Krigstid og ubåtar i Imsahølen

21.09.2011
Krigstid og ubåtar i Imsahølen
To ubåtar med tysk mannskap ved kaien på Espeland, bilde lånt av Ødemotland

I mai måned 1944 etablerte tyskerne u-båthavn inne i «Hølen» ved å fortøye flere ferdigstøypte flytande ubåtkaier ved Husabø, som vart festa med vaiere til støypefester for kraftige telefonstolpar, som holdt kaiene passe langt fra land. Inne ved Eskeland vart det laga ein 75 m. lang flytande trekai til samme formål. Det kunne ikkje vere ankerkjettinger utover når det skulle ligge ubåter inntil kaiane.

Joachim Berner jr. kjøpte eiendommen Sundet i 1941, heile garden (hus, løe, og naust) vart restaurert. Dette i en tid da det var vanskelig å få tak i byggematerial, men fint vart det.

Dattera Mia var engasjert i motstandsbevegelsen på universitetet i Oslo, og måtte rømme til Sverige. Faren vart arrestert av statspolitiet, og satt i fengsel som gissel. Gården «Sundet» vart beslaglagt av tyskerane i februar 1945.

Sommerhuset Uroa og Larsahuset på Husabø var brukt av tyske ubåtmannskap til rekreasjon når ubåtar låg ved kai, mest innafor Ådnøy i Husabøvågen, men også ved Eskeland i Bersagel.

Ein Hollandsk ammunisjonslekter lå innafor Ådnøy, så øyboerne var bekymra når fly passerte.

 

Lyttepostar

Tyskarane hadde «lyttepostar» ved Karmel på Li, Haualand m/brakkeleir, og på Laddberget nede ved Bersagel kai. Dei var utstyrt med følsome instrumenter, for å oppdaga fly eller båttrafikk i området. Dei brukte også stor kikkert på stativ. Dessuten var det to peilestasjoner, ein i Vatneleiren, og ein på Koch-fjellet høgt oppe rett ovanfor Hølen. Denne var knytta til ein brakkeleir nede i Bersagel.

Ein vaktbåt låg ved Dampskipskaien på Ådnøy når det var ubåtar inne, og det var ein vaktbåt ute ved Teistholmen. Ellers var det forbud å bruke sportsfartøy (seilbåtar, robåtar, motorbåtar og kanoer). «Skutt blir den – osv.» De fikk pålegg om å «legges opp» innen 1.10.44, ellers ble de beslaglagt.

Det hendte at det kom jenter ut dit, og en gang det hadde vore «fest», og damene var ute og stjal frukt fra hagene i nabolaget, tok øyboerne og fekk dei rodd til land.

 

Bølger

Når ubåtar kom var det store bølger, slik at dei som budde der, merka godt når ubåtane var i fart, inn eller ut. Når det hadde lagt seg is, så pløyde ubåtane isen opp ved å løfte baugen og trykke råk i isen som ein isbrytar.

Det var mangel på materialer etter krigen. Trekaien ved Espeland var av solid kvalitet. Etter krigen vart den auksjonert bort, og havna i Ryfylke. Det samme gjaldt et materiallager som var på land.

Rykter gjekk friskt i frigjøringstida at tyske soldater og gestapister var på rømmen rundt Ådnøy. Noken tykte at kyrne melka mistenkelig lite, og frivillige fekk utlevert våpen, og overnatta i løa utan å finne noko.

 

Dramatisk fisketur

Ein gang på vårparten 1944, var Guttorm Ims med faren Halvard, og to eldre brødre ute med gavlabåt og sildenot inne i Hølen ved Imsvika og leita etter sild.  Dei måtte ro fra Bersagel med båten, då dei ikkje hadde «solar» til motoren.

Dei fant ikkje silda før utpå ettermiddagen. Det var etter mørkets frembrudd, «portforbud», så dei burde reist heim til Bersagel, men det freista såpass sterkt å få sild at dei kasta på ei ferd, og fekk sild. Det vart seint og mørkt før dei var ferdige med kastet.

Det var ofte ubåtar ved dei fire kaiane i området, den eine kaien var innafor Eskelandsholmen. Dei lå ved land for å rekraere mannskapet.

 

Tyskarane hadde sett opp plakatar i området. Det var jo krig. Dette var alvorlig for dei som braut dette påbodet.

 

Alvorlig

Tyskerane låg inne ved tre-kaien inne ved Eskelandsholmen Og fiskarane fra Bersagel hadde ikkje lyst å gå eller leggja silda igjen ved Imsavika over natta.

Dei holdt «ting» i båten om kva dei skulle gjera. Dette var alvor, men avgjerda vart at dei skulle prøve å ro «forsiktig», så kanskje det gjekk bra.

Så dei gjorde, men når dei var komne utpå, så tente dei ein lyskastar på ubåten. Kanskje vaktene hadde merka noko, men var ikkje sikre på kva det var. I alle fall retta dei lyskastaren utover der det var djupt, og dei sveipa rundt i sakte fart rundt mot Ådnøy – Bersagellandet – Eskeland og mot Ims.

Dei rodde med full kraft, og kom seg så vidt i ly av Eskelandsholmen, før lyset nådde dei. Dei la seg og venta på om det skjedde noko.

Det einaste som skjedde var at lyskastaren etter ei tid tok ein ny sveipe-runde, og dei som låg gjøymd bak holmen var så vågelige at dei fort, men «stilt», rodde fram til Bersagellandet, og nådde fram før lyskastaren nådde dei.

Dette var ein vågal rotur i krigen, med ubåtar som naboar.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...