Nydyrking på 1800-talet

02.05.2014
Nydyrking på 1800-talet
Dyrking_OK_Reichelt Vasshus ca 1950 utover Foto Judit Horpestad

Den kjende Kleppsbuen, Donchard Carlsen (1882-1966) skriv at på 1800-talet ”lå gårdene på Jæren i tun på de høyeste og de tørreste stedene, og grøfting i dyrkingslandet var ennå ukjent, og gårdene lå nærmest i fellesskap.” Ei tid det var eit strevsamt arbeid å dyrka på garden og halda jorda si bærekraftig nok.

Det var ei tid då det ikkje var ”rare” reiskapane som vart nytta. Eldste spada var ei trespade, og til spett nyttast ein kort, klumpet jernstokk, og ein lang, sterk trestokk dei kalla bråd, som dei braut opp større steinar med. Det seier seg sjølv at mange av dei største steinane måtte liggja att i molda; før både steinbukken (meir vanleg kring 1900) og dynamitten var komne i bruk. Plogen var heller ikkje å finna på garden. Det var spada som måtte til med å snu jorda før såing. Då ”opptaksspada” av jern kom, som bygdesmedane laga, vart det atskillig lettare for bøndene å dyrka. Frøet vart så sådd mellom storsteinane, og ”molda ned” med ei trerive med jerntinner på. 14. april var frå gammalt av vanleg såtid om vertilhøva var som normalt. Det var ei høgtidsam og sakral handling å så ut frøet, og lua vart lagt att på reina under såing. Dei eldre meinte at når det kom til ”sau og lam” i hibnaleitet på Synesvarden, var det klart til å så. Det var når snøfonna på denne toppen delte seg i to (sau fekk lam) av mildver og nok jordvarme.

Årvisst tidleg om våren kom reine ”innvandringa” av folk like frå Bjerkreim og Sirdalen, kan henda med eiga spade over aksla, til Jæren for å vera med på å spa opp jorda før såing. Dette skapte eit friskt innslag i bygdene, og kunne nok føra til gode bekjentskaper, m.a. med litt flytting til og frå kommuner ved giftermål.

Mange steinrøyser og mest uendeleg med steingardar som ligg att i landskapet fortel også  soga etter 1800-tals bonden, om han som dreiv målretta for seg og sine. Det er heidersteikn etter han som hadde lange arbeidsdagar, og sikkert var vel nøgd med det han fekk utretta på eiga jord.

 

Klepp historielag /Svein Efteland

Redaktør -

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...