Klepp historielag runder 25 år

30.04.2012
Klepp historielag runder 25 år
Steingardbygging på Bore under krigen i samband med Festung Norwegen for å hindra engelskmennene i å koma fram med krigsmaskinanane sine. (Foto i eige Torfrid B. Hetland).

Tida går fort. I år er det 25 år sidan Klepp historie- og ærttesogelag vart stifta med Johan Sørbø som leiar og Bernhard Bore, Asbjørn Jakobsen, Marta Nærland og Ingvar Aase som styremedlemmar.

Varamenn var Liv H. Løvik og Folke Ravndal. Det kom i gang faste møter i Folgehuset på Haugabakka og turar ut i distriktene. Det vart kurs i ættegransking og gotisk skrifttyding, og frå 1989 vart laga eit årshefte, som kom ut annankvart år framover, der Gunnar Borvik visste å få til eit kvalitetsprodukt der fleire forfatta sine bidrag om ulike emne.  At det kom i gang produksjon av film frå jordbrukslivet i Klepp me kan kallast litt av ei bragd.  Seinare vart det film om tarebrenning, med pådrivarar som Asbjørn Jakobsen og Bernhard Bore.  Bidrag vart gitt både av Klepp Sparebank og av kommunen. Dette er eit løft me har grunn til å vera stolte over og har selt mykje av desse.

 

I 1990 vart Folke Ravndal leiar, og i 1996 Gunnar Borvik.  I 1994 hadde me 60 medlemmar, og Folgehuset vart for lite.  I 1998 og etter den tid har me hatt møtene på Fredheim. Medlemstalet har auka for kvart år, og ligg i dag kring 275. Folk møter trufast opp og når populære kåsørar er å høyra vert lokalet her ”sprekkeferdig” og vel så det.

 

Bernt Øvregaard vart leiar i 1999 og fram til nå. Årsskriftet vart ei heil bok gitt ut frå 2007 årleg, ennå med Gunnar Borvik som primus motor, der mangt og mykje interessant Kleppshistorie er kome fram i dagen. Dagmerket på Reve fekk me opp på nytt i samarbeid med Kystlaget, og mange andre oppdrag er gjort i regi av Klepp hitorielag, som skifta til dette namnet for nokre år sidan. Laget har også hjelpt til med vakthald på Bygdemuseet på Haugabakka.

 

25-års dagen vart feira på Orre Samfunnshus i mars i år, der over 110 personar kom til ein ekstra gild festkveld, leia av Bernt Øvregaard. Birger Lindanger, leiaren i Rogaland historie- og ættesogelag heldt festtalen. Den handla om kvardagslivet og samfunnsstrukturen på 16-1700 talet, då dagane var tunge og slitsame for mange på Jæren. Andre som kom med innlegg var rådmann Svein Tore  Åtland, Folke Ravndal, Ingvar Aase, Johan Magne Vik og Svein Inge Årrestad. Bernt Øvregaard og døtrene hans, Marianne, Mona og Liv, song og spelte, saman med Liv Skrudland.  Svinesteika og sviskegrauten var på topp. Blomar gjekk til pionerane i laget, og til andre som fortente det, både for godt arbeid i laget og som laga festen så minnerik.  Me ynskjer Klepp historielag lukka til i framtida.

Svein Efteland

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...