Bondeyrket var ei stor utfordring

19.10.2012
Bondeyrket var ei stor utfordring
Rasjoneringskort.

Å driva gardsbruk var ikkje lett i krigsåra. Det var ein balansegang mellom krav, pålegg og forventningar på den eine sida, og fagkunnskap, etikk og samvit på den andre.

Presset var naturleg nok størst på dei bynære bygdene og bygder med industri eller anna næringsverksemd. Med mange hytter alt den gongen, og ein god del arbeidsfolk utan større jordflekken i Vågenområdet, låg riskabøndene dårleg an i dette presset.
I hytteområda hadde dei eit slags ansvar for ”kvar sine hyttefamiliar”. Dei fastbuande som var bygdefolk sjølv, hadde på sett og vis ein slags rett til kontakt med ein bonde som kunne avsjå litt mjølk, egg, poteter eller kva det nå kunne vera.


Svart handel vart eit omgrep i denne tida. Var det eigentleg alltid ”svart handel”? Ofte var det kanskje ikkje rette ordet. Eit lite tilskot til rasjonane i ny og ne var eit lyspunkt i ein grå kvardag og langt frå nokon luksus. Men varene vart jo tekne frå det som skulle gått til det store fellesskapet.
Om me ikkje hadde direkte hungersnaud i vårt land, så var folk holsvoltne etter det meste, og særleg det som smaka søtt og feitt. Ja, gjerne det som mange i dag rynkar på nasen av og legg til sides på tallerkenen.
At det var folk som utnytta ein vanskeleg situasjon, og som hadde mammon svært kjær, kan ikkje nektast. Etter mange år med nok av varer og lite pengar, var det nå mangel på dei fleste varer, men arbeid og pengar å tena for alle. Folk betalte gjerne litt ekstra for å få tak i ”litt utanom”. Men det kunne gå ei grense. Dei som gjorde seg rike på andres naud, fekk mykje negativ omtale, som det heiter i dag. Dei vart også til belastning for si yrkesgruppe, i dette tilfelle bøndene.


Straffa var streng og inndraginga stor for den som vart teken for svart handel. Avstraffinga kunne også takast i eigne hender. Eg hugsar ikkje slike offentlege saker her i bygda, men ei ”privat” slik sak ”gjekk på bygda”. Det var jo før personvernet var oppfunne: Ein mann hadde fått kjøpa egg for 2 kroner stykket. Det var veldig drygt etter prisnivået på den tida. «Er egget mitt nå?» spurde kjøparen. Jo, det var det, stadfesta seljaren. Deretter drylte mannen eit egg midt i fleisen på bonden!

Gardsdrifta vart sterkt regulert. Meir og meir ettersom tida gjekk og krigen drog i langdrag. Det kom pålegg om kor mange dekar bonden skulle ha med korn, poteter og fôr. Plikt til å levera så og så mange kilo av ditt og datt når hausten kom.
Teljing av kyr på bås var lett, men kanskje kunne ein lura unna nokre høner eller kyllingar som flaksa rundt i eit gammalt og støvfullt uthus. Kanskje til og med eit stille og saktmodig lam bakarst i flokken, eller ein kornsekk baki halmstaen på løa. Men potetbingane hadde sine mål som det var lite å gjera med, og mjølkemengda vart kontrollert på meierivekta.


Mykje sto og fall likevel med kontrollsystemet. Det kunne vera folk frå lensmannskontoret eller andre offentlege personar. Det kunne vera ”oppnemnde”, pålitelege personar – eit tillitsverv med andre ord. Jamt over såg dei nok ein del ”mellom fingrane”. Eller som då ein vel omtykt lærar kom på kontroll til ein gard på Hetland. Han gjekk først innom kona for ein kaffiskvett og prat. Imens fekk mannfolka tid på seg til å gjera løa klar for kontrolløren. Læraren var endåtil ein representant for ”den nye tids ideologi”.


Under slike tilhøve kravdes det stor omtanke for korleis ein kunne pina mest mogleg produksjon ut av garden: Kva jord og dyrkingsvekster gav best avling? Nytta gjødsla med omtanke!
Hevdakjellaren var grei nok, og me hadde Norsk Hydro i landet. Verre vart det etter kvart med gjødselslag me t i d l e g a r e hadde fått over N o r d s j ø e n . Dermed vart jordsmonnet ”utpint” for visse stoff.


