Engasjert opprørar

21.03.2012
Engasjert opprørar
Torill Haugland

Toril Haugland frå Bryne har 40 år bak seg i reklamebransjen og 25 år i Human-Etisk Forbund (HEF). Ho er framleis like aktiv og engasjert. – Eg er nok ein opprørar, sjølv om eg har runda 60, seier ho.

-Men ikkje skriv at eg har arbeidd med reklame i 40 år. Det høyrest finare ut med 30 pluss, legg ho til.

Toril Haugland er opphavskvinne til mange logoar og anna som pregar kvardagen på Jæren og i Rogaland. Time Sparebank, Kvadrat og Reime er døme på logoar frå hennar hand. Men ho har også arbeidd i reklamebransjen i Oslo, og logoen til Bama kjem også frå Toril Haugland. Sjølv om ho har arbeidd med det meste innan reklame, er det design-arbeidet som ligg hjartet hennar nærast.

-Å designe ein logo, er som ein fødsel. Det har blitt mange spennande, men tronge, fødslar gjennom åra, seier Toril Haugland.

 

Tilbake til Jæren

Det var ein mann som fekk Toril Haugland til å hoppe av karrierestigen etter 11 år i hovudstaden, og vende tilbake til Jæren.

-Han begynte å jobbe i oljå, eg i reklamebyrå. Då me skulle ha barn eit par år seinare, valde eg i staden å starte for meg sjølv. Og slik har det vore sidan, seier Toril Haugland.

Reklamebransjen har endra seg mykje i dei åra ho har vore der.

-Då eg starta, var det spisse olbogar og usunn moral. Me drakk kaffi og fakturerte kunden. Alt var lov. Det handla mykje om karriere og lite om mellommenneskelege ting. Og eg kasta meg også på den karusellen. Men det var spennande og utviklande. Når eg hadde lært det eg trengte i eitt byrå, var det berre å kaste seg vidare til neste, fortel ho.

 

Litt for lettvint

I dag er bransjen forandra. Olbogane har blitt rundare, moralen høgare og ulvane færre. Men kunnskapsnivået og yrkesstoltheita har ikkje nødvendigvis betra seg.

-Det finst mange dyktige folk som designar flotte logoar, men eg merkar at grunnleggjande kjennskap til typografi manglar i dag. Utdanninga inneheld ikkje dette i same grad lenger. Mykje av det som blir laga av trykksaker i dag, kunne vore mykje meir lesbart. Det har også blitt litt for lett å setje i gang og kalle seg designar når ein meistrar dataverktyet som trengst. Det er litt trist. Dette er eit fag, slår Toril Haugland fast.

-Det er vel ikkje så mange som klarer å henge med på utviklinga av dataverkty og nye trendar i 30 år pluss?

-Nei, det kan du gjerne seie, men det er veldig spennande å vere med på dei endringane. For ein del år tilbake hadde eg aldri trudd at eg ein dag skulle kaste fargestiftane og setje meg framfor ein skjerm når eg skulle teikne ein logo. I dag har eg berre skisseblokka igjen. Alt teiknearbeid elles føregår på skjermen, og verktya som finst er veldig gode, seier ho.

 

Uglesett

Toril Haugland har vore med i styret i Jæren HEF i 25 år, og var med på stiftinga av lokallaget. Ho sit også i fylkesstyret og er instruktør for 40-50 kursleiarar i humanistisk konfirmasjonsundervising i Rogaland. Dei siste 10-11 åra har ho hatt ansvaret for humanistisk konfirmasjon på Jæren.

-Det tek mykje tid, men så er det også fantastisk kjekt. Eg er veldig glad i fjortisar, og eg sluttar aldri å la meg imponere over kor oppegåande og kunnskapsrike dei er i høve til min generasjon ungdom frå Jæren. Eg trur det handlar mykje om at det er akseptert å snakke om det meste i dag. Det er ikkje så mange ting som skal teiast i hel, meiner ho.

Ho merkar også at synet på HEF har endra seg i dei åra ho har vore aktiv på Jæren.

-Me var sjølvsagt uglesette i starten. Jæren har ein høg himmel, men det kan vere trongt mellom augene. På stiftingsmøtet vårt vart me oppsøkte og utskjelte og dømde til evig fortaping. Menneskerespekt var ikkje tema. Me hadde ingen moral, ingen etikk, og folk spurde «kva skal det bli av ungane dykkar?». Vel, ungane våre har klart seg godt. Me har sjølvsagt kome langt sidan den gong, også på Jæren, men så seint som i år har eg fått telefonar frå ungdomar som gjerne ville blitt med på humanistisk konfirmasjon, men ikkje får lov heime, og frå foreldre som er sinte fordi borna deira har fått tilsendt informasjon om vår konfirmasjonsundervising.

 

Hoia på Bryne torg

Torill Haugland sin far var ateist. Ho trur ho har fått livssynet og opprørstrongen frå han.

-Då far min skulle konfirmerast, gjekk han og gjestene fem kilometer til Time kyrkje. Då følgjet kom fram til kyrkja, snudde far min på kyrkjetrappa. Han kjente at dette var feil. Han fortalde meg ein gong at då eg sjølv skulle byrje på skulen, spurte han meg kva eg rekna med at eg skulle lære på skulen. Eg svara «lese, skrive, rekne og tru på Gud». Og slik var det jo. Då eg blei større, oppdaga eg at eg blei mata med tru. Ingen er fødde med tru, me lærer å tru. Det var den oppdaginga som fekk meg til å engasjere meg, seier ho.

Og engasjementet fekk sitt utløp i Human-Etisk Forbund. Men opprøraren Toril Haugland ville nok meir enn dei fleste, også der.

-Eg meinte me gjekk for stilt i dørene. Me hadde våre møte, medan kristne organisasjonar sto på torget og song. Eg trur far min hadde vore stolt av meg den dagen eg bestemte meg for å ha stand på Bryne torg, og sto og hoia om Human-Etisk Forbund, ler Toril Haugland.

-Og eg har vel stort sett hoia sidan, òg, legg ho til.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Toril Haugland, Human-Etisk Forbund,

Nyheter

Jerndikt

Jerndikt

Et forsøk på å forstå ...

Da bikkjene gikk løse

Da bikkjene gikk løse

Tilhørlighet Å bli tatt imot med ...

Aller helst vil eg danse

Aller helst vil eg danse

Det lakkar og lir … - Kom, lat oss snu timeglaset ...

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

En gripende reise gjennom generasjoners kamp, ...

Trollet på hytta hjalp til med kveldsstellet

Trollet på hytta hjalp til med kveldsste...

Kristine Buettner blander gjenkjennelig hverdagsproblematikk ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...