Han som tar humor på alvor

01.03.2005
Han som tar humor på alvor
Svein Inge Årrestad

- Veit du kvifor kvinner lev lengre enn menn? Det er fordi dei ler meir. Det er sant; ein god latter forlenger livet.

- Humor e noge av det mest alvorliga så finns! Om du ikkje kan le, så kan du ikkje leva. Det er dreve seriøs forsking på dette. Svein Inge Årrestad viser ivrig fram på brosjyrar og bøker. Teiknar og forklarer korleis latteren fører viktige stoff rundt i kroppen og opp i hjernen og andre ting eg ikkje heilt forstår. Men poenget, som eg raskt tar, er altså at det å le er den beste medisin som finst.

 

 

Revyen

Overfor meg sit mannen som har tatt humor på alvor heile livet. Pent antrukke i skjorte og slips skjenker han te og byr på kake og frukt. Det finst få som kan konkurrere med han når det gjeld aktivitetar. Gjennom sine 72 år her på jorda har han rukke å drive trelastfirma, sitte i kommunestyre og formannskap, drive musikkorps, vore aktiv medlem i fleire organisasjonar, gitt ut to bøker og skrive fleire songar, og sist men ikkje minst underhalde folket på Jæren. For over 40 år sia kom han heim til Nærbø, og starta opp Nærbø-revyen.

- Eg hadde sett Studentrevyen på Samfundet i Trondheim, seier Årrestad.

- Eg prøvde òg å bli med sjølv, men eg fekk ikkje. Dei likte ikkje dialekten min. Eg trur ikkje dei forsto kva eg sa. Ha-ha. Rynkene rundt auga til Årrestad blir tydelege.

- Men da eg kom heim, fekk eg lyst til å starte opp med revy her. Distriktet hadde hatt tradisjon frå revy tidlegare, og eg merka fort at spelebasillen og gleda framleis var tilstades. Så forholda låg med andre ord perfekt til rette. Han smiler.

- Men er trauste og fåmælte jærbuar så glade i å utfolde seg på ei scene, då?  Mannen som sit overfor meg, sukkar djupt og oppgitt.

- Jærbuar er ikkje stille og sjenerte i det heile tatt. Men den førestellinga er dessverre utbreidd. Eg trur mykje av inntrykket folk flest har av Jæren som det mørke fastland, stammar frå bøkene til Arne Garborg. Eg er sjølv glad i Garborg, og det finst òg innslag av den jærske humoren i bøkene hans, men han let det mørke dominere over den lyse og kreative humoren hos jærbuen.

 

 

Humor på jærsk

- Du må spise meir. Ta meir kake, og ta nokre druer òg. Årrestad skrellar ein appelsin medan han svarer på spørsmål om kva som kjenneteiknar humoren til nettopp jærbuen.

- Den er lun med eit fint islett av ironi utan å gå over streken. Den er kjærteiknande, kan du seie. Den hyllar evna jærbuen har til å lire av seg gode replikkar.  Og den har vore tilstades sjølv i den mest alvorstunge pietistiske tid. Muntre historier om replikkjappe jærbuar har gått frå munn til munn, og slik har vi bevart den spesielle forma for humor som vi har her i dag. Han lenar seg tilbake i stolen.

- Du veit, folk hadde ikkje så mange måtar å underhalde seg på før som no. Ein måtte more seg sjølv då. For eksempel blei godt uvennskap sett pris på og dyrka. Spesielt spennande var det å møta opp når det var aktivitet i rettssalen. Det som skjedde der, var ofte den beste underhaldninga ein kunne få. Det har eg forresten ei historie om. Vil  du høyre? Årrestad sett i gang med dagens første historie.  Og etterkvart som intervjuet skrid fram, skal det bli mange av dei. Han fortel med ei utruleg innleving. Medan  han fortel, forandrar han personlegdom. Først er han den sinte naboen, så skiftar han over til den snille presten og så til den myndige dommaren og tilbake til naboen igjen. Det heile endar med eit godt poeng og ein latter.

 

 

Det e viktigt å le

- Det er mange store menn som har vore einige med meg i den positive verknaden humor har på kropp og sjel. Til og med Bibelen slår et slag for humoren. Hør bare her: Årrestad leitar fram eit ark.

 - Det glade hjertet gir god legedom, men et nedslått mot tar margen frå bena. Årrestad lar fingeren gli langs orda han les.

- Og her er eit frå den franske filosofen Voltaire. Den medisinske kunst består i å more pasienten samtidig som naturen helbreder sjukdommen. Det burde vore forska mykje meir på den gode verknaden humoren har på oss. Det blir fokusert så mykje på at vi er stressa og deprimerte, og korleis dette går ut over både vår fysiske og psykiske helse. Eg skulle så gjerne ønskje at det kunne forskast litt meir på kva humoren og latteren gjer for helsa vår. Han sukkar oppgitt.

 

Ein kan le av alt

- Om me kan ha det løye med alt, spør du? Ja, det kan me. Årrestad er sikker i sin sak. At dei fleste nå kan le heilt openlyst av tidlegare tabuområde av livet som sex og død, heilt openlyst meiner han er bra.

