Soga om dei to møllesteinane fra Gjersd

24.11.2010
Soga om dei to møllesteinane fra Gjersd
Kvednå i Frøylandsbekkjen, slik den fremstår i dag.

Det var ein gong at to bygningssnekrar frå Riska i Sandnes kom på at dei ville gjenreisa dei gamle kvernhusbygning-ane på Frøyland i Sandnes.Dei kom godt i gang med reisinga av både tørkehus og kvern-hus. Men så viste det seg at dei mangla noko vesentleg.

Dei gamle orginale møllesteinane hadde nemleg fått føter å gå på, og alt dei spurde og leita, så kom ikkje kvernsteinane til rette. Først då dei kom på å avertera i Riskaposten fekk dei respons. Men dessverre så viste det seg at steinane dei vart tilbodne var av mindre god kvalitet. Dei låg og mange mil borte. Men dei fekk spurt at på Moi låg der ein øve-stein frå eit skilsmisse bu. Den kunne dei få kjøpa. Dette vart og gjort. Men ka med understeinen? Den skulle liggja under det gamle kvernhuset på Gjersdal og den var ikkje til salgs, men med litt diplomati og ein god slump øveta-lelseskunst, så gjekk også dette kjøpet i orden og så kunne dei få bygd kvernhuset ferdig.

Men kvernsteinane fra Lund har ei lang historie å beretta og her er litt av den.
Det er først fra året 1625 og frametter at vi finner skriftlig materiale frå dei to rydningsgren-dene Ørnefjell og Gjersdal. I året 1700 flytta Ørnefjells familien ned til Gjersdal. Grunnane for at dei flytta var som Karl Gjersdal fortal-te til Herleif Gjersdal – dei va leie av å bera vatn frå Lundevatnet opp den bratte Gunhildsdalen i lange frost og tørkeperioder. Heller ikkje fanst det bekk med fall og stor nok vassføring der dei kunne få bygd si eiga bekkekvern. Det ser nemlig ut
som det å ha eiga kvern, der ein kunne få kløyva korn av eiga avling til mjøl og malt var litt av et status-symbol. På Gjersdal hadde dei Storebekken ved vassføring og dam muligheter i fleire tjern og vatn. Dei må ha trivdes bra på Gjersdal, for ved jordskifte i 1892 hadde dei fått innpass på b.nr. 1, 2, 3, 4 og 5. Endå viser tomter etter ni kvern-bruk langs Storebekken.

Av gamle rettsprotokoller går det fram at ein sjømann som heite Ola Tønnesen kom heim frå Holland og ved hjelp av odel fekk overta b.nr. 3 på Gjersdal. Denne Ola
må ha vore svert halt for det går enda historier om han. Sannsynligvis har der høyrt kvern til b.nr.3 for Ola tok ned kvernkallen som var råtten og skulle laga seg ny. Om Ola mangla verktøy eller teknisk innsikt ska vera usagt. Resultatet vart at kver nkallen fekk sleng, eller vinka som vi kaller det til daglig. Ein ung gutt kom på at Ola og kvern-
kallen hans dei vinka like mykje og så kalla dei Ola for ”Olavink”. Ola som var født og døypt i Amsterdam 18.03.1792 kravde stor respekt for seg og sine. Han
stemde unggutane på Gjersdal til tings. Men sorenskrivaren for Dalane gav Ola lite medhald. Han uttalte: ”Du mann, her er lite å gjera i denne sak, for Ola det hei-
ter du og vinka det gjere du.” Fredrikstad og Fredrikstad og lært folkeskikk som jeg, så hadde du ikkje gått med pinkhua som du gjer. Men nu skal jeg give deg.
” Hermer dei etter Ola Vink ein gong han julte Gabriel med staven sin.

