Kvednå i Frøylandsbekken

26.05.2010
Kvednå i Frøylandsbekken
Minnetavla over de ti som omkom ved “Mellarbåtens” forlis 2. desember 1893.

Någen tilbakeblikk i forbindelse med gjenåpning av kvednå og avdukning av minneplate 25. august 1993.

Me er: Sverre Frøyland, Bjarne Skjørestad og Leiv Hogstad. Dette er någen tilbakeblikk på det arbeidet som Sverre, Bjarne og Leiv har vore med på, og som er blitt kalt for gjenoppbyg-ging av kvednå i Frøylandsbekkjen. Her me står nå, er dette nummer seks av i alt ni kvernfall nedover mot sjøen, så det var kvern-er i bruk både ovenfor og nedenfor denne her. Ka tid dei begynte, og ka tid dei slutta med maling av mjøl her i denne kvednå, det veit me ikke sikkert, men det er vel rimelig å tru at dei begynte ganske tidlig på 1800 talet, og at dei slutta av eit stykke ut i vårt århundre. Men det som er sikkert er at det blei malt mjøl i 1893, altså for hundre år sidan i år. Det var ikke bare folk fra bygdå her som fekk malt kodne sitt, det blei frakta kodn med seilbåtar frå Sta-vanger, men det vil ho Ragnfrid fortella meir om. I dag er dette et friluftsområde med sykkelog gangsti, så det ligger veldig gunstig til for folk som er interessert i å sjå koss våre forfedre laga sitt eget brød og grautmjøl. Først av alt måtte me få dette avklart med, og godkjent av kommunale myndigheter, og dette måtte nød-vendigvis ta någe tid. Men me møtte stor interesse og velvilje for et slikt tiltak, og det var då heller ikke lenge før me fekk klarsignal om at me kunne bare sette i gang, og at nødvendig arkitekthjelp skulle kommunen hjelpe oss med.

Det er nå temmelig nøyaktig fire år sidan me begyndte på dette arbeidet med å bygga opp igjen desse husene. Det var då berre eit einaste villniss her, og det var vel nokså utenkelig for ein utenforstående å forstå at det her hadde blitt malt mjøl som blei brukt i den daglige hushaldning for over 100 år sidan. Men etter kvart som me fekk rydda vekk trær og kvister, og ikke minst røter, då kom me fram til restane av det som ein gang hadde vore grunnmurar til mølla og tørke-huset.
Korleis desse husene såg ut på den tida, det har me ikke klart å finna ut av, for det fins ikke någen bilder, eller någen som er i live i dag som har kunna fortelle oss någe om kor det såg ut her i då dette var i bruk. Nå kom det vel med å få hjelp av arkitekt, som har laga tegninger tilnærma slik som kvernhus var i gammel tid. Utvendig ser dei nå kanskje någe meir moderne ut enn dei var for 100 år sidan, men funksjonelt er dei bygt opp nøyaktig på samme måten som dei var då.

Det var ikke mange funn me gjorde når me renska tomtene, men eit par ting må eg få nevna. I det hjørna på tørkehuset som pipa står, der fant me restar av ristene og aske der dei hadde fyrt under tørkepanna når kodnet skulle tørkast, og i dag er tørkepanna plassert akkurat på den samme plassen.
Når me snudde og vende på steinane her, kom me over ein stor, flat stein som det var lagt eit spor i. Det må ha vore den steinen som hadde være brukt som lager for vasshjulet, som dreiv røreverket i tørkepanna. Den samme steinen er brukt som lager i dag og. Me har ikke gjort någen ting med den, bare lagt den på rektig plass, hadde litt fett i sporet lagt aksen oppi, og det sviver som det skulle være på kulelager.

Det var heller vanskelig å finne brukbare steinar til murane, for dei fleste hadde form som sirupsnippar, og skulle me prøva å bearbeida ein stein for å få eit rettvikla hjørna, så sprakk den som regel ein heilt annen plass enn det som me hadde tenkt. Bekkjaløpet her er omlagt og omarbeidet i nyare tid, og me har vel ein mistanke om at dei beste steinane er brukt til dette arbeidet. Men me fekk omsider til murane slik me meinte dei burde vera, og nå måtte me begynt å tenke på treverket.

Det var ikke bare å gå til nærmaste trelastlager å kjøpa det som me skulle bruka, for det var ikke lagervare det som skulle brukast. Det er spesialbestilte dimensjoner i førsteklasses furu, bestilt direkte fra sagbruk, og desse materialene vil med godt vedlikehold halde i mange, mange år framover. Arbeidet med treverket var fint vinterarbeid. Då fekk med vera in-nendørs og bygge opp og tilpasse det meste, slik at når me kjørte det på plass, så var det bare å lø det opp på murane, og husene var under tak på någen timar. Me har her prøvd å fylgja gammel byggeskikk og håndverk så godt som det har latt seg gjera.

Me hadde og bruk for material til kvernkallen, eller kadelen som me seier på dialekt. Emnet til denne fant me inne på kom-munen sin eiendom, Nodhagen, inne på Bergsagel. Ei såkalt rotvelta, ei kjempestor eik som me fekk overta. Denne kuttet me opp i passande lengder, veltet den ned til sjøen og slepte den sjøveien til sagbruket på Bergsagel. Der fekk me den grovskåret til dei dimensjoner som me hadde bruk for. Efterpå blei den transportert til Hommer-såk, der den lå og tørka i ca. 1 1/2 år før me bearbeida den videre til den kvernkallen som driver kvernsteinen i dag.

Kvernsteinar, ja. Me rekna nok med i utgangspunktet at kvernsteinar, det skulle det ikke bli vanskelig å få tak i. Men det viste seg at det skulle bli det største problemet som me hadde. Eg hadde nær sagt me har prøvd både i sør, nord, aust og vest. Me håpa jo på at me skulle få brukbare steinar i bygdå her, som det har vore så mange såkalte bekkjakvednar i drift i gammel tid, men det ville ikke lukkast. Me fekk sagta mange tilbud, men me fant ingen som riktig passa oss. Enten så var dei for store, det var bare enkeltsteinar, eller dei var skada og var ikke brukbare av den grunn. Og dei har og vore veldig populere som hagebord.

Men skulle me nå det siktemålet som me heile tida har ar-beidet imot, at metilslutt skulle få ferdig skikkelig malt mjøl, så måtte me og få tak i brukbare kvernsteinar, og då burde dei helst vera eit par. Der er kanskje någen som lurer på koffor det skal eller må være eit par. Me skille her mellom ein understein og ein overstein. Understeinen ligger fast oppå ein benk. Oppå den ligger oversteinen, og blir drevet rundt av kvernkallen, og då skurer steinflaten imot kvarandre. Dei er då tilpassa slik at dei danner eit par. Kodnet blir så matet ned i holet på oversteinen, og blir videre dratt ut melom steinflatene, knust og malt til mjøl som kommer ut rundt steinene og ført videre ut i ein samlekasse. Avstand mellom steinene kan reguleres etter kor grovt eller fint mjøl ein vil ha. Kvernsteinar er ein spesiell steinsort som har nogen harde og slitesterke korn som kalles for "Staurolitt" (diamant), og den beste steinen kommer fra Selbu i Trøndelag.

Men til slutt måtte me ut av bygda før me fant det me var på jakt etter. Og nå var me heldige og fekk den rette steinen, det var og ein ideell størrelse for oss. Dei blei og gjenforent til eit par, sjøl om dei var blitt adskilt og havnet fleire mil ifra kvarandre. Nå er me veldig glad for at desse steinane er kommet her til oss. Dei har en spesiell historie. Men den skal eg ikke komme inn på her. Her skal bare nevnast at dei kommer i fra Gersdal i Lund, at dei blei brukt under siste krig og blant annet hjelpte någen heime-frontkarar med mjøl. Han som hjelpte oss med dette, bor nå på Riska aldersheim. Han heiter Herleif Gjersdal, og han er med oss her i dag.

Me kan nå sei at me har nådd det målet som me satt oss når me begynte, at me tilslutt skulle kun-na mala brød og grautmjøl slik våre forfedre gjorde det i gammel tid. Dvs. for nær 100 år sidan. Me har nå kokt byggmjølsgraut, laget komle og bakt brød av mjølet som er mole på kvednå i Frøylandsbekkjen. Men før det er kommet så langt, skal me heller ikke gløyma at kodnet må tørkast godt før det kan malast. Og tørkepanne, røreverk og vasshjul er ein viktig del i denne prosessen. Alt dette er heimelaga og konstruert slik det var brukt i gamle dagar. Det har nok vore någen utfordringer underveis, for det lite eller ingenting å få kjøpt ferdig av det me hadde bruk for. Ta bare ein så enkel ting som ein dørlås. Der prøvde me lenge å finna någe brukbart. Men nei, ingen tilfredstilte kravene til ein god lås i kvern og tørkehus. Enden på den visa var at dei blei heimelaga dei og.

Me hadde forresten ein del moro med stenging av dørene før me fekk skikkelig låser. Folk undrast på koss me stengte dørene, for det fanst verken dørhåndtak eller nøkkelhol. Dei var sikre på at me stengte dørene på innsida, men dei fant ingen hol som me kunne komma oss inn og ut av. Dette blei helst eit problem for oss og, for me kunne ikke opne eller stenge så lenge det var nå-gen som såg på. For då ville me røba hemmeligheten med låsene, og koss me kom oss ut og inn. Det er kanskje nogne som lurer på det i dag og, men i dag er me ikke redde om folk ser på.

Dette er i grove trekk slik me har opplevd dette arbeidet sidan me begyndte her for fire år siden. Og me er i dag veldig glad for at me har nådd det målet som me har arbeidet mot. Det har ikke akkurat vore någen åttetimers dag. Me hadde forholdsvis god tid på oss, så me har tatt det som det har falt seg, men heile tida med tanke på at me måtte komma i mål til rett tid. Me har hatt mange koselige og gilde stunder ilag her, som eg i dag ikke ville vore foruten. Me er og takknemlige for den velvilje som er vist oss av diverse firmaer og privatpersoner, når me har bedt om di-verse ting eller tjenester.

Kan kanskje og få nevna at me har mottatt Lions aktivitetspris for dette arbeidet.

Men det er ein ting som me er svært lite glad for. Som de ser, har me måtte legge ut ein plastfolie i botten av vannrenna for at vatnet ikke skulle dra med seg jord og grus. Den skulle ikke vært der, den høyrer ikke heime i dette miljøet. I fjor haust hadde me fylt på jord og sådd i gressfrø her, for at dette skulle vokse opp og binde jorda og danne eit grassteppe som vatnet skulle renne på. Dessverre var det nogen uvedkommande som klarte å sette på vatnet, og spylte både jord og grasfrø ut i bekkjen og ned i stemmabrunå. Derfor har me måtte gjera det på denne måten i dag. Til slutt vil eg få sitere någen få lin-jer av Herleif Gjersdal sin historie om kvernesteinane, og han skriver det på denne måten: "Og kverna ho sveiv til krigen var slutt, og der atter vart finmjøl nok i forretningane å få kjøpt. Då vert kverna gløymt og heller lite påakta. Tok difor vare på denne kver-na som hjelpte ei lita utkantsgrend, og i tillegg ein flokk flyktningar gjennom fire lange år.

Ja, vær med å ta vare på denne kvednå, desse husene og denne plassen, for dette er ein del av Riska sin historie.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...