Dei siste stråa langs reinane vart nytta som beite, og det var viktig å halda ugraset borte frå å k r a n e . Fôrsituasjonen strama seg til, fôr eigen fôrproduksjon avhang av veret og gjødsling. Krattskogen minka, for dyra beita også den. Me skar lauvkjervar av tynne, bladrike greiner og renningar, og la dei til tørk på løa for vinteren, slik som i eldre tider.
Kraftfôr var det nærpå slutt med. Litt kli og sildamjøl – ja, den velsigna silda! Og så cellulose og litt melasse. Rein, kvit cellulose i tjukke ark på omtrent kvadratmeteren. Bløytt i vatn, riven i betar, i beste fall klint på eit grann melasse. Kyrne åt det! Holsvoltne som vel også dei var. Melasse var visstnok eit restprodukt frå sukkerproduksjonen i andre land og hadde truleg ein god smak for kutunga.


Å få mest mogleg ut av garden under vanskelege vilkår, det opptok gardbrukarane i denne tida. Det var eit dagleg kav året rundt, for både dei vaksne og borna. Vinterhalvåret gjekk med til vedlikehald og lapping av nedslite utstyr, og til vedhogst for dei kalde vintrane den gong. Inga motorsag, ingen vedkløyvar, alt med handsag og øks.


Svalt gjorde me ikkje, men kosten var einsarta. Turr skive til skulemat den siste vinteren kunne gå an fordi eg hadde ein mjølkeskvett attåt. Men kva med ”vågaungane” utan mjølkeskvett og lite skive? Og kva med dei som ”fall utanom” som alltid? Det hende kanskje at gardaungar hadde litt å dela med dei som hadde mindre i klassen. Men eg er viss på at ein del born av desse årgangane fekk ein dårleg start i livet, fysisk og helsemessig.

”Å orga” var eit velbrukt uttrykk. Det gjaldt å finna på ting, finna løysingar og utvegar på problema. Kort sagt å organisera. For ein del vart det råd med det meste, men for andre var det ikkje så lett. ”Orga” var å skapa ein vinn-vinn-situasjon i språket av i dag. Det gjekk ofte på byting av ting og tenester. I avisene var bytespaltene mange og lange. I mange høve drog ein nytte av kjennskap og vennskap.
Eit par døme på dette: Som fortalt i boka Hytteliv i Riska hadde fabrikkeigaren hytta på øvste utsiktplassen på vårt bruk. Han dreiv med sild og hermetikk, og hadde eit lager på Steinsøynå. I ei krå der var det ”attgløymt” nokre sekker med sildamjøl. Far lånte robåten i naustet hans, rodde ein dagstur til lageret og fekk med seg nokre sekker. Litt vågalt var det, for det var ofte kontroll i hamneområdet, men han kom vel heim til mjølketid. Utan nokon Terje Vigen-dramatikk.

Ein sommar vart far heilt i beit for smøreolje til slåmaskinen. Men grosseraren som eg også har nemnd i Hytteliv i Riska, same avsnitt som fabrikkeigaren, hadde nokre oljetønner stuva vekk innerst i lageret nedanfor Valberget. Bygningane har hatt namnet Nilsen & Vold til det siste, men med heilt anna verksemd. Smårestane i tomtønnene rakk til slåmaskinen resten av krigsåra.

Det var ofte eit problem å finna på noko til middagsmat, endåtil på ein gard. Fiskebilen måtte gje seg tidleg, og lokalt småfiske var det lite av det meste av året. Sommars tid kunne det koma ein kasse eller to med fjordasild eller makrell til forretningane i Vågen, eller ein notslump av same slaget frå ein fiskebåt ved ei av små bryggene. Om ein kunne sjå seg tid til Våga-tur ”på vona” midt i høyonna.
Me prøvde med gjøkalv. Det som om våren var sagt å vera ”ein daudfødt kalv”, kva veit eg? Kalven vart på nokre sommarmånader til eit trufast og tillitsfullt kosedyr. Men leiken tok slutt, og – kort sagt – ”tyggå” vaks i munnen på meg. Det var fælt.
Far prøvde med gris. Det gjekk betre. Grisen gjekk og smågrylte for seg sjølv i bingen. Dette var i den tida då flesket aldri vart tjukt nok på grisene. Dermed vart det salt fleskekjøt og komla med stor dått, så lenge grisen varde.
Me hadde ikkje sauer, men det hadde ein ungdomskamerat av far. Dermed pleidde me ”å få tak i” eit lam på haustparten. Det vart mykje godt ut av ein lammeskrått på 12-14 kilo, endåtil rullepølse!
Ramma for lagring av matvarer låg innanfor dei mulegheiter eit kaldt kjellargolv, grovt salt og Sandnes-steinty gav, altså brune, glaserte krukker og fat frå teglverka der.


