Om å ha hytta “på landet”

03.03.2010
Om å ha hytta “på landet”
Gartner Karlsen med guttene sine har levert oss egg på døra: Han bodde oppe hos Jarl Hetland og dreiv gartneri i dalen.

De’ heila begynte itte krigen, då sko adle byfolk ha seg hytta på landet.
Fem år med krig og matmangel hadde fått folk te å ønska seg ein trygge plass me ein jordlapp, så di i alle fall kunne skaffa seg poteter og grønnsaker, for ikkje å snakka om ber å frukt.

Me va så heldige å ha ein kjende så hadde hytta på Øvre Hetland. Der fekk me vera någen heljer fyste sommaren. Hyttå hadde store tomt heile fem mål, å då de blei snakt om å selja to tomter, va me frampå me ein gong.
Den eina tomtå va heilt nærme veien, men der va de bare stein, fant de voksne ut. Den andra låg høgast oppi fjedle, den sko de ha for der var de litt meir jord.
At de va langt og bratt opp der, de gjorde ingenting. Tomtå blei kjypte, og den kosta 800 kroner, i 1947.
Så va det å få tag i material, de va ikkje nogen enkel ting i den tiå, alt va rasjonert. Men me litt strev fekk me oss opp ei lidå hytta, så me hadde noge å vera i mens me venta på at den andra sko bli ferige.
Øvre Hetland ligge meste fem km fra kaien på Hommersåk, eller Hommersand,
så de hette då. De gjekk ingen byssar i den tiå opp her, å de va ingen så hadde privatbilar. Men han Peder Paulsen hadde ein liden lastebil, å de va ikkje karmar
på planen. Men kåner og ungar satt nere å mannfolkå sto å holdt seg i styrehuset.
Eg huske eg syntes de va litt nifst, men de gjekk godt. Materialer fekk me og kjørt me den bilen. Seinare fekk an seg drosjebil, de gjorde og han Håkon Ånensen. Så viss
de va någe tongt me sko ha me oss, då tog me bil opp. De kosta 5 kroner å ta bil te Øvre Hetland.
Adle så hadde hytta, reiste med båden. Lørdag arbeidde folk te tolv, då va de full fart for å nå båden så gjekk klokkå kvart øve
ett. Neste båd gjekk klokkå kvart øve tri. Om sommaren gjekk det tri bådar på desse turane. De va Riskafjord, Turisten å ein så me kalte for Donkå, for an rista sånn.
Som regel va de smikkfodle adle tri. Någen gonger sto skipperen å telde folkå for å se om de va for mange. Kver båd hadde ei tavla kor de sto kor båden gjekk
innom. Me så sko te Hommersand fekk nesten allti Turisten, for den va den styste.
Der konne du sidda opp på tage viss de va fint ver. Me unger syns den va den beste, åså gjekk an fortast. De hendte di kappkjørte ut fra by’n, men før me kom te Marøynå hadde me lagt de andre bag oss. Då va me krye.
Folk så sko på lande hadde med seg møje bagasje. Ryggsekker å vesker, esker å kassar. Då va de gott å ha ein sykkel. Du konne nesten ikkje klara deg uten. Sykkelen blei lesste ner me alt så va tongt, så bar de i vei.
Hetlandsbakken konne vera tunge når du hadde møje å dra på, men me på Øvre Hetland fekk ein fine skyss, då an Knud Eikeland bjynte å møda opp på kaien me den store lastebilen sin. Den hadde høge karmar og benker. De var trapp opp, så både kåner og ungar kom seg opp på ein s k i k k e l i g e måde. Eg tror me betalte 1 krona for voksne og 50 øre for ungar.
Hyttå vår låg høgt oppi fjellsiå, og fekk navnet Utsikten, for i den tiå kunne me se heile dalen derifrå. De fysta me jorde når me kom opp va å heisa flage, de va tegn te adle andre hyttefolk at nå va me
komt inn. Flage va allti oppe når me va i hyttå.
Nere i dalen va de et gartneri. Gartneren hette Karlsen. De va min jobb å sei ifra når gartneren va komt. Eg hadde ein stein så va fine utsiktplass.
De va kjekt å handla hos han. Han hadde drivhus, de syns eg va flott. Me konne kjøba poteter og grønnsaker hos gartneren, egg hadde an og. Mor mi syns di eggå
va møje bedre enn di me fekk kjøba i byen.
Om sommaren gjekk kydene te an Jonas Hetland på beite i dalen.
Der hadde han eit sommarfjos. Kver ittemiddag i femtiå samla hyttefolkå seg
i skråningen øve veien fra sommarfjose. Adle hadde melkespann med seg. Der satt
de å radla mens de venta på at an Jonas sko komma syklanes med melkespannå
på styre. Han Jonas hadde fem kjyr. Når de såg an, kom de inn i fjose av seg sjøl.
De va kjekt for oss ongar å se på når an Jonas molkte, men de va ikkje populert hjemma når me kom hjem me heile skonå fodle av kusjid. Når an va ferige å melka, stilde an seg opp på veien. Folkå kom me spannå sine, å Jonas målte opp. De va
ikkje alltid de va nok melk te adle, då delte an så adle fekk litt. Så hang me spanne
me pengar i på gjerde te mornings. Eg hørte aldri at någen stjal pengane så
hang på gjerde.
I hyttå blei melkå helde øve i ei Skål te neste dag, då skomde mor mi fløden av te å ha i kaffien. Eg va ikkje så begeistra for melkå, kan eg huska, eg kalte na kumelk,
i motsetning te flaskemelk, å syns an både smakte og ukta ku.
Men de va ikkje bønn, eg måtte drikka melkå.
Brø konne me kjøba på brødbilen. Brøbilen kom fra Li Landhandel. An kjørte tirsdag, torsdag og lørdag. Han tuta i bilhorne når an kom inn ijønå dalen. Då va de bare te
å triva pengene å springa. Me hadde ein goe bede ner te veien, men an pleide venta te me kom. De va stas når me handla på brøbilen, de lokta så godt av brønå. Någen gonger konne me vera heldige, då hadde an vinabrø og.
De va ingen så hadde telefon på den tiå. Skolle me ringa måtte me heilt te an Torger Vårli på toppen av Hetlandsbakken, der va de talestasjon. De kosta 10 øre å ringa.
De va ei lidå skoffa i telefonen akkurat
plass te 10 øre, å når me lokte skoffå ijen fekk me forbindelse. De måtte vera någe veldig viktig viss me sko ta den turen.
Som sagt, så va de veldigt gjevt å komma på lande. Me hadde så vidt fått tage
på den litla provisjoriska hyttå før slektå kom.
Tanter, onklar, ungar og honnar te å me svigerforeldre hadde de me seg. Adle ville
på lande. Di va ikkje komt for å vera me å jobba. Nei, kånene va i finaste syndagskjole,
mennene va i kvide skjorta me vest å klokkekjede, de hadde stasa seg rektigt opp. Morå mi og faren min blei heilt bleige. Ikkje hadde me senger elle sengkler, å mad
va de lide me te ein så store forsamling. Men de blei vel ei rå, primussen sveiv fra tidlig på morningen, for kaffi måtte adle ha. Så va de te gartneren itte mer egg og poteter. Eg så va unge syntes de va kjekt med så møje folk. Men når eg ser på bildene så blei
togne den gongen, kan eg godt forstå reagsjonen fra de voksne. Siden blei der merr kontroll me besøgå. Men de va ikkje alltid liga lett å vera einaste i familien så hadde hytta.
Me reiste på landet kver helg og ferie, fra tidlig på våren te seint om høsten. De blei rydda og gravd, me sko ha brønn å do. For ikkje å snakka om potetesåger. Jordå trengte gjødsel, blei de enige om, å så bestilte de et lass me kusjid fra an Jonas.
Di strevde felt me å bera opp det lasset. Då tror eg di tregde litt på at de hadde velgt den tomtå så låg langt oppe i fjedle. Men så kom potetene i jordå og frokt trenå
på plass. Ja, då va de store greier.
Syndagen va kviledag på lande, og morå mi va strenge på de. Den dagen sko der ikkje arbeidas. Eg blei syndagskledde å jekk rondt å jorde ingenting. Far min syns
de va forteranes, så de hendte han lurte seg te någe rolig og forsiktig arbei itte kjerketi. Men morå mi likte de ikkje. Å syndagen sko me gå tur.
De e ikkje så gott å gå tur på lande i syndagskjole. På gamle billeder ser eg at me har våre på Lundekvam (Marahålå). Der har me tatt oppstilling for fotografen, kånene
i syndagskjolar og spasersko, og mennene i vest med klokkekjede og hatt.
Ja, de va andre tier den gongen.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...