Den store fredsmarsjen

18.10.2013
Den store fredsmarsjen
Fredsnåla.

I 1945 blei det organisert freds-marsj i bygd og by. Det skal ha vore 550000 som var med. Mange skaffa seg òg deltakarnål. Det var masse-idrett. Glede over at Noreg nå var fritt, blei feira.

Også i Riska er det fortalt om fredsmarsjar. Det var nok lærarSverre Helle som organiserte dette på Lauvås. Marsjen gjekk nok frå skulen og utover mot Hommersåk.
1945 var også det året ein del norske kvinner og menn opplevde at Nasjonal Samling (NS) blei symbolet på landssvik. 54651 personar var registrerte som medlemmer.


Hetland lag av NS
Det er ei kjend sak at lærar og klokkar Hans Kjønaas var nazist. Kjønaas var førar, altså leiar av Lærarsambandet i Rogaland. På nyåret 1942 blei Vidkun Quisling ministerpresident. Quisling klarte å samla det norske folket mot seg. Quisling måtte ha resultat å visa til. Eit mål var å skapa begeistring blant ungdom for nazismen. Detkom krav om at alle lærarar måtte vera medlem av NS og ta del i Quisling stor motstand. Lærarar og prestar, støtta av foreldre og organisasjonar, protesterte. Frå denne tid fekk mange eit fiendebilde av NS.


På loftet på gamle Hommersåk skule var det mange gamle bøker. Det meste gjekk tapt då skulen blei riven. Magne Tunheim sikra seg eit eksemplar av Hva du bør vite om den nye tid. Boka er ”godkjent til bruk i undervisningen”, og vart trykt i 1943. Her blir Quisling omtala som redningsmann for Noreg, og som eit stort m e n n e s k e . Førarprinsippet blir framheva som ekte norsk.
Krigen kom til Noreg som ein redningsaksjon frå Tyskland. Noreg var i fare for å bli okkupert av England, dessutan var kommunistfaren stor. Hirden var nå oppretta på nytt, står det, som i sagatida, slik som gutt og gjente i Norge har lest og hørt om, og tapre og fryktløse ofret de med glede sitt liv for herskeren og landet. Troskap til døden er det Føreren venter av oss. Tro mot oss selv, tro mot folket og tro mot Føreren. Kom og bli med!
Det står også om ungdomsteneste og om solkorset som er Nasjonal Samlings vakre merke. Det er under dette merket vi nå samler oss til et sterkt og enig folk. Hans Kjønaas skaffa skulen slike bøker. Det var mange på loftet, sa Tunheim.


Det er godt dokumenter t at Kjønaas hadde tru på ”den nye tid”. Her er eit utdrag frå dagspressa:


Hetland lag av NS
Avholdt mandag den 13. ds. Foreldre- og lagmøte i Hillevåg. Møtet var godt besøkt. Dagens taler var lærer Kjønaas som talte om ”Lærerne og Lærersambandet”. Hans tale var preget av sikker og klar forståelse av saken, og han henrev tilhørerne gjentatte ganger, slik at salen dirret av de begeistrede klappsalver. Deretter ble det vedtatt å sende en resolusjon til Kirke- og Undervisningsdepartementet, Oslo, sålydende: ”Foreldre samlet til møte i Hetland, protesterer på det kraftigste mot lærerne, som er med i den nå pågående aksjon mot Lærersambandet. Vi forlanger at lærerne begynner å tenke selv, og ikke blindt følger en liten klikk, som er skolens, folkets og landets fiender, og som kun har et mål, å ødelegge Norges selvstendighet”. Historiens dom blir tung å bære for dem som i trass og ufornuft setter seg utenfor.


Hillevåg den 13. april 1942.


Propagandaleder Erikson avsluttet det helt igjennom vellykte møte, og deretter ble ”Ja, vi elsker dette landet” sunget, hvoretter det ble utbrakt et 3 ganger Heil og Sær for føreren.

Legg merke til at det står Heil og Sær for føreren. Her er det ein ”trykkfeil”. Det skal vera Heil og Sæl, men det er grunn til å tru at typografen med vilje la inn ein feil. I boka nemnd ovanfor står det at Heil og Sæl betyr: Lev – vær usåret – og vær lykkelig, og ekte norske gutt og pike, du er germaner, glem ikke det. Vær stolt av at du hører til det gjeveste og reneste folkeslag i verden. Men det forplikter også.

Hans Kjønaas var ein populær og flink lærar. Eg har spurt mange, men svaret er alltid det same: Kjønaas får rosande omtale. Eg har tenkt ein god del, gjennom mange år, på kva som førde ein del folk til NS. I dag er det mykje dokumentasjon lagt ut på Internett. Det er òg bøker i mengdevis med tema frå krigen.
I Hetland herad, som Riska var ein del av, var det 149 personar i registeret til NS. Det tilsvarar 2,9 % av talet på dei som hadde stemmerett i 1936.
I 1945 var det meste svart-kvitt. Alle ville vera så nasjonale og helst ha ord på seg for å ha støtta motstandskampen. Det blei gjort og sagt mykje dumt etter krigen. Slik kan me i ettertid sjå dette. Men å vera med i hirda, skaffa støtta NS. Hirda hadde avlagt løfte om truskap til Quisling. Det var bare ca. 6000 som hadde gjort dette. Det var bare 4 % av norske lærarar som gav etter for eit veldig press om å bli med i NS og arbeida for den nye tid. I politiet var 40 % medlemmer av NS.
Mange NS-medlemmer var ”papirmedlemmer”. Freden 1945 var ein glad dag også for desse. Dei fleste var verkeleg glade for at freden kom, og at overgangen til ”etterkrigstid” kunne starta. Ca 90000 skal det ha vore som var i søkelyset ved rettsoppgjer etter krigen. Veldig mange saker blei ”henlagt”. Det blei ikkje noko sak av det.


Ordet ”stripet” kjem òg inn i denne samanhengen. Ordet kom i bruk under krigen, også som skjellsord, eller som åtvaring til ”jøssingar”. ”Jøssing” var honnørord. Personar som samarbeidde med okkupasjonsmakta eller nazistar, eller dei som gav etter for press, kunne bli kalla ”stripet”.
Ein nazist var pr. definisjon medlem av det einaste lovlege partiet, altså NS. Stripet er eit ullent omgrep. Det er lagt så forskjellig innhald i ordet, både under og etter krigen, at det alltid bør bli gjort greie for kva som er meint. Eller aller helst: me bør ikkje bruka ordet!
Ein person som flykta til Sverige, sa det slik: Me kom nær grensa, til garden NN. Me gjekk utanom garden, for folka der var visstnok stripet. Med andre ord: Dei var ikkje å stola på.
I ein gymnasklasse blei det sagt: Det var ingen nazistar i klassen, men det var nok eit par som var stripet. Med andre ord: Det var eit par som nok var tyskvennlege
og sympatiserte med NS.
Mange synest nok det er rart at bare medlemskap i NS var nok til å bli kategorisert som landssvikar. I fredsdagane 1945 var alt svart-kvitt. Nå innser dei fleste at det var tvilsam juss. Nokre vil hevda at 200000 nordmenn arbeidde på tyske anlegg, og at desse sveik landet endå meir. Det kom ”brakkebaronar”, firma som blei rike på samarbeid med tyske interesser. Dei burde ha blitt straffa og fått ”landssvikar” klistra til seg. Debatten vil gå vidare, for dei som skreiv den første krigshistorie og dei som levde i tida 1940-45, er nå snart historie sjølv. Ein ny generasjon historikarar og arkivmateriale vil vurdera alt på ny.


Det var eit lite tal på nordmenn som aktivt tok del i motstandsarbeid under krigen. I alt ca. 50000 blei arresterte og fengsla, av desse blei ca. 350 drepne. Dei fleste fangar var innom Grini, fire frå Riska. Meir enn 8000 blei sende til tyske konsentrasjonsleirar. Her omkom ca. 2000.
Av 10000 krigsoffer frå Noreg var sjøfolk den største kategorien. Det vil stå om riskabuar i andre artiklar, også om dei to som gav livet for fedrelandet og om sjømenn, men det var altså ingen andre som omkom. Det var riskabuar på norske båtar utanfor landet. Alle overlevde krigen.

Til slutt vil eg nemna litt om ”dei harde trettiåra”, som dei blir kalla. Mange gardsbruk i Riska blei selde av banken, for det var ikkje muleg å skaffa pengar til renter og avdrag. Mykje ungdom fekk ikkje arbeid. Tidene blei faktisk betre dei siste åra før krigen. Næringslivet tok seg opp. Under krigen blei det sett pris på jordbruket. Mange bønder fekk inntekt. Ja, faktisk vart det slik at bønder mot slutten av krigen kom på høgde med industriarbeidarar. Også kommunar kom ut av ei botnlaus gjeldsbør. Det er på denne bakgrunn me må vurdera at mange såg positive sider med tida, trass alt.
Tyskland hadde som målsetting at Noreg, slik som andre okkuperte land, skulle betala for okkupasjonen. Seddelpressa gjekk og pengestraumen førte til kraftig inflasjon. Etter krigen var det spørsmål om ”korleis du var blitt rik”.

Som ung kunne eg ha sterke meiningar om krigstida. Nå ser eg nok meir nyansert på det. Kanskje var me alle ”mitschuldig”, altså medskuldige. Det er derfor på sin plass å vera forsiktig med kritikk av menneske og forhold under krigen, og hugsa at mellomkrigstida var ei vond tid for mange riskabuar.

Redaktør -

Nyheter

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Rafarta

Rafarta

Spennande norsk roman for ungdom og vaks...

Per Bredesen - Glemt i Norge - Helt i Italia

Per Bredesen - Glemt i Norge - Helt i It...

Dette er historien om Per Bredesen. En legende ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...