Ballproduksjon på Øvre Hetland

09.03.2011
Ballproduksjon på Øvre Hetland
Foto: Målfrid Grimstvedt, 1997.
Kjell Hogstad demonstrerer korleis former blir sett i ramme før dei blir lagde i vulkaniseringsomnen.

Gudrun frå Hetland. Men før dei flytta, så kontakta dei Jærmuseet og gav museet tilbod om å ta over maskinar og utstyr. Jærmuseet takka nei, men kon-servator Målfrid Grimstvedt foto-graferte verksemda som eit interessant døme på heimein-dustri/kjellarindus-tri. Gudrun hadde tidlegare arbeidd i treskofabrikken hos faren, Ola Hetland.

Sandnes by var det to produsentar av gummiballar etter krigen. Gann Gummi (GG) var den eine og Kengu Gummiindustri den andre. Den sistnemnde hadde på
det meste ein produksjon på 3- 4000 ballar kvar månad. Desse ballane var laga slik at dei hadde større spretteffekt enn tidlegare kjente ballmerke. ”Kengu” var sjølvsagt eit høveleg namn. Men det blei slutt med desse verksemder.

Starta i 1960
Det var Gunnleiv Hogstad (1921-1985) og kona Gudrun som starta med ballproduksjon på Hetland ca 1960. Gunnleiv kjøpte former og utstyr frå dei
to tidlegare gummiballprodusentane. Han skar ut flak frå rull (råstoffet) som var kjøpt frå Stavanger Gummiindustri.
Så var det Gudrun kom inn i biletet. Ho nytta flytande lim og fekk lima saman delane. Neste steg var å leggja ballen i form, blåsa luft med pressluftutstyr og få formene
i vulkaniseringsomnen. Etter avkjøling måtte ballane pussast.

Aldri heiltid
Med dette arbeidet i kjellaren vaks ungane opp. Gunnleiv kjørte mjølkebilen, så han og Gudrun dreiv aldri med ballproduksjon på heiltid. Ballane frå Hetland var populære. Det blei alltid ein del ballar med produksjonsfeil. Mange hugsar
at Gunnleiv hadde mange ballar med seg på sundagsskuleturar og elles der det
var ungar. Desse gav han bort. Kjell fekk fem øre for å pussa ein ball, men for store
ballar fekk han ti øre. For dei første pengane han tente på å pussa ballar, kjøpte han seg ein sykkel.
I denne type ballar. Produk-sjonen tok slutt, men produksjonsutstyret stod på plass
til 1997.

Pressluftapparat
Slike former har Riska historieog museumslag tatt vare på. Dei er på Grendahuset. Vulkaniseringsomnen og andre større og tyngre saker er plasserte i privat lager.
Det er sjølvsagt eit problem at Riska historie- og museumslag ikkje har ein høveleg
plass til å lagra større ting.
Det siste biletet viser former til små ballar som blir lagt i ei ramme. Det er Kjell Hogstad som demonstrer arbeidet.
Dei nytta pressluftapparat for å få luft i ballane. Det var billige ballar
frå austblokklanda til dumpingprisar som gjorde slutt på ballproduksjonen i Sandnes
i 1950-åra. Produksjonsutstyret var bra, og dette kom altså til Hetland, men det blei bare småindustri. Etter kvart skifta moten også for ball. Det blei eksperimentert
med garnblåser, men dette blei det ingen produksjon av. Så det blei altså full stopp med ballproduksjonen i 1972. Utstyret stod i kjellaren i 25 år, men i 1997
flytta Gudrun til Sandnes.
Mange hugsar Gunnleiv frå sundagsskulen. Han hadde mange lysbilete som han sette saman til seriar, slik som ”Jeg er en seiler på livets hav”.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...