Grublaren Torstein - ein av Jærens fattigaste

18.11.2013
Grublaren Torstein - ein av Jærens fattigaste
Magnus Espeland
Rett før forfall etter eit langt liv.

Han budde ute i ei av dei store utmarkene på nordsida av ein bratt lyngbakke på Jæren, skriv Lars A. Tjøtta om denne Torstein, ein mann som i si tid var ein temmeleg åndsjuk og lite for seg einebuar.

Han levde som ein personleg tragedie og var av dei aller fattigaste under Jærens vide himmel. Det må ha vore ein gong for minst 150 år sidan skulle eg tru. Ei ussel stova med ei seng, eit bord, ein omn og ei kista var alt han åtte av innbu. Eit par kyr, ein gris og to ”simple braffer” klarte han så vidt å halda liv i. Den eine hesten tjora han til ein fot på omnen, den andre til ein sengestolpe. Torstein fortalde at ”sengehesten” åt av sengehalmen og til tider beit han i tærne. Då ein av hestane dauda vart han gravlagt i jordgovet mellom senga og kista, og Torstein sørgde lenge over sin husvarme venn. Han trega jammersleg på at han ikkje hadde vore så gild med hesten som han burde. Etter kvart oppstod ei uuthaldane lukt som fylte opp heile hytta hans, ein stank som bare Torstein sjølv klarte å halda ut. Han meinte plent det var ei straff for at han hadde vore så stygg med hesten.

 

Torstein falt på sine eldre dagar inn i fæle religiøse grublerier. Det utarta seg på det viset at han dreiv sjølvplaging av kroppen og åt lite og skral kost, både i kvantum og kvalitet. Lakebrent brisling, poteter og vatn var vanleg føda i den elendige kvardagen hans. Han skar seg til blods og piska seg over ryggen kvar fredagsmorgon. Han hadde i si tid lurt til seg nokre dalarar som han hadde i ei tinnskål, og dette tinnet vart smelta og slått glødande over hendene. Ein dag kjente han sterkt at nå var tida inne for himmelriket, og for å pina ut siste restane av syndene sine bestemte han seg for krossfesting. Men det var ikkje lett når ein var åleine om ein slik metode. Men han fekk då spikra i hop ein simpelt trekross, binda fast føtene og sprikra fast venstre handa i trefjølene. Til all lukka kom ein granne forbi med sauene sine, og då Torstein ropa han til seg og ba han om hjelp til siste spikrane, fekk mannen hjelpa han ut or krossfestinga etter ein del bal og overtaling. Etter dette kom Torstein seg og avstod for sjølvpininga si. Han kom seg raskt på fote, og reiste til utlandet ikkje så lenge etter; ”hvor hen vites ikke med bestemthet” vart det fortalt i ettertid. Me som lever i dag kan bare grøssa nedetter ryggen over ei tid som var.

 

Svein Efteland  

Klepp historielag

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...