- Humoren skal ikkje vere framand i nokon sammenheng. Det å kunne le av seg sjølv er til dømes viktig. Ein må ikkje ta seg sjølv så høgtideleg. Om alt går gale ein dag, må ein tenke som så at om ikkje noko anna, kan det i alle fall kan bli ei god historie utav det,  ei som du og andre kan le av. Sjølv i motgang er det viktig med humor. Det kan nå ikkje bli verre av det. Nå må du spise nokre druer.

 

 

....nesten

- Nei, eg likar ikkje at folk held leven på kostnad av andre. Årrestad svarar på kva han synest om humoren som dominerer i dag.

Ein slik humor er korkje helse- eller livbringande. Det er ikkje ein god humor, men ein nedbrytande ein. Humor på andre sin bekostning utløyser ikkje den gode latteren, og dermed hjelper den heller ikkje på helsa. Humoren må vere god for å gjere det, konstaterer han.

- Er ikkje denne humoren god?

- Nei, den appellerer ikkje til det gode i oss, men til andre eigenskapar vi har, som misunning og skadefryd. Det er jo òg delar av vår menneskelege natur, men dei er ikkje så helsebringande.

- Er det ingen av dagens humoristar som du ler av, da?

- Jo, det er det. Per Inge Torkelsen til dømes, han har eg sansen for. Men, han må jo understreke at også Per Inge går litt vel langt nokre gonger.

- Den store stygge eldreboka hans var det ein del som følte seg truffe litt hardt av, du er jo etterkvart blitt ein av de han skriv om der. Blei du fornærma på dei eldre sine vegner?

- Neei, Årrestad trekker på det.

- Han gjekk jo litt langt der òg. Men, vi eldre er veldig gode til å syte og klage. Det verkar ofte som dess verre dess betre. Smilerynkene rundt auga hans kjem tydeleg fram.

- Det var ein gong ei eldre dame som kom bort til meg og sa, at vi snakkar bare om det som er gale, nå. Og det trur eg det er noko i. Det er mange som ikkje ler så mykje lenger. Men, seier han med store bokstavar, alle har humor, og den bør ein dyrke.

- Korleis då?

- Jo, når det skjer noko morosamt, eller når du høyrer ei god historie, så notér det i hovudet ditt, og ta ho fram ein gong det trengs. Eg ser ofte folk som noterer når eg fortel historier, og det blir eg glad for. Eg har jo ikkje einerett på dei. Eit lurt smil kjem til syne.

- Eg har sikkert stole dei sjølv ein plass.

 

 

 

 

Humor kan brugast te mye

Vi spiser kake.

- Du kan få sagt mye med bruk av litt humor. Eg ser det som mi viktigaste oppgåve å seie alvorlege ting gjennom å kalle fram latteren hos folk. Årrestad snakkar alvorleg om tøys.

Som ein erfaren lokalpolitikar med mange år bak seg for partiet Venstre krydra han ofte innlegga sine med litt spøk. Det var det ikkje alle som lo like mykje av. Det hende at han fekk påtale frå andre politikarar som meinte at politikken ikkje var nokon revyscene.

- Mange vil nok oppfatte bruk av humor som ureint spel, som noko som ikkje har plass i ein seriøs diskusjon. Eg skjønar poenget deira, men humor har òg evna til å vise ting frå ein annan vinkel, og skape interesse og engasjement rundt meir alvorlege ting. Du kan få sagt ganske mykje med å bruke humor. Det er nettopp det som er min viktigaste bodskap,  at ein kan seie viktige og alvorlege ting med hjelp av humoren, seier Aarrestad. Auga bak brilleglasa er alvorlege.     

- Kva ler du av?

- Nei, eg ler av det meste, eg. Ja, ikkje så mykje av eigne historier lenger. Men det er fordi eg har høyrt dei så mange gongar før. Ha-ha. Morosame historier som oppstår i kvardagslivet ler eg av, og så ler eg av meg sjølv òg. Det er viktig. Årrestad fortset

- Det som er så bra med humoren , er at den bygg bruer mellom menneske. Det å le saman, det gjer så godt.

 

 

Pensjonert humorist?

- Kva har humor hatt å seie for deg?

- Den har vore ein viktig del av meg, som du sikkert skjønar. Det er ei takknemleg oppgåve å få folk til å ha det kjekt.

Det er nokre år sia han blei pensjonist, men kvardagen til  Årrestad kan ikkje kallast pensjonert.

- Eg har framleis ein altfor hard timeplan, seier han. Men han har store planar om snart å trappe ned.  Han har så smått starta med å overlate ansvaret for revyen til andre, og ser med glede på at den gamle tradisjonen førast vidare.

- Det er fint å sjå at ting veks og gror etter deg.

Men han skal ikkje gi seg heilt med alt.

-Eg vil nok alltid vere engasjert i det meste som skjer, seier han og smiler. Men eg har ein snikande følelse av at ting ikkje går så fort med meg no som dei gjorde før. Men han nektar å akseptere at det må vere sånn.

- Eg føler meg enno ung, men eg registrerer at eg etter kvart omgås fleire gamle folk enn før. Smilerynkene kjem fram att hos Årrestad.

- Å få folk til å le har gitt meg mye. Og eg har henta overskotet mitt frå dette arbeidet. I meg sjølv har eg sett den stimulerande effekten humoren har på både kreativitet og produksjonsvilje. Du veit, den dagen du ikkje har ledd, har vore ein bortkasta dag.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Svein Inge Årrestad, humor,

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...