Folk må ta ansvar for kjæledyra sine!

22.09.2005
Folk må ta ansvar for kjæledyra sine!
Kari Mills

Dyrebeskyttelsens hjelpesenter fekk inn meir enn 20 kattar i løpet av ferien denne sommaren. For kvart år som går, får sen-teret inn stadig fleire kattar som treng hjelp. No bur 193 kattar ved senteret på Hinna, og leiar Kari Mills vurderer dagleg å gi opp.

- Kapasiteten er for lengst sprengt, og fleire av oss i Dyrebeskyttelsen ser oss nøydde til å ta kattar inn i privatheimane våre. Vi er fortvila og har hatt lyst til å gi opp mange gonger, fortel Kari Mills, leiar ved Dyrebeskyttelsens hjelpesenter.
Sjølv har ho for tida 138 kattar i privatbustaden sin, og ho innrøm-mer at ho mislikar sterkt at somme ser ut til å tru at det er "greit" å -te frå seg kjæledyret sitt i hagen hennar. Også ved senteret på Hinna opplever dei at katteeigarar frå seg kjæledyra sine. Kattane vert "leverte" i kassar og i plastposar. Elles vert kattane funne, eller opp-søkt etter meldingar om vanskjøtsel - Men Dyrebeskyttelsen er ikkje til for å ta seg av folk sine kjæledyr. Vi er til for dyr som har kome i ein prekær situasjon. Å reise på ferie er ingen prekær situasjon, understre-
ker Mills.
Ho fortel at katteeigarar stadig vekk ringer og ber om å få kattane sine henta av Dyrebeskyttelsen. Dei truar med å avlive dei, om ikkje dei vert henta.
- Slike oppringingar får oss då til å tenke; korleis har katten det, om eigaren er i stand til å ta livet av han? Det hender også at vi i Dyrebeskyttelsen vert drapstrua, når vi forklarar at eigaren har ansvaret for sine eigne kjæledyr. - Korleis er det å jobbe i Dyrebeskyttelsen?
- Det er faktisk ganske nedbry-tande. På vakttelefonen har vi årleg mellom 800 og 1500 saker, og alle kattane som bur her på senteret har tragiske historier. Å finne kattar lagt i plastpose, har etterkvart vorte ganske vanleg, og ikkje alle er i live når vi finn dei, fortel Mills.
Og i heile huset vandrar kattar med tragiske forhistorier.

"Stompen" har blitt sparka slik at heile hoftepartiet har forskyve seg. "NSB" har blitt sparka så mykje at han ikkje lenger klarer å hoppe. "Hinky" fekk halve foten hogd av på ein fest. "Alexander" vart låst
inne medan eigaren drog på ferie. Dyrebeskyttelsen fekk hjelp til å få han ut i frå fangeskapen, og eigaren har ikkje spurt etter han sidan. Eigaren ville nok likevel ikkje fått han tilbake om han tok kontakt.
- Vi er veldig strenge på det. Når nokon tek i mot ein katt for omplas-sering, må dei skrive kontrakt med oss. I kontrakten går det også fram at vi har retten til å "inndra" katten igjen, dersom vi får mistanke om mishandling eller vanskjøtsel, seier Mills.
Kari Mills har ein del hjelparar, og stiftinga får ein del pengegåver. Likevel, for å ta seg av Becky, Bo, Harry Holm, Vita, Kiwi, Tutta, Stompen og dei 186 andre pusane, arbeider Kari Mills om lag 10 timar ulønna kvar dag. Ho fnys likevel av festtalane til politikarane om verdi-en av frivillig arbeid.
- Dei likar å framheve at Norge er eit føregangsland i frivillig arbeid, samtidig som dei veit at dei tener rått på oss. For på dei nødvendige utgiftene til mat, medisinar og vete-rinærbesøk, betalar vi jo 25 % moms rett til staten. Det synest eg er veldig urettferdig, når vi må kave oss i hjel for å få inn pengar til drifta. Og hadde alt vore greit med dyrehaldet i Norge, hadde det ikkje vore behov for oss, men vi ser at behovet berre aukar og aukar, fortel Mills.
Dyrebeskyttelsen meiner eit stat-leg mottak burde verte opna, og sei-er at det statlege dyrevernet ikkje foretek seg noko når det gjeld kat-tar.
- Dyrevernet gjer for det meste berre ein ting når det gjeld van-skjøtte kattar. Dei avliver dei. Men vi meiner friske dyr ikkje skal trenge å verte avliva. Vi meiner folk må ta ansvar for kattane sine og sterilisere og kastrere dei. Å -te dei frå seg ein plass, er ikkje eit ansvarleg dyrehald, avsluttar Mills

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...