Soga om Apeloen og Apens skrekk

29.04.2013
Soga om Apeloen og Apens skrekk
lyfoto (Widerøe) frå 1951 av 3 hus på rad midt i biletet.

På sørsida av Kyrkjebakken i Kleppekrossen sådde den kjende handelsmannen Adolf Hatteland sine treplanter for sikkert 100 år sidan, som etter kvart vaks opp og frodig ringa inn hagen til familen. Så kom 3 nye hus til i denne hagen for vel 60 år sidan. Somme tre måtte bort og nye tre vart planta i nye tun. Hausten 2012 var alt borte, alle trea saga ned, og husa rivne or hagane av storkjefta gravemaskinar. Nei vent - apens skrekk står ennå att!

Dei nye husbyggjarane frå tidleg på 1950-talet var dyrlegen Sivert Bryne Carlsen, Torger Skretting og Sverre Haugland. Etter kvart kom også nye eigarar til. Carlsen bygde seg eit stort hus og vart snart velkjent for for å ”ferda te” både badebasseng og krokettbane i den store hagen. For det var uvant for jærbuen med slik ”luksus.” Torger Skretting bygde tomannsbolig for sin familie og foreldra. Skretting selde eigedommen midt i 1966, og inn flytte den tidlegare timebuen Jostein Norås med familien sin.

I 1969 tinga Jostein seg eit spesielt tre ved hjelp av planteskuleeigar Torstein Braut. Treet vart kjøpt i Holland, og det var så dyrt at lenge kom ingen pris på fokemunne. Det var det første Apens skrekk som kom til Kleppekrossen, og Jostein Nordås hadde fått eit nytt og eksotisk tuntre å ta vare på. Men Jostein døydde i 1971, og fekk ikkje fylgja med korleis treet vaks seg stort og høgt, til det i dag må vera kring 10 meter høgt. Sonen, Reiar Norås, fortel at dette treet har ei spesiell tilknytning til minnet om faren. Han håpar det får veksa vidare tross utgraving og nå i meir ope og kjøligare buplass enn då det stod trygt og lunt i heimehagen. Det er i så måte eit pluss at treet er blitt så stort og gammalt (44 år). Apens skrekk er eit varmekjært bartre med sylkvasse nåler og kjem frå Sør-Amerika. Mange går til grunne i nordisk klima.

Treet til Jostein Norås som er blitt eit symbol for Kleppekrossen. Det er heller ikkje hemmeleg lenger kva treet kosta på den tid; 175,00 kroner!
Dei før så velstelte husa og hagane i Apeloen stod si siste levetid helst ”gøymde,” og vart dekka med meir og meir lauv medan buskar grodde vilt. Til eit melankolsk syn for ein som var innom med kameraet før nok eit stykke av opprinnelege Kleppekrossen går inn i den nye framtida. Ikkje eit strå, ikkje ein blom, eller andre sådde og naturlege spirer står att. Kleppekrossen er i sterk endring; der omfattande firkanta bolighus skal dominera. 3 alt nå historiske hustomter går same vegen, grensande til Skulehagen, heitande Apeloen. Men i kanten av Kyrkjebakken ser Apens skrekk litt bortkomen ut.

 

 

Svein Efteland, Klepp historielag

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...