Kristian Olsen på b.nr. 2 vart lei av å dela kvern med Konrad Andreassen og kåna hans Anne Krestine. Kristian Olsen fekk med seg Hans Salvesen. Dei tok
føringsbåten hans og rodde til Regevik i Nes sokn, der Kristian fekk kjøpt møllesteinar, kvernkall og kvernhus med inventar på auksjon etter Tollak Regevik. Om dette var eit dødbo eller om Tollak Regevik var i ferd med å imigrera til Amerika kjenner eg ikkje til. Mest truleg er det at møllesteinane er levert av O. C.
Axelsen, Flekkefjord. Kristian og Hans reiv ned kvernhuset. Lasta alt i føringsbåten til Hans og rodde så til Gjersdals-stien. Gamal vane tru vart nok alt som kunne berast på rygg eller aksler tatt på land i ”Stien” og bore på byretau eller aksler opp dei 385
trappetrinna opp ”Stien”.
Det er utruleg kva dei kunne makta å bera opp stien. Møllesteinar og kvernkall vart nok ført til Elve og tatt på land på Torestrondbryggja
der dei vart stuva inn under den gamle kyrkjebåten til Salve Gjersdal. Der måtte dei liggja til det vart snøføre. Då kunne Hans henta dei med hest og slede og
kjøyra dei opp til Gjersdal. Det fortelles at Marselius Gjersdal betalte Konrad Andreassen 25 øre for at han skulle bera ein høyballe på 125 kilo uopna oppå toppen, då der såg ut te å komma regn.
Kristian O. og Hans S. sette i gang etter tilslaget. Dei reiv ned kvernhuset som var lafta av tømmer Dei lasta alt saman i båten til Hans og rodde tilbake til Gjersdalstien, der dei vanen tru lossa på land alt som kunne berast på rygg eller aksel opp stien.
Møllesteinane og kvernkall vart nok tatt på land på Torestrondbryggja i Elve og
køyrde med hest og slede til Gjersdal på snøføre.
Det er nok desse steinane frå Regevik som via Gjersdal der dei låg i oming 100 år før dei kom te Frøyland. De hende så mangt i løpet av desse 100 åra både av godt og vondt. I si tid var der 11 skyldsette bruk på Gjersdal. Under første verdenskrig, og særlig etter siste verdenskrigen har busetningen minka sterkt. Men enda bur der etterkommere av Lars Larsen d.y. på bruket og det var ho som selde møllesteinen til Kvernå Frøylandsbekkjen.

Ein fin haustkveld i 1944 høvde det seg slik at eg tok hest og sulkyen og skysste gamle Larsinius Drivdal inn til slektningane hans på Drivdal. Då vi kom til Stølsskaret og så inn til Drivdal: så reise Larsinius seg opp, slo hendene sammen og sa.” Å Du
Drivdal – å du Drivdal. Så skulle det atter ein gong bli meg forunt å sjå deg att. Og sjå der oppe budde Lars; Du tenk han spelte så lenge på fela si at til sist så
spelte fela sjøl.” Det kan då vel ikkje vera råd,svara eg, men Larsinius svara kjapt Jau Herleif det er så sant, for det var endå eg som høyrde det. Det var far min
som hadde sent meg opp for å be Lars komma ned til oss i einslags julegjestebud. Det var låst sjå Lars og ingen heime, fela den såg eg på veggen gjennom glaset. Og
den spelte opp om du forstår – det var eg som høyrde det. Dagen etter fekk me greie på at Lars hadde vore på Skjereberget i juleselskap der. Så fela te han Lars spelte sjølv – det påstod i alle fall gamle Larsinius N. Drivdal.

Kvernduren og felelåt kan nokon kvar verta forheksa av. Eg minnest onkel min Sigurd Djupedal. Han og hadde fela si med seg i kvernhuset når han mol. Peder Røyland fortalde at Sigurd hadde lite til strenger på fela si. Gamle fisketaumer fekk
gjera bruket. Men når han kom til Gjersdal og fekk varma seg godt med ovnen og låna den vesle barnefela var det ikkje lenge før skomakeren O.T. Kvelland kom ned frå loftet sa ”pure meg” hoppa opp og slo seg under skosålane. Kan henda hadde også onkel Sigurd lært å spela av kvernkallen i Røylandsbekken.