Fôrroer gav stor avling på lune stader, jamvel i nordavindbakkane på Riska. Sukkerroene vart derimot noko småputl, og resultatet ei innkokt, sirupsliknande sørpe med sterk eller beisk søtsmak.
Plommesesongen vart forlenga med svisketørking i steikeomnen på svak varme og heimelaga trespilerister. Om det vart sviskegraut til jul, hugsar eg ikkje sikkert. Men knapt nok til påske.


Ideane var mange rundt om, og utprøvingane med vekslande hell. Noko var lokalt heimepåkomme, noko anna sikkert frå ”gode råd” – spalter i avisene.


Det var høve til å få omgjort ein viss del korn til mjøl og havregryn. Eit par dagsturar med hest og kjerre til møllene på Sandnes utpå hausten. Dermed vart det komla, graut og suppe i mjøl- og grynvariasjonar, så lenge det varde. Og det varde til tallause grautgryter.


Det var eit velsigna rikt vintersildfiske desse åra. Rett nok var tilgangen på den beste storsilda avgrensa, så lang transporten frå Nord-Vestlandet var. Men utpå seinvinteren og vårparten var innsiget av vårsilda kome sørover til Karmøy-kysten, og etter kvart sør til Eigersund-området. Då hende det at garnbåtane vart dirigerte frå Karmøy- Boknafjordfeltet direkte inn til fjordbygdene. Nå var det ikkje lenger snakk om ei hank i handa, men heilkassar i hestekjerra!
Eit par dagar seinare hang trestengene med flekt sild til tørk under takskjegga på dei fleste løene, og baljar og kar med saltsild stod i rad og rekkje på dei fleste kjellargolv. Røyking blei også prøvd.
Kva skulle all denne silda nyttast til? Det var så altfor mykje til middagsbordet.
Det meste av silda gjekk nok til dyra på garden. Ei saltsild gav smak til smaklaus cellulose. Kokt sild lika hønsa godt. Eg hadde ei gammal malmgryte mellom nokre steinar i hønsegarden, og der kokte eg sild til hønsa ein gong eller to i veka, så lenge silda varde utover våren. Så grønka markene, og hønsa kunne nappa dei første grasspirene.


Til middag vart det koka nokre poteter ekstra til hønsa. Slang det eit kjøttbein etter middagen, henta eg fram ein hamar og sette meg på ein stein. Ei stund seinare låg det att litt beinmjøl på steinen, det var også til hønsa. I hønsehuset vart det frå haust til vår hengt opp halve kålrabiar på spikrar. Når skalet var hakka reint innanfrå, gjekk det saman med nepe, fôrroer og kålrabi i fôrrasparen til kufôr.


Litt her og litt der. Slik kunne det verta litt ”overproduksjon” av varer som folk sette svært stor pris på.


Byfolka hadde eit spesielt problem: risikoen med å få ”varene” heim til byen. Når kontrollen sto ved landgangen på Fiskapiren, nytta det ikkje å seia at egg og mjølk var dyrka i hagen på hytta. Enklast var det å gå frå både ”ilåd” og innhald under benkane, så bittert det enn var. Ei lita trøyst var det kanskje at dei beslaglagde varene visstnok vart leverte på institusjonar, slik som aldersheimar.
Sikrast var det å nyta godsakene på hytta. Nok ein grunn til at hyttene vart nytta mest mogleg heile året. Dermed hadde gardafolket det meste av året presset på seg om å avsjå litt av både det eine og andre.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...