Kolonialhandelen i Klepp 1860-1920

06.08.2012
Kolonialhandelen i Klepp 1860-1920
Kleppekrossen fra nord ca 1935

Første handelsverksemda i Klepp starta opp på 1870-talet. Fleire slo seg etter kvart til med ein liten landhandel i og kring Kleppe og Klepp stasjon, men også i Voll-Bore krinsen og på Orre.

Nokre varde ikkje så lenge, og nye kom til. Enkelete kleppsfolk fekk seg ein liten landhandel også i Sandnes og i Stavanger. Så tidleg som i 1864 prøvde Isak I. Høibakke seg på handel i Kleppekrossen. Heradstyret var imot, men Isak fortsette likevel. På same tid tok Johannes Nilsen Orre fatt med handel på Orre, medan Ingeborg Andreasdotter Liane etablerte ei krambu på Meland noko etterpå. Handelsmennene kjørte som regel til Sandnes og Stavanger  med hest og kløv / kjerre og henta heim varer som var nødvendige til liveberging, men Ingeborg gjekk til Sandnes og bar varene heim på ryggen!

Det vart så etablert to forbruksforeninger i Klepp; ei i 1869 og ei i 1871. Den siste stod Malena Kleppe og sønene hennar for, til Ole Carlsen Kleppe overtok. Denne gjekk ut og Ole dreiv etter dette privat handel. Etter Isak Høibakke overtok Johan og Gabriel Gabrielsen Kleppe krambua, og det var denne den velkjende handelsmannen i Kleppekrossen, Adolf Hatteland, kjøpte saman med heile gardsbruket på 1880-talet. Adolf vart den største av alle i Klepp, og konkurransen han hadde av Lars A. Tjøtta (Flinta-Lars) i nabohuset var liten, og Lars måtte gje opp handelen i Krossen. På Voll var skipa Samuel Andfindsen handel frå 1907 og Hjalmar Dahlstrøm frå 1910. Samuel sin landhandel gjekk seinare over til Voll Handelslag nokre år etter. Bore fekk ikkje varehandel, og handla på Kleppe og Voll. Også på Orstad var litt handelverksemd, og enkelte småsalg dukka opp til tider andre stader også.  

Elles hadde Peder Å. Anda, Thomas S. Anda og Albret Thu landhandel på Klepp stasjon, som i 1908 vart Klep Forbrugsforening. Elles kom Klepp Handelslag i gang i 1919 i Kleppekrossen. Det vart også lagt planar for eit stort handelslag, med filialar på Klepp stasjon, Orre og Voll, men dei på stasjonen ville slett ikkje ha med dei Kleppe å gjera, og ville stå på eigne føter.  (Samanslåing vart ingen realitet før i 1981 (Klepp st) og Voll og Orre i 1990).

Redaktør -

Nyheter

Magdalenahuset i nytt opplag

Magdalenahuset i nytt opplag

Når familiehemmeligheter fortsatt skulle ...

Jeg er fremdeles her trykkes for tredje gang

Jeg er fremdeles her trykkes for tredje ...

Sterk og viktig om fysisk og psykisk vold ...

Ja, Ka & Vi i Kråkeslottet er populært blant de unge

Ja, Ka & Vi i Kråkeslottet er populært blant ...

De unge detektivene får et nytt mysterium ...

Engleglans og pillefygerter i nytt opplag

Engleglans og pillefygerter i nytt oppla...

Den gang da livskvalitet, samhold og fellesskap ...

Dagane går

Dagane går

Dikt og bilde heng saman i eit heile. Orda, ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...