Hans Salvesen ville og få seg kvern for seg sjølv slik som kameraten Kristian O. hadde fått seg. Han satsa og på snortrekk frå kverna med trøskemaskin og
hakkemaskin på låven slik som Kristian O. hadde fått til. Men han åtte kverna sammen med spelemannen Lars Larsen d.y. som budde på Drivdal. Denne Lars var, som museumsbestyrer I. Mehus skriv i bygdeboka for Lund, ”Ein makalaus flink felespelar. Lars ville nok gå med på ei utløysing.” Lars satte som vilkår at han ville ha møllesteinane som låg i det felles kvernkjøpet så ville han ha geværet som Hans hadde arva etter broren sin Tobias som døydde på sildefiske. Hans smaka på dette ei god stund, men så kom det for ein dag at Lars hadde tinga Konrad Sivertsen om ny kvernhustomt nær den Storebekken som styrter utenfor kanten og lager sti fossen.
Konrad Sivertsen var alt då ein kjent reve jeger. Han viste at med børsa til Hans kunne han ta reven på utruleg lang avstand og han ville styrka sitt ry som reve skytter. Konrad S. lova Hans ei god slegge om han fekk geværet, og Hans slo til.

Nå fekk ikkje Lars Larsen d.y. så lang levetid på Gjersdal, knapt 8 år frå han flytta til Gjersdal til han døde. Ellers så var det ikkje så rart at spelemenner gjekk til Kverna for å få inspirasjon til nye slåttar.
Eller å ha spela i bryllaup i 3-4 dager i trekk var det ikkje te å undrast om dei skjemta med fossegrim og andre uvetter når dei ville ha ro. Kan henda dei misstrudde dei andre spelemennene for å vera på jakt etter nye og flottare komposisjonar den gong som nå.
Konrad Sivertsen slepte hanen, skotet smalt og reven datt. Men du veit han hadde den gamle flin flintebørsa som han hadde bytta te seg med bestefar din i ei gammal
slegga. Bestefaren din klaga over at ho var så grov i løpet og brukte så uhorveleg mykje krutt. Men det brydde ikkje onkel seg om. Han kunne ha i ein pakke krutt, men så kunne han skyta så langt han ville. Ja, han kunne skyta just så langt som han ville. Konrad skaut nok både langt og sikkert. Den kjende jegeren Nils Buerskog sa ein gong at han mente at Konrad Sivertsen var ein av dei flinkaste reverjegerane i Dalane. Konrad Sivertsen hadde ikkje born så han tinga seg gjætar frå Eike.

Sigurd så guten hette vart seinare min onkel. Når han hadde fått inn krøterflokken og fått seg mat var han nok (musikalsk som han var) oppe sjå Lars Larsen d.y.
og høyrde når han spela. Det er ikkje mykje eg minnes, men såpass minnes eg – han må ha vore ein flinke spelemann. Sigurd hadde kvern i Røylandsfossen og Peder Røyland fortalte: ”Når onkel Sigurd mol, så var der alltid fullt av unger både i og utenfor kvernhuset som skulle høyra han spela. Han hadde støtt med seg fela når han mol, vanlegvis så var det lite strenger på fela hans. Ein gammal fisketaum måtte gjera bruke; ”Men onkel Sigurd spelte ganske godt på fisketaumen sin”, sa Peder Røyland.
Sigurd reiste til Canada i 1927 og kom aldri heim att. Eg (Herleif) var bare 8 år gammel den gangen og skriv ut i fra det minnet eg har etter han. Eg minnes ein gong han hadde vore på leiting etter ein unghest som han hadde gående beite sjå oss. Han kom heim med hestane og var gjennomvår og frossen. Då han hadde fått på seg tørre kler og varm mat, satte han seg med ovnen og varma hendene sine.
Han tok ned den vesle fela mi og fra veggen og gav seg til å stemma den, klunka litt men så sa han:”Nei, eg er for stiv i fingrane enda, må visst varma deg litt til.”


Da han tok te å spela var det ikkje lenge før den gamle skomakeren Osmund T. Kvelland som budde på loftet sjå oss kom ned i stova. Hoppet opp og slo seg under skosålane og sa:”Pure meg !” Eit ordtak skomakeren brukte når han var begeistra eller i spesielt godt lag.
Best det var sa onkel Sigurd: ”Nei Osmund, nå fekk eg slik lyst til å spela ein slått etter Lars.” ”Dender er mange blanke spyd krigen” – Osmund T. Kvelland må ha lika denne slåtten godt. For om morgenen etter onkel var tatt
av sted med hesten sin sa Osmund til meg:”Hadde bare faren din spela fele slik som han Sigurd, då kunne med hatt fest kvar kveld.” Far min bles fløyte og spela på fela mi, dette skulle indikere at Lars Larsen d.y. også var ein habil læremester. Sonen til Lars spela både fele og dragspel. Han hadde ikkje den flyten i musikken som faren hadde.
Denne Marselius var uheldig med di sonen kom Lars kom bort på Lundsvatnet. Ei dotter overtok b.nr. 7 etter broren Lars og med henne forsvant Larsen navnet fra slekta.
Dotterdotter til Marselius eig i dag både b.nr.2 og b. nr 2. Med dette kjøpet fekk nåverande eigar hånd om kverna til Lars Larsen d.y. og til Regeviks kverna til Kristian Olsen på b.nr.2. Hermed skulle det vera klargjort – at om Karin Bjellerås solgte Regevikskvernsteinen sin, så finnest der fortsatt møllesteinar
på b.nr. 7 om det atter skulle komme armod og tunge tider over Gjesdal.
Gjennom annen verdenskrig blei kverna restauret. ”Det er godt å ha noko gammalt til sloggong, det vekker ikke oppsikt som om vi hadde brukt nye bord,” sa Johan Gjersdal.
Eg tok og med ei gammal grunnloppe, grunnpig, spenel og sigle, då meinte vi at vi skulle kunne kappa av kallen både oppe og nede om den viste seg å bli for lang.
Smith Røyland og Johan Gjersdal gjekk i gang med å mura opp igjen den gamle mølledammen og setje opp kvernkallen. Johannes Hetland og eg tok med oss hesten og gjekk strandbakken og hogg underliggere til sloggonga. Etter eit par dager sveiv kverna. Då far min som var mest vandt med kornmaling kom med kvernsand frå Sandviga og sandmol kvernsteinane og fekk blengt dei opp etter mange års stillstand, gjorde den også godt grautmjøl og flatbrødsmjøl. Dette støtta godt opp så eg trur ikkje nokon av familiane på Gjersdal lei nokon direkte naud under krigen. Så
hadde vi og den store fordelen å ha fiskehamna i Åna Sira så nær. Stort sett gjekk alt bra, men far min Tobias Gjersdal fekk seg ein alvorlege støkk ein gong han var
til kverna for å henta seg ein mjølsekk. Han bar sekken i ei gammal kibekorg på ryggen. Ettersom han hadde passa kverna heile natta var han trøtt og dyppa nok
av litt, der han satt på steingarden og kvilte børi litt. Best som han
vakna så satt det tre tyske soldater på kvar side av han. Heldigvis så klarte han å ta det roleg og tyskarane var høflege karar. Ikkje fornerma dei han og ikkje han dei. Alle reiste seg og gjekk kvar te sitt.
”Men at dei kjende lukten av nymalt mjøl,” mente han. Dei skulle berre visst at der satt mannen som hadde hatt sabotasjegruppa
”Vestige 4” buande i ei utslåtteløe heile våren og sommaren. Det var denne gruppa og sendaren deira troppen var på leiting etter.
Men kverna ho sveiv til krigen var slutt og der atter var finmjøl nok i forretningane å få kjøpt. Då vart kverna gløymt og heller lite påakta. Ta difor vare på den kverna som hjelpte er lita utkantgrend og i tillegg ein flokk flyktningar gjennom fire harde år.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...