Bur du i Lortakrånå?

05.08.2013
Bur du i Lortakrånå?
Lortakrånå-område i 1960.

Bur du i Lortakrånå? spurde eg ein del huseigarar som var mistenkt for å bu nettopp der, eller ikkje langt unna.

For etter folkesnakket i dag er Lortakrånå der eller her, hjå den og/eller den, som høyrer heime i ein krets eigedommar på Kleppe som hadde dette litt ”flatterande” namnet. Grensa er ikkje lett å streka opp lenger. ”Lortaskapen”var aktuell i alle fall på 1800-talet til litt ut i 1900.

Det er bare dei eldste som seier Lortakrånå ennå, bare av og til, seier folk her. Nokre heimar er meir skulda for namnet enn andre; Men Gud veit, eg kan godt bu der eg også, seier enkelte. I alle fall er det ikkje grunn til å skjemmast lenger over eit så ”diffust” namn i dag. Frå gammalt av er i alle fall ”Lortekråen,” som det stod i kommunale og andre papirer, kring eit lite bruk her på nordvestsida av M44, 10 minutts gangtid sør for Kleppekrossen. Eit eldre rett hus nord for ”krånå,” som er rive for å gi plass for nytt byggjefelt, er flytta frå Lortakrånå i 1947, rulla som det var på tømmerstokkar og ”møje grønsåba,” ein 14-dagars jobb, fortel han som flytte ut i 2012.
Når eg spør kvifor feltet her hadde slikt namn, ja så veit somme det eller trur dei veit, og detaljane kan derfor vera litt ulike. Eller helst; dei minnest kvar sine deler av soga.
Det ser tydeleg ut å vera to ”løysninger” som står sterkt; frå kyrkjeliv og gardshistoria:

Her tømde dei hestalorten frå kyrkjestadlen oppe i Kleppehøgda. Her var også ei lita treklynge på staden der kyrkjefolket kunne koma innom å ”gjera frå seg” før eller etter ei lang og trøttande preik i kyrkja. Somme skifta gjerne om frå reiseklede til kyrkjeklede i skjul mellom trea. Eller hestar vart bundne her av kyrkjefolket. Alt slags ”graps” frå vedlikehald av kyrkjegarden vart plassert her.

Når det vart for mykje kulort i hevdaløa til eit gardsbruk litt høgare oppe i bakken mot Haugabakka, fekk bonden kjøra lorten hit, som han om våren kom å henta her og kjørde utover jordene sine. Plassen låg i eit lite bakkehald, og lorten vart dermed lettare å få opp i kjerra av den grunn. Dette var personleg fortalt til ein informant av den velkjende kleppsbonden Donchard Carlsen, så det skulle stå sterkt som realitet.

Det enda med at heile Lortakråna vart kjøpt av kommunen på 1960-talet og lagt ut til det det første byggjefeltet i Klepp. Kommuneingeniør Erling Braut vraka då namnet på feltet. Ein kar foreslo ”Krånå”, men Braut var usamd. Det vil bare minna om Lortakråna uansett, sa han. Dei som er herifrå vil verta erta med at ”Du vett kor du bur!”, la ingeniøren til. Då det vart flytt inn ny barnehage her, ville ei involvert kalla denne for ”Lortakrånå barnehage”. Det vart klokeleg(?) nedstemt av dei andre.

Redaktør -

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...