Hus og hytter og meir til

17.09.2012
Hus og hytter og meir til
OLEÅSEN står det på porten. Ole var bror til Åse. Foreldra kalla altså hytta Oleåsen

I 1945 var det ein artikkel i Stavanger Aftenblad, som Riskaposten i 1994 tok med. Her er Riska omtala som bygda med de første hytta eide urmaker J. Askeland.

Ivar Riska nemner Askeland i sin artikkel, og ofte starta det med at byfolk leigde seg inn på gardane, og at dei etter kvart fekk seg hytte. I artikkelen står det at det
var hytter i alle skoger og på alle nes, ved Lutsivatnet, på Li og Riska, i Hommersåk, på Usken, i Sjølvik, innover Hetlandskogen, langs Løvåsvegen, på Løvås, Eltervåg og ikke minst på Sletten, Naustervik og Vier.

Det er ikkje lite åkerland hyttefolk har dyrka. Frukttre blei planta og poteter kom i jorda. Det var vårvinne på hyttene, særleg før og under krigen, og utetter i 1950-åra. Eg har lagt merke med mange steingardar som første generasjon hytteeigarar har lødd. Ja, dess meir eg har tenkt på hytter og byfolk, så har respekten auka.


Sandnes hytteeierforening er organ for 15 hytteforeningar. 10- 12 av desse finn me i Riska. Det skal vera ca. 2500 hytter i Sandnes, mesteparten bygd før kommunesamanslåinga i 1965. Desse foreningane er velforeningar, men dessverre må dei også vera organ med stemma til hyttefolket, der kommunen er motpart. Sandnes kommune har, etter mi vurdering, ofte vore på kollisjonskurs med hytteinteresser.


F o r h o l d e t mellom fastbuande og feriefolk er derimot lite prega av konflikt. Eg håpar Riska, med ein flate på ca. 45 km2 og ei lang strandlinje, kan vera ein plass der alle kan ha det triveleg, og der det ikkje er bruk for slikt som Strandsoneforeningen i Sandnes.
Omkring 1950 var ca. 500 hus og 1000 hytter abonnentar i Riska elektrisitetsverk. I 1965 var det ca. 2000 fastbuande i Riska. Med dei store byggefelta i Riska er det
blitt mange nye hus. Det skal vera ca. 7000 menneske i bygda i dag.


Synspunkt på hyttebygging, og litt om Egeberg og Hjemmet
Kommunesamanslåing i 1965 og lovendringar kom med forbod og restriksjonar. Dette er ei svær historie. Eg bur sjølv i ei hytte/hus bygd i 1943. I 1970-åra hadde eg ein kamp med byråkratiet i rådhuset og bygningsrådet (politikarar), med slik respons (sak 316/77):
Vedtak: Omsøkte tilbygg kan ikke tillates, kfr. Bygningsrådets vedtak i sak 162/72. Hytter tillates vanligvis ikke utvidet utover
60m 2 i gr.flate i 1 etasje. I 1972 blei det gjort vedtak med 4 stemmer mot 2 stemmer at bygningen ikke skulle gis status som helårsbolig.
Eg ser nok at det må vera ein del retningslinjer for både husog hyttebygging, men mi sak blei ikkje løyst før det blei utskifting av politikarar. Det er faktisk politikarar som gjer noko til lovleg eller ulovleg. På Lauvås er det bygd lite hytter etter 1965. Bare eitt av småbruka er familiebruk og einaste inntekt for familien. På tre-fire til er det litt drift, men den tida alle på Lauvås levde av jordbruk kombinert med fiske, er for lenge sidan slutt.

To av småbruka blei tidleg ”feriehjem”. Egeberg, alt før 1920. Eigar var Håndverksvendenes forenings sommerhjem. Det andre var Hjemmet eller Jern & Metall, eigar avd. 25. Kjøpt i 1930.


Oppdeling eller skyldelingsforretning
I dag er dette ei kommunal oppgave. Plan- og bygningslov gjeld. Du må ha alle papir i orden. Målebrev må også med.
Det var orden tidlegare òg, men då var det tillitsmenn som gjorde arbeidet. Det blei nytta fastsett s k j e m a . Lensmannen o p p n e m n d e desse mennene. Det står menn på skjemaet, så likestilling mellom kjønn var ikkje ei problemstilling.

Som eksempel på ”grensebeskrivelse” tar eg eigen eigedom fra 1943: Utgangspunkt i parsellens nordre hjørne hvor der er nedsat stein paa Kjørkeberget. Herfra i S.O. 20 m til nedsat stein. Saa i vestlig retn. 23 m til x i fjell. Bøier saa i V.N.V. 7,3 m til x i fjell. Herfra i N. 13,6 m til x i stein. Saa i N.O. 23,2 m til utgangspunktet. Gjerdeplikten paahviler kjøper. Eit foto viser den omtalte kors i stein.
Med denne hammaren har far min laga mange krossar. Det var lørdag ettermiddag som var tid for skylddeling, altså oppmåling og grensesetting for hytteeigedom. Slik var det i min barndom. Eg meiner å hugsa at han fekk nokre kroner for jobben.
Etter at arbeidet ute var gjort, så kom skrivearbeidet med det lovbefalte skjema. Deretter fekk kjøpar og dei tre mennene kaffi hos seljaren, slik som hos Netland.

Men me vil ikkje ha någe spigring på søndagen,» sa Sofie Netland etter at papirarbeidet var gjort.
Gustav og Sofie Netland kjøpte eit av småbruka på Lauvås i 1939. Etter utskiftinga hadde eigedommen stor utmark av interesse for hyttebygging. Det blei pengar av det, som det var bruk for. Odd hugsar at første tomta fekk dei 300 kroner for.
Litt betalt arbeid blei det også for hyttefolket. Det var å kjøra varer fra kaien og ut i utmarka. Ein gammal gangsti fram mot Egeberg var brukbar eit godt stykke, men ikkje heilt fram til Egeberg.
I løa på Egeberg var det kjerre. Gustav hadde hesten med seg dit, og kjørte varer fra kaien på Egeberg med Egeberg si kjerre. Etter overslag meiner eg Gustav Netland har rekord i salg av hyttetomter på Lauvås, meir enn 40.


Andre selde ikkje ei einaste tomt. Det skulle vera slik dei fekk det av na mor, sa dei på det eine bruket i Lauvåsvågen, dei som hadde den største utmarka. Far min ville helst ikkje selja han heller, men det blei likevel fire tomter. Ei tomt seld i 1938 blei betalt med 500 kroner. Det var br.nr. 35, med namnet Sommerfred.

Eg ønskjer at Åse, ei byjente fra hytta Oleåsen, får dei siste orda i denne artikkelen. Ho blei venn med fastbuande jenter fra Lauvås. «Bare gode minne,» seier ho.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...