Glimt frå nær og fjern fortid i Riska

01.09.2010
Glimt frå nær og fjern fortid i Riska
Biletet viser korleis det såg ut i vågen rundt 1910.

Artikkelen byggjer på kopi av dokument som eg har fått av Lars Røgenes og samtale
med Lars og Olav Utvik. Riskaboka mv. er også referanse. Biletet viser eit kartutsnitt frå 2005. Her har eg markert ånå og skrive på dei ulike falla nedetter Frøylandsånå.

Ei stipla linje markerer grensa mellom g.nr. 102 Frøyland og g.nr. 101 Hommersåk. Ånå er grense bare eit lite stykke nord for 7. vassfall. Her var Riskekverven Fabrik
frå 1902, og ein av bygningane står ennå, Kvernå til Riskamuseet har fall 6.
Nr. 3 markerer Stampå. Det føste fall (nr.1) blei borte alt i 1870-åra. A betyr
Stemmen 12 m.o.h., mellom A og B liten stigning. Frøylandvatnet har varierande
høgde, ca 40-42 m.o.h. Fra Auduserverket og gjennom Frøylandvatnet
og på vestsida av ånå er det lagt røyr til sjøen.

 

NÆR FORTID
Stemmen seier folk. Stemmen er vel eit lite vatn (ei tjørn) midt i sentrum av bygda.
Er det ikkje dette som er Riska sitt svar på Breiavatnet i Stavanger. Her kan du ha med ungar og mata ender og måke, og stundom svaner. Men dersom du har litt historisk interesse, så kan du få med deg at dette var oppdyrka mark ein gong.
Men 1870-åra førde til mange forandringar i bygda. Bekken som rann gjennom
marka, blei stemma opp. I eit dokument frå 1909 blir det sagt at vatnet blir førd gjennom ”en kanal med middels bredde a 2,62 m og 1,5 m høide, kanalen er forsynet
med solid stensætning paa siderne og pukket i bunden.”
Det er ikkje mykje igjen å sjå av denne kanalen. Men vatnet renn nå som
før mot sjøen. Og det er store vassmengder.
Ein ingeniør fekk i oppdrag å vurdera ”Hommersand-vassdra-get” i 1909. Med 1500 mm normal nedbør, og redusert til 85% for år under normalen og eit nedslags-felt på 10 km2, så rekna han ut kor mykje kraft dette vatnet kunne gje ved bruk i 10 timar av døgnet og 25 arbeidsdagar kvar månad. Det blir sagt at demning-en i Frøylandvatnet (også kalla Stemmen) ”er særdeles solid” Demningen er 6 m brei og 5 m høg over botnen for avløp og kan ha ei tappehøgd på 4 m og har ei magasinbeholdning
på 2 mill m3. Det er rekna ut at det er kapasitet til uttak av vatn i 3 månader utan nedbør ved fullt magasin.
Biletet under kartet på denne sida trur eg må vera før 1910. Det viser korleis det såg ut i Vågen. Huset som Arne Østebø eig nå, står ennå, men er noko forandra.
Utanom det er alt forandra. Du ser tårnet av Riska gamle kirke, bygd 1877.
A/S Stavanger Fosfatfabrik hadde kjøpt Myllå og bygd om. Hovudbygget blei bygd
i 1907 og ”helt av mur og særdeles solid”. Det er og to sidebygningar. I den største er
”dampkjedlen og tørrepladerne anbrakt”.
I 1909 var A/S Stavanger Fosfatfabrik eigar av verksemda nede ved Vågen. Dei åtte tre kvernfall (truleg nr. 2., 5. og 6. fall). På brygga var det ”skinnegang fra fabriken
og en ca 150 m lang strandlinje”. Hausten 1910 brann bygningen. Dette skriv Eivind Smith i Riskaboka (s.446). Det kom til nye eigarar. For Stampå (fall3) hadde Hansen og Myhre eit krav på 2000 kr eller årleg avgift på 100 kr.

 

Det er ei lang historie knytta til ”Hommersand-vassdraget” eller Frøylandsånå.
I 1877 fekk C.B. Svendsen, ein kjøpmann i Stavanger, ein avtale med eigarane
på Frøyland om å nytta Frøylandvatnet til moderne mølledrift nede i Vågen.
Det har nok vore mølledrift i dette vassdraget heilt frå 1600-talet, og det var stem
i vatnet før C.B. Svendsen si tid. Denne stemmen ville Svendsen reparera, og fekk gjera det ”som han maatte finde det tjenligt”. Ånå på Frøylands grunn var felleseige på den tid. Svendsen fekk rett til å senka nedre kant av stemmen ”saa dypt
som terrænget tillater det”. Og det blei gjort, slik at 1 fall er borte. Han skulle også byggja bru nær stemmen, men stemmen ”maa ikke forhøies over den nuværende stems høieste punkt”. Svendsen hadde i 1875 kjøpt gard på Hommersåk
med formålet industriell mølledrift Han gjekk konkurs i 1882.


Det er skrive og sagt mykje om denne C.B. Svendsen. Med han kom det ei ny tid
til Riska. Det kom nye folk til bygda. Det måtte kunnskap til om steinhogging
og mølledrift. Etter mi vurdering har han betalt godt for seg, men i dag er det som var”feite årlege avgifter” bare småpengar. For 5.fall har Tore i 1891 ”en Indtækt
af 120,oo kr af et Kværnefald” (Riskaboka s.217). Seinare eigarar av Myllå, som ikkje alltid har vore ei tradisjonell mølle, og som i dag er Sandtransport, betaler avgifter
for eigedommar kjøpte i 1870-åra. Sandtransport eksisterer i dag også,
men har ingen produksjon, bare eigedom.
For å illustrera dette kan eg visa til at C.B. Svendsen kjøpte ”Vandfaldet
paa Andreas Monsens Anpart af Hommersand” og fekk skøyte på eigedommen
i 1876. For dette skulle han betala 60 Spd årleg. (1 spd = 4 kr) Det er det same
som 240 kr. I all ettertid er dette blitt betalt til ” A n d r e a s Monsen og efterfølgende
Eiere af hans igjenhavende A n p a r t ” . Denne eigedommen starta ”ved Søen
ø s t e n f o r Bækken i en jordfast Steen gaar derfra i S.23 Alen....” og omfattar litt
på austsida av bekken, men mest på vestsida fil grenselinja mot nord sluttar i sjøen. Det blei gjort bytte av båtstø og ”Svendsen skal flytte Andreas Søhus til det Sted hvor Nymans før stod” Nyman var ein tidlegare eigar av den gard Svendsen nå åtte.
Slik eg forstår dette, er det to måtar å betala ein eigedom på, anten ein sum ”engang for alle eller aarlig avgift” som det er sagt om Stampå, fargarane sin eigedom. Sandtransport betaler nå ca 600 kr kvart år for slik handel oppetter Frøylandsånå. Truleg er det dels kommunen som eig grunnen i dag,
men Sandtransport meiner dei er forplikta på avtalar frå 1870-åra.
John Haugvaldstad fekk skøyte på eit fall i 1836. Det er Stampå. Ei stampe eller stampemølle blei nytta ved framstilling av vadmel eller vadmål, som dei sa i gammal
tid. Vadmål er laga av vevd ull. Veving av vadmål var kvinnearbeid. Det blei brukt til klede av alle slag og til seil også. Men for å hindra at stoffet krympa og for å gjera
det sterkare og tettare, så blei det vevde stoffet stampa. Til dette trong ein varmt vatn og drivkraft for stamping. Ryfylkemuseet har ei stampa i Suldal til demonstrasjon.
Dei farga nok også vadmålet her ved Frøylandsånå. Haugvaldstad døydde i 1850.
Fargar Danielsen fekk auksjonsskjøte på eigedommen, seinare Hansen og Myhre. Det er Sandtranspor t som eig her nå (3.fall). John Haugvaldstad er kjend haugianarhøvding og var kjøpmann i Stavanger. Det var folk her i bygda
som arbeidde på Stampå. Gamle Per var ”Stamper” (driftsleiar) og sonen Thomas
er i 1891 vadmålsstampar (Riskaboka s. 210).
C.B. Svendsen starta opp med moderne mølledrift, men i 1882 var det slutt for han. Det blei danna eit selskap som dreiv mølla vidare. Gardsbruket blei seld til Jakob Knudsen som var ”Møllebestyrer” hos Svendsen. Eit par år seinare sel han garden
til Lindtner, som var kaptein på dampskipet ”Strand”, som hadde rute til Stavanger, og som visstnok tok passasjerar med frå Riskastranda. I 1894 var det ny eigar, Thormod Rettedal, ein kjend emissær. Med han kom Kinamisjonen (Misjonssambandet) til bygda. Eit par eigarar kom til seinare, men i 1907
var kommunen kjøpar. Frå denne eigedommen har vi klokkarjorda aust for Stemmen. Gardshusa frå gammal tid stod der Riska bofellesskap er nå. Mølla blei driven
vidare av eit interessentselskap til 1904. Dette selskapet fekk med seg rettar
og forpliktelsar som Svendsen hadde med bønder i Riska.
Det har vore Hommersandvassdraget/ Frøylandsånå som har stått sentralt
i artikkelen. I 1909 kunne vatnet, før det kom i sjøen, komma gjennom ei 1,7 m
brei og 1,45 m høg trerenne, og vidare gjennom eit klinka stålrøyr med 900 mm diameter, og med kraft få ein turbin i sving, og dermed vera drivkraft for ”Myllå”.
Etter brannen kom det nye eigarar og i 1922 kom firmaet T. Skretting til bygda. I 1968 var det slutt med mølledrift. Så var det lager ei tid før Sandtransport overtok.
Frå 1994 har Berge M. Bertelsen kjøpt firmaet. Som betongfabrikk dreiv ny eigar bare
kort tid. Nå er det ingen industriell industriell produksjon, men Sandtransport og BMB eiendom er synleg i Vågen. Firmaet Sandtransport har eksistert frå sist på 1950-talet og hadde frå 1970 til 1994 hovudkontor i det anlegget dei kjøpte av stavangerfirmaet
T. Skretting, som slutta med mølledrift i 1967.

FJERN FORTID
Kattaborgå sett frå nedre flateområde på Lauvås. Skille mello Lauvås og Eltarvåg går over toppen. På Eltarvåg-sida var det kraftige steinmurar. Mot Lauvås er det bratt, frå 150 til 25 m.o.h. på flaten nedunder. Høgste punkt er 164 m.o.h.
”Katteborg” kaldes den sydligste af tre steile for det meste ubestigelige
fjeldtoppe, der ligger .......” Slik står det om den fjelltoppen, som eg har sett
fra barndommen, og som blei kalla Kattabårjå. Kjelde for sitatet er Stavanger Museums Aarsberetning for 1899. Det blir her sagt at det er registrert ei bygdeborg. På toppen er det eit platå ca 96 m langt og ca 40 m breitt. Det er murar, ein indre forsvarsmur på ca 11 m og ein ytre på ca 13,5 m. Avstanden mellom murane
er ca 21,5 m. Murane skal ha vore ca 3 m høge, men blei velta ned omkring 1895.
For eit år sidan inviterte Riskamuseet til kulturvandring med meg som guide.
Som forarbeid tok eg turen opp med måleband. Det er med god vilje muleg
å sjå restar av murane, men ingen blir imponerte av dei steinane som er igjen. Kåre Eltervåg fortalde fortalde meg for eit par tiår sidan at ryktet sa at det var byfolk som
hadde velta steinane utfor. Det hadde han ikkje tru på. Det var ungdommar fra bygda som hadde dette som sundagsmoro. Det braka sjølvsagt fælsleg når steinane
stupte utfor. Og også i hans ungdom blei det velta stein fra Katteborga/Kattabårjå.
Men utsikten fra toppen er som før. Det er tre bygdeborger i Riska. Utanom Kattaborga er det opp av Lutsivatnet på Hogstad det 342 m høge Storaberget.
Det er ca 6,6 km i luftlinje mellom desse borgene. Eg var i tvil om Eilevfjellet
og Bjellandsfjellet stengde, men nei, gjennom eit skar såg eg verkeleg høgaste toppen av Storaberget. Røyksignal kunne skapa kommunikasjon. Storaberget
på Ussjå er også godt synleg, ca 7,8 km borte. Mellom desse to Storaberga er det ca. 4,5 km. Også her er murane dels rasa utfor, men ikkje så gale som på Katteborga.
Spørsmålet er kva desse borgene hadde som formål. Lenge var det akseptert
at borgene er fra ei uroleg tid, fra folkevandringstid for ca 1500 år sidan, og at det
er festningar, der ein kunne forsvara seg mot fienden. I nyare tid er andre teoriar også framme. Var det okkupantar som hadde sine fort her, og lokalsamfunnet
som måtte innretta seg slik herrefolket ville?
Den fjerne fortida er interessant, men det er lite nytt å komma med. Den nære fortida er også på god veg til å bli gløymd. Det er her Riskamuseet har si oppgåve.
Med museum tenkjer vi på eit hus med gamle ting i. Gjennom lang tid har tanken vore å finna dette huset. Truleg må vi innsjå at dette blir for dyrt, og kanskje ikkje heller nødvendig. Namnet bør derfor etter mi meining heller vera Riska historie-
og museumslag, der formålet er registrera ”gammalt” som er i privat eige,
og som eigaren tar vare på, og få opp interessa for dette. Dessutan å ta vare
på ”historiene”, slike som kan lagrast i ein perm eller på data.

Redaktør -

Nyheter

Når sæden svikter

Når sæden svikter

Forplantningsevnen er i fritt fall i Norge ...

Dverggjess under himmelen

Dverggjess under himmelen

En inspirasjon av kristen meditasjon og ...

Vindens kjærteikn

Vindens kjærteikn

Mye ettertanke og skjønnhet – samlet ...

De svarte skipene

De svarte skipene

Norsk epic fantasy

Gulla på rømmen

Gulla på rømmen

Flere hundre mindreårige har forsvinner ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...