Knott, gurdynamitt og krigsfangar

11.03.2013
Knott, gurdynamitt og krigsfangar
Gurfabrikken

I bakkane ned mot Lutsivatnet, nokon vil like godt kalla det Hogstadvatnet, var det ein gong tre husmannsplassar. Desse plassane blei til eit gardsbruk. Namnet var Steinane. Ein maidag hadde Asbjørn og Enok avtale med Trygve Fløysvik. Trygve var ofte hos Morkane i krigsåra. Eigar var Gunvald Mork, men broren Torkel med familie budde også her. I dag er både hus og løe borte, også ”Blekkhuset” er borte, men under krigen blei det laga knott her.

«Trygve forklarte: Knott var erstatning for bensin til både bil og buss. Det blei montert ein generator på bilen. Her blei det fyrt med knott. Var vegen lang, så måtte det stagast og fyllast på meir knott. Asbjørn meiner me kan samanlikna dette med moderne vedomnar, der gass frå veden brenn i ein fin flamme. Vedkubbar blei kutta til små stubbar, heilt ned til fem cm. Deretter blei stubbane hogde til små skier. Skiene måtte vera heilt tørre. Dermed hadde me knott!

Steinane var det elektrisk sag, derfor var det bra å ha produksjonen her. Far til Trygve hadde interesse i denne produksjonen, dermed var også Trygve med. Men han var bare gutungen, så han fekk gjera det han ville. Kjekkast var det å kjøra med hest. Det var slett ikkje så kjekt å hogga knott. Trygve sin far var Alf Fløysvik. Han arbeidde i ”guren”, og kjørte lastebil med knott som drivstoff.

Eigedommen til Morkane gjekk ned til vatnet. Trygve hadde god greie på arbeidet på kiselgurfabrikken. Me tok turen ned for å sjå, med Trygve som guide.


Gurdynamitt
Alfred Nobel fann opp gurdynamitten. Han tok patent på denne i 1867. Dynamitt er eit nyttig sprengstoff, men det er òg materiale for krigsindustrien. Det vart tatt opp gur frå Ims- Lutsivassdraget i generasjonar, siste plassen var Hogstadvika. Fabrikken låg på Fløysvik, ned mot vatnet. Det var produksjon her til 1950.
I dag ser me restane av samlekummen og fabrikken. Ved å passera Bergura i Riska, tok me vegen ned til høgre, og så fekk Trygve ordet:

Etter at krigen var komen til Noreg, og det var tyske interesser for gur, så bestemte Alf seg for å redda ein motorbåt som var der. Han og Trygve tok båten og førte den vekk, til ein plass det var tatt gur tidlegare. Her søkte dei båten. Etter krigen blei båten heva. Denne sabotasjen blei ikkje oppdaga.


Produksjonen var slik: Ein motorbåt slepte ein lekter til posisjon. På ein annan lekter var det montert ein grabb. Gur, det vil seia ein gjørmeliknande masse, blei tatt med grabben og prammen blei lasta og slept til kai. Her var det ein grabb på land som løfta massen over i kummen. Ein del vatn rann nå av. Massen blei deretter førd til fabrikken. Her blei massen pressa mellom to dukar, slik at mesteparten av vatn kom bort.


Neste skritt var tørking i brennkammer. Det var oljefyr som skaffa varme. Omlegging til koksfyring etter krigen var ikkje vellukka, og var medverkande årsak til konkursen.


Guren vandra på transportband, og det ferdige produktet var som fint mjøl. Det blei fylt i papirsekker, fekk muleband, og hamna på lastebilen for transport.
Gur er skall frå algar frå ei fjern fortid. Reinsa og tørka er det som eit lett pulver. Det er veldig porøst og lett og det løyser seg ikkje opp. I naturen er det som grautgrautaktig og slamliknande jord, men frå fabrikken er det eit produkt som kan vera fyllmasse (isolasjon) og nyttig som filter. Gur blir og nytta til medisinsk bruk og i kosmetikkprodukt, men altså også i våpenindustrien.

Av interesse for Wehmacht
Piggtrådsperringar og tyske vakter fortel at guren var viktig. Etter ei tid tok tyskarane over kontrollen med kiselgurproduksjonen. Området blei inngjerda med piggtråd. Det kom opp ikkje mindre enn to passeringar inn til området med tysk væpna vakt. Først ein passering, etter ei tid ny kontroll, og så var du på området.
Alf var ei tid sjåfør. Trygve meiner det var tre lastebilar knytte til fabrikken. Det blei nytta knottgenerator på bilane, men for å få start på motoren, måtte det til ”ein dram”, altså litt bensin. Alf fann sin eigen teknikk. Han jekka opp bakhjula og hadde drivreim til elektrisk motor på hjula, dermed blei det start. Alf arbeidde òg i anlegget på fabrikken. Han var nok den som hadde mest greie på korleis alt fungerte.
Trygve fortel at faren mange gonger blei henta av tyske vakter. Då var det eit eller anna problem på fabrikken. Dette hende også om natta. Ein gong var familien sikker på at han var tatt til fange, men det gjekk bra.
Det var tre skift:06-14, 14-22 og 22-06. Det var produksjon dag som natt.

Både riskabuar og fangar
arbeidde på Stavanger kiselgurfabrikk
Trygve hugsar namna på åtte frå Fløysvik og Bratthetland på arbeid her. Det var folk frå Riska òg, men han hugsar bare ein, og det er faktisk den siste som budde i Marahålå (Lundekvam). Han sov på fabrikken i veka. Til helga kom kona og henta han med hest og kjerre.
Dei tyske vaktene var nok stasjonerte i Vatneleiren. Men innanfor leirområdet til fabrikken var det brakke for russiske krigsfangar. Den tyske Wehrmacht nytta fangar som arbeidskraft. Alf hadde med litt mat til dei, og hadde sine triks slik at dette ikkje blei oppdaga av tyske vakter.
Fangane blei behandla dårleg, seier Trygve, men forholdet til norske arbeidarar var greitt. Det måtte kanskje vera 10-15 personar i arbeid på kvart skift. Kanskje mindre om natta, for då blei det vel ikkje tatt gur frå vatnet. Men dette betyr at det kanskje var 30-40 personar engasjerte i fabrikken med skiftarbeid eller på dagtid, inkludert eit ukjent tal krigsfangar.

Mønsteret for gurproduksjonen
på Fløysvik/Hogstad under krigen var etter vanleg mønster. Det var norsk firma og leveranse av produktet til tyske interesser. Det blei nytta norsk arbeidskraft, og der forholda låg til rette for det, også krigsfangar. Sterkt vakthald og at området var innesperra av piggtråd, forklarer at produksjonen var av stor interesse for okkupasjonsmakta. Frå Steinane var utsikta fin til vatnet. På garden og i nærområdet var det altså stor aktivitet under krigen.

Redaktør -

Nyheter

Lykke i en lomme

Lykke i en lomme

En diktsamling om det vare og nære som ...

Pensel og poesi

Pensel og poesi

En tankevekkende bok som vil treffe deg og ...

Ord i Arktis

Ord i Arktis

«Ord i Arktis» handler ikke om Arktis, men ...

En fabelaktig andaktsbok

En fabelaktig andaktsbok

Trenger du inspirasjon til andaktsstunden? ...

Fra helt på bunn til helt på topp

Fra helt på bunn til helt på topp

En del av en livshistorie fortalt i mikr...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...