Designar Mari Bjørnevik:

01.09.2005
Designar Mari Bjørnevik:
Mari Bjørnevik

- Jungeltelegrafen gir den beste reklamen!

Mari Bjørnevik er utdanna modellist og designar, og håper å jobbe som det på heiltid i framtida. No har ho 70 prosent jobb utanfor verkstaden, for å ha ei sikker inntekt.

 

- Eg syr på bestilling og lagar alt frå dåpskjolar, konfirmantkjolar og brudekjolar. Det vert også ein del oppdrag frå mødre til brudepar, dei nyttar gjerne høvet til å få seg ein kjole som ingen andre har.

Mari fortel at forutan dei som vil ha ein heilt spesiell kjole til eit heilt spesielt høve, er skreddarsaum eit kjærkome alternativ for dei som har vanskar med å finne klede i sin storleik i dei ordinære klesbutikkane.

- Det kjekkaste er å sjå kor glade kundane mine vert! Når eg syr noko som dei føler seg fine i.

- Kva gjer du for å få endå fleire kundar?

 

Jungeltelegrafen

- Eg har som prinsipp å ikkje annonsere. Det er kjekkare når ”ryktet” går med munn-til-munn-metoden – det er den beste reklamen for meg.

Og kreasjonane til Mari Bjørnevik er det ikkje berre jærbuar som har likt. Synnøve Svabø og Bertine Zetlitz er to i rampelyset som begge har bore hennar skreddarsaum. Mari er glad i reine og enkle snitt, og er inspirert av mange typar kunstnarar. Ho er svak for Vasarely, ein fransk kunstnar som får arbeida sine til å sjå tredimensjonale ut. Men også Mirò, Bertil og Ulrica Hydman Vallien og Jens og Karin Erland har kvar på sine måtar gitt Mari inspirasjon.

- Og mor, sjølvsagt. Når vi arbeidar så tett, er det kjekt at vi både kan inspirere og rådføre oss med kvarandre.

 

Mari er dotter til tekstilkunstnar Bjørg Marit Bjørnevik, og fekk bruke symaskinen heime frå ho var om lag fem år gammal. Teikna klede har ho òg gjort sidan ho var lita. Men det var etter at ho hadde jobba i brorens klesbutikk, at interessa for å designe eigne klede dukka opp. Og etter 3 år ved Esmod i Oslo stod ho ferdig utdanna. Då ho var ferdig utdanna som 24-åring i 2001, byrja ho å sy for folk på oppdrag, ved sidan av å jobbe i skobutikk. Året etter starta ho opp for seg sjølv.

 

Trengde sikker inntekt

I dag held ho til i Maria Schei-huset i Storgata, der også mor har sin verkstad, og mormor har stoffbutikk. Mari kan enno seiast å vere i startgropa, ho kan førebels ikkje leve av yrket sitt. Mari angrar likevel ikkje på yrkesvalet.

- Då eg og sambuaren min, Olav Bærheim, kjøpte oss einebustad nyleg, kravde banken ei sikrare inntekt frå mi side. Eg har difor fått meg ei 70 prosent stilling i ein klesbutikk, og syr sjølv så mykje det er muleg utanom.

- Det høyrest ut til at du har lange dagar?

- Ja, det blir det. Men samtidig kan vi ha det slik no, sidan vi ikkje har born enno. Det er også kjekt å kunne bidra økonomisk, sidan eg har levd på Olav dei siste åra. Han visste det ville vere slik i starten – eg lurte han ikkje! – men det kjennest godt å få vere med å bidra no.

 

Tekst og foto: Heidi Elin Nupen

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Mari Bjørnevik,

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...