Charles Olsen am med kritikk og gåvmild ed ros

03.06.2013
Charles Olsen am med kritikk og gåvmild ed ros
Etter sju år på Hommersåk skule var Charles Olsen i 1942 klar for yrkeslivet. Det blei ein frisørsalong i Stavanger.

Charles er å finna på medlemslista til Riska Lions. Organisasjonen har etiske normer, slik som å støtta svake og hjelpa dei som treng det, dessutan å vera varsam med kritikk og gåvmild med ros. Mitt inntrykk: Charles er på rett plass!

I denne artikkelen er det krigsåra som er tema. I 1940 var Charles 12 år. 8. mai 1945 var han i Stavanger, i eit hus heimefronten disponerte. Då var han 17. Mange har beundra det vakre håret og den flotte mannen.

Etter sju år på Hommersåk skule var han i 1942 klar for yrkeslivet. Det blei ein frisørsalong i Stavanger. Lærar Hans Kjønaas var ein sentral person i NS, så det blei mange vikartimar og lite skule siste året. Charles fekk ikkje vitnemål. Som lærling møtte han til undervisning i Stavanger. Han sa som sant var; at han hadde vore ”litt jøssing”, derfor hadde han ikkje fått vitnemål. Rektor sa han skulle gå til Kjønaas på ny. Rektor var også i NS. Nå fekk han vitnemål med svært gode karakterar. Det var nok rektor NN som hadde kontakta Kjønaas i mellomtida.

S t a v a n g e r hadde ein frykta og brutal sjef for Gestapo. Det var Arnold Høllscher. Som frisørlærling fekk Charles ansvar for barbering og hårklypp av Høllscher. Med ein skarp kniv kunne han lett ha kutta strupen på gestapisten. Det ville fått konsekvensar for fleire enn Charles.

I maidagane 1945 blei både Kjønaas og andre arresterte. Charles fungerte som kjentmann. Han var òg med på å ta seg inn i fem-seks hytter, både der det var folk og i andre. Her blei det tatt ut verdifulle ting, flotte servise og møblar. Norske personar hadde rana dette, eller fått det tildelt på urett vis, men nå kom oppgjeret. Det blei i alt firefem billass som blei tatt frå hyttene. Også ein buss med arresterte gjekk frå Hommersåk til Stavanger.

I ettertid kan me nok sjå at ein del av det som hende i maidagane var kritikkverdig. NS-medlemmer og andre som var på lista kunne heller fått beskjed om å møta i Stavanger. Dei som ikkje møtte, kunne blitt henta. Men i maidagane 1945 var alt svartkvitt. Kanskje var det nødvendig. Det blei i alle fall ikkje ”dei lange knivars natt”. Faktisk var det vel bare ein del jenter som blei utsett for hårklypping av mobben.


Charles reiste eit par år med «Riskafjord»-båtane til arbeidsplassen, men det siste krigsåret budde han i Stavanger. Eit par dagar i veka sykla han heim, for båtruta passa ikkje. Då var det fram med ”grenseboerbevis” ved alle sjekkpostar, slik som på Vatne. Dette beviset fekk han først i 1944. Før det hadde han bare passerseddel.

Men det er feil å tru at alle tyske var som H ø l l s c h e r . Vaktene kjente han etter kvart – dei bare vinka han forbi.
Ein gong blei han stoppa på Vatne. Vakta gjekk inn i bua og kom tilbake med ei diger brødskive med leverpostei. Sjeldan har ei skive smaka så godt.

Ein gong blei han arrestert. Han sat som fange i kjellaren på skulen,altså det skulehuset som blei rive i 1991. Her var det tysk vakt.
Det var mora som måtte redda han ut av knipa. Christina Olsen troppa opp på polit i s t a s j o n e n . Her blei ho avvist av vakta, men så kom replikken som opna døra. Ho skulle snakka med NN, ein nazist med stilling i politiet. Charles slapp fri.

Det var så mykje som var forbode under krigen. Å møtast på krossen som ein flokk kunne vera nok. Det var 100 kr i bot for å vera medlem av ungdomslaget Fram.
Ein gong blei det stole dynamitt frå anlegget av Grinda Vannverk. Dette var svært alvorleg, sett frå tysk side.

Charles fortel om ei nær arrestasjon- oppleving. Han var på soverommet og hadde radioen til ”poppien”. Så blei det ropt at det var razzia. Han slengde eit saueskinn over radioen i senga. Det såg ut som han nettopp hadde stått opp, men senga var ikkje stelt ennå. Det blei romstert i alle skuffer og skap, men ingen radio blei oppdaga – bare ei illegal avis som broren Hans hadde. Stort sett var det norske som gjennomførte razzia, gjerne med tysk medverknad.


”Poppien” var ein hyggeleg ”hyttemann”. Som nazist hadde han rett til å ha radio. Når han var i Stavanger, ville han at familien Olsen skulle passa på radioen. Det gjorde dei òg. Når han og kona kom frå Stavanger, så bar dei radioen opp i hytta. Også der høyrde dei på London. ”Poppien” passa likevel på at kona var ute då. Ho var truleg tysk. Etter krigen trudde ”poppien” at han ville bli skoten. Dette var bare vrangførestilling.
Charles har fått Bibelen til ”poppien”. Her står namn og slekta oppført. Han gifta seg 17. mai 1922 med Hilnia Constanse.

Etter kvart var det lite språkproblem i forhold til tyske soldatar. Charles og ungdommen fanga opp det som kunne vera interessant for motstanden, og var godt orientert. Det var også folk i bygda som hadde våpen.

Det styrta eit tysk fly oppfor Skjørestad ein kveld. Charles hugsar dette svært godt. Han og Oluf drog til fjells for å sjå flyvraket dagen etter. Då var det tyske soldatar på plass. Ein tysk offiser kommanderte (brølte) og gutane blei redde. Charles såg fire lik attmed ein stein.
Gutane blei oppdaga, og sette på sprang nedover. På vegen møtte dei ein tropp soldatar. Dei bare lo av dei springande gutungane.

Eg bare nemner at Charles fekk Kongens Fortenestmedalje då han var 75 år. Charles var med og starta idrettsklubb i 1945. Han var òg den første formannen for ungdomslaget Fram i 1945. Han har vore aktiv både som fotballspelar, trenar og dommar. Han er æresmedlem av Riska Fotballklubb.

Frå han var 14 år har han vore frisør, og heilt til det siste har han fungert i faget. Charles er glad i folk, derfor valde han frisøryrket. Han har hatt arbeidsplass i Stavanger, Sola og Sandnes med eigen salong, men han har alltid budd på Hommersåk, med unntak av eitt år under krigen.
Då Charles var 74 år, og hadde vore frisør i 60 år, sa han ifølge Stavanger Aftenblad: Jeg greier ikke helt å løsrive meg. Jeg må ned hit, gjerne når jeg har fri også. Da stikker jeg innom. Salongen var då seld til kompanjongen Eirik Karlsen.

Hans sosiale engasjement står det respekt av. Sjølvsagt er han registrert som Sandnesgauk òg, med underskrift av ordførar, lensmann og presidenten i Lions Club. Men alt dette ligg utanfor ramma for artikkelen om Charles i krigsåra. Charles har opplevd både glede og sorg i livet. Charles er eit reflektert menneske, ærleg mot seg sjølv og reieleg mot nesten.

Redaktør -

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...