snakkar ustanseleg no. Han må berre få sagt alt han har på hjertet om dette.

- Men eit slikt smil må sjølvsagt ha sitt utspring i kjærleik. Nokre smil er uttrykkslause og fortel lite eller ingenting. Smila som kjem med kjærleik vil spreie varme rundt seg.

 

 

Namn: Asghar Mosivand

Alder: 41

Sivilstand: Gift

Yrke: Forretningsmann og bussjåfør

 

Tekst og foto: Heidi Elin Nupen

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Asghar Mosivand,

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...