Tekstilkunstnar Bjørg Marit Bjørnevik:

01.09.2005
Tekstilkunstnar Bjørg Marit Bjørnevik:
Bjørg Marit Bjørnevik

- Trur eg har det kjekkaste til gode!

Etter eit langt liv som tekstilkunstnar, fekk Bjørg Marit innvilga garantiløn frå staten for 15 år sidan. Og sjølv om tekstilkunstnaren er svært ettertrakta, gir garantiløna henne ein tryggleik som gir henne større arbeidsro.

  

- Eg kom tidleg med i Norske Kunsthåndverkere. Det gav meg ein større sjanse til å delta på utstillingar. Ved innlevering av arbeid til landsmønstringar og utstillingar opparbeidde eg meg poeng.

Etter kvart hadde ho vorte innkjøpt av så mange, og opparbeidd seg så mange poeng, at ho i 1990 endeleg fekk ja på søknad om garantiinntekt. Denne kunstnarløna får ho til ho er 67 år. Men den som trur at denne dama kviler på laurbæra, tek skammeleg feil.

 

Store format

Ho har alltid nye og nyskapande prosjekt på gong. Den einaste fellesnemnaren for arbeida hennar må vere storleiken.

- Eg likar å sjå ting stort. Lagar store arbeid. Eg likar veldig godt å kunne gå opp på det eg lagar. Å trakke rundt oppe på eit arbeid, gir meg større oversikt over det eg held på med.

 

I verkstaden på Bryne tek ho også nokre turar opp i spiraltrappa, for å få eit endå betre overblikk.

- Frå spiraltrappa kan eg vurdere om fargane og komposisjonane held. Eg veit heller aldri resultatet 100 prosent på førehand – og det er spennande, synest eg, seier Bjørg Marit.

Folk som kjenner arbeida hennar, vil likevel trekke fram noko anna enn berre storleiken som er særmerkt ved dei. Bjørg Marit Bjørnevik er nemleg kjend for svært detaljert og grundig handverk. Detaljane er viktige, sjølv om formatet er stort.

 

Store oppdrag

Bjørg Marit Bjørnevik har i fleire ti-år hatt mange utsmykkingsoppdrag – mange store, nokre kjempestore.

- Det viktigaste og største oppdraget for meg var utsmykkinga av Gausel kirke. Då dette stod ferdig i 1998, låg det tre år med arbeid bak.

- Må ein vere godt kjend med kyrkjerommet for å kunne utsmykke det?

- Før ein startar ei utsmykking – same kva type – må ein setje seg godt inn i kva rommet skal ”vere”. Difor er det viktig med grundige samtalar med brukarane. Det ligg enormt med forarbeid, før eg i det heile nedteiknar èin strek.

Og det grundige forarbeidet har Bjørnevik mange prov på. I hyllene i verkstaden står det hyllemetrar med mapper der det meste i forprosessen er dokumentert.

- Ja, eg bruker mykje tid på å setje meg godt inn i fakta, symbolikk, tradisjonar o.s.b., og lagar mapper med innhenta informasjon, skisser, stoff og mønsterprøver. Av og til ønskjer kundar å sjå korleis eg jobbar, og då er desse nyttige verkty.

Bjørg Marit fortel at sjølv om ho har fått masse gode tilbakemeldingar på arbeida sine, kjennest det ut som å gå opp til eksamen kvar gong. Ho gir alt når det står på, og meiner skiljet mellom å vere utøvande kunstnar og privatperson kan vere vanskeleg å få auge på. Ho seier at ho kjenner seg som kunstnar nesten heile døgnet.

- Eg har aldri opplevd idètørke, men innrømmer at eg jobbar best under press og under bestilling. Men for å ha glede av arbeidet, må eg alltid gå grundig til verks.

 

På upløgd mark

Sjølv om Bjørnevik har utsmykka fleire kyrkjer, vil ho likevel ikkje karakteriserast som ”kyrkjeutsmykkar”. Til det er arbeida hennar for mangfaldige. Og når ho no – i ein av alder av 60 år – ser framover, er det med ei vissheit om at ho har mykje ugjort.

- Eg synest eg har hatt eit rikt liv, allereie no. Men eg gler meg til å ta fatt på nye prosjekt. Akkurat no er det første gongen på 20 år at eg ikkje har eit større utsmykkingsoppdrag ”hengande” over meg. Difor vil eg no prøve ut nye teknikkar – arbeide med stoff-flaten på nye måtar.

- Kva teknikkar, då?

- Bretting til relieff. Setje fleire typar materiell saman. Collagar. Generelt utforske dei tredimensjonale mulegheitene med tekstil. Eg trur faktisk eg enno har det kjekkaste til gode!

 

Tekst og foto: Heidi Elin Nupen

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Bjørg Marit Bjørnevik